Stiv som ein pinne

Når ein vakner på natta og er stiv som ein pinne
Kjenner at snart så vert kroppen fullt av sinne
Ein kreker seg or senga for å ta seg ein pille
og kjenner at no helt ein nesten på å trille

Inn på kjøkkenet for å ta ut tabletten
Då høyrer ein att katten alt er på alerten
Han krafser på døra og mjauer og skrik
Skulle tru at han minst hadde litt meir vit

Eg kjenner at no må eg så veldig på do
Orker ikkje mating og kattejammer no
Eg ser ned på klokka,er ho fire eller fem
Eg vil verre legge meg i senga igjenn

Klokka er faktisk ikkje meir enn halv to
litt av ei tid å måtte sitte på do
Eg seier til katten,du får berre vente
Her er det aldeles ingen nattmat å hente

Eg tutler i seng og har sove til no
Katten har fått mat og her herskar fred og ro
Ute hører eg ein med motorsag
han er nok i bedre humur enn meg idag

God lørdag:-)

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg