Vil berre sove

Trur eg har fått sovesykja med halsbetennelse:-)
Aner ikkje kva virus eg har fått,men er berre trøtt og har vondt i halsen.
Tett i nasa og ellers tett i pappen og meiner sikkert mange

Slitsomt,og vurderer legebesøk.Er vel tida for slike ting no antageleg

Hadde frisørtime igår,så tenkte at den fekk eg prøve ta om ikkje anna

Fjerne midtstripa.
Er berre på vegane det er populert med midtstripe.

Frisøren var snill og tok munnbind på seg,så fekk eg ta av mitt :-)Litt enklare for begge parter.

På med munnbind før butikk og innkjøp.Best å ruske med det ein treng mens ein alikavel er ute.
Godt eg fekk maten ihus igår kjenner eg.
Følte meg bedre i gårkveld..Hipp hurra og alt er bra…
Det kan du berre innbille deg,sa kroppen min tidleg på morningen.Her er det eg som bestemmer.
Har ikkje feber trur eg.Kan vere trøsta.
Ikkje så mkje eg kan gjere utenom å ta det med ro.
Kjende det var godt med varmt drikke
Ute har det vore stiv kuling og regn.Ruska godt ,så nydeleg innever

Ha ein fin dag:-)

Rekreasjon for kropp og sjel

Ingenting er som å rusle tur i nydelig solnedgangLa tanker og frustrasjoner komme ut.
Føle at ein tanker krefter og er klar til neste dyst.

Puste djupt inn.
Nyte den vakre naturen,den milde brisen og tenkje att..
Eg elskar jobben min,har ein flott arbeidsplass med stor takhøgde og igrunnen så er eg ikkje så verst sjølv heller

Mandag morra blues

Klokkesnuen har påvirka meg på ein eller annan måte.Sånn uten at eg vil det er eg tidlegare våken og legg meg tidlegare.
Sånn vanlegvis altso.
Kan vere det endrer seg med tida.men kva skal eg opp for 07 når eg skal på sein.
I dag tvinga eg meg til å ligge litt lenger.
Kanskje det er ein bra ting.Ikkje veit eg

Småkaldt ute idag,men meldt regn og vind att,så mildveret er vel om hjørnet

Må kaste alle blomstene eg heiv ut på altanen igår.Grøsser ved å tenke på all lusa

Men var igrunnen greit å få vaska vindu å få opp andre gardiner.No er no det gjordt
Har eindel grønne store planter i dusjen.Burde kanskje fått ein omgang med grønnsåpe i tilfelle dei og har lus..
Får ta på meg brillene når eg sjekker:-)

Fekk seld litt lodd og igår,så får gi boka vidare til neste på lista.Har litt att,men kan ikkje gå denne veka.Orker ikkje,rettare sagt

Litt godt og å ha god tid til avslapping og fundering på morningen.
Litt tidleg for kroppen med bevegelse:-)
For tidleg for meg med tur og.Litt mørkt endå.Frose på bilen.så sikkert litt for kaldt og:-)Gjeld å psyke seg ned:-)

Ha ein super mandag:-)

Lus i hus!

Ikkje på meg altso.
Blomstene mine har sett litt pjusk ut nokre dagar,så tok på meg brillene for å sjekke

Herre jemeni…Skal sei der var selskap.Krydde av lus heile fjøla,så det er nok ei stund sidan dei kom i hus

Så no er eg blomsterlaus

Men har fått nyvaska glas og bytta gardiner.
Blomstene er kasta og gardinene vaska…usj….var rett og slett utriveleg

Fekk koseleg besøk av eldstemann og eldste barnebarnet.
Fyrt i ovnen idag.Gjer eg det kan eg ikkje bruke kjøkkenvifta.Då vert det nedosa.
Det vart det likevel ..Skulle lage middag i full fart.
Inn med kotelettane i steikovnen.Litt høg varme..Det skulle gå fort…
Opna døra til steikovnen for å snu stakkarane….Valt jo ut med os,sidan vifta ikkje var på starta jo røkvarslaren….
Att med dørane ut i gangen.Opp med døra ut..Spetakkelet ga seg fort,men å få ut osen av huset tok lenger tid.Åpna kjøkkenglaset…
Midt i kaoset kom besøket..
Sa barnebarnet fekk late som vi var på tur i skodda:-)

Jaja…sånn går no dagane.
Rusla meg ein rekreasjonstur etter dei var gått..

Rekreasjon for kropp og sjel
Blåtimen

God morgen:-)

Sit no her som vanleg med kaffikoppen min og funderer over livet
Litt grå dag idag.Igrunnen heilt greit.Litt grå eg og.

Har ingen plana anna enn å ta livet med ro.
Rusle meg ein tur i vestlandsbunaden

Oppdage nye ting som eg ikkje har sett før

La merke til den her på eit tre igår.Kva skal det bety?? Ikkje sett den før,men kan ha stått der lenge uten at eg har sett den.Går som regel i mi eiga verd.

Maskorama er starta igjenn.
Artig konsept,og fin familieunderhaldning.
Eg er ikkje flink å gjette,så det overlet eg til andre
Såg den litt seinare på nett.Kan ikkje alltid få med meg alt,så litt greitt med nettet:-)

Trur eg skal bruke dagen til å lese meg opp litt.
Litt fagstoff og litt krim kanskje:-)Høyrdes ut som ei litt suspekt blanding når eg ser det på trykk.
Men syns det er god avslapping.
Kanskje selje lodd til basaren på jobb.Men det får eg ta på ei tid folk syns det er ok at nokon ringer på døra.
Ikkje så glad i å selge lodd,ærlig talt.Men må ein så må ein

God søndag

Litt trim skader ikkje

Ufatteleg mykje kvist som ligg rundt hagen etter at dei rydda under strømlinjene….
Etter tur og masasjepute fann eg ut at kanskje trim var tingen
Fram med kvistkuttaren

Ikkje store kvisten den her tek,og det tek tid…lang tid
Men det har eg igrunnen nok av.Opphaldsver uten sol.

Jobba altso i timesvis med denne haugen av kvist eg.Men for psyken gjorde det underverker
Gjorde godt for kropp og sjel.
Vart iallefall ikkje verre,og sikkert ikkje bedre i musklane.Men psyken er vel så viktig:-)

Held på til regnet kom.Mykje å ta av så kan verte mange behandlinger for psyken med denne jobben.Slepp gå til psykiatiker.

Tok på meg vestlandsbunaden og gjekk meg ein rist laus tur..
Tatt meg eit langt bad.Det kjende eg gjorde godt for spent musklatur:-)

Laga meg pizza og benka meg i sofaen.
Lørdagskveld 🙂
Dei galne har det godt

Stiv som ein stokk

Kjennes ut som, og ser ut som og,ærlig talt,om eg har svalt ein pinne
Pinn stiv frå toppen og langt ned…
Går seg vel til i løpet av dagen.
Får inn til naboen og låne massasjeputa.
Vondt skal vondt fordrive,og vert iallefall ikkje verre.
Men ikkje endå…Naboen er sikkert nett oppe og vil ha fred og ro.Det same vil eg.
Så no er det kaffi og oppvåkning og litt strekk og bøy

Håper på litt godver idag.
Har behov for frisk luft.
Litt kjekkare å vere ute i sola enn i regnet.Bevegelse gjer underverk med kroppen.

Det vert stadig fleire og fleire single i Norge les eg i avisene.Over 1 million..
Kanskje nokon syns det er greit å vere single.
Andre kanskje ikkje.
Men verden er jo stadig i endring.Ein skal jo finne ein person ein trivast med og har det bra saman med.Visst ikkje er jo singellivet det beste,tenkjer eg.Kanskje vi stiller for høge krav.Men det gjeld jo både menn og damer.

Ha ein fin lørdag.
Eg må berre mjukne litt først:-)

Endelig helg

Sliten.
Då er det kos å krype opp i sofaen.
Sjå 71grader nord på dataen.
Fekk den ikkje med meg igår.
Nydelig natur
Sognefjorden og landskapet rundt på sitt beste

Vakna stiv som ein pinne og med stramme muskler heilt på toppen og inn i hjernen trur eg..
Her må ein berre legge på.
Men klarer ikkje vri på hovudet.
Påan igjenn ..Fram att med voltarensalva.
Begrip ikkje kva eg styrer med i søvne..

Mett og god.
Åt opp dei siste potetene frå eiga avling..nesten trist..
Var gode.Ja hadde jo noko til🐵
Trur eg skal fyre i ovnen.
God fredagskveld

Tilbake til normalen

Slutt på høsttemperatur og tilbake til frosne bilruter og påminning om at snart er vinteren her for fullt.
Nydelig ver ute,det skal seiast.
På med lue og jakke og ut på ein liten tur om litt
Først må gamlemor og kroppen vakne litt.
Kaffi og avslappingsstund:-)

Seinvakt heldigvis.
Snart helg og eg kjenner at det skal gjere godt.
Prøver fortsatt og ikkje ete sjokolade:-)Utruleg kor vanedannande det er med søtsaker.
Blir jo omtrent like hissig av denne avvenninga som røykestoppen for 6 år sida:-)
Til og med eg skjønner at ei plate sjokolade om dagen er usundt og vekta den steig jo til himmels:-)
Men men…trur tennene og tannlegen kanskje syns det er på høg tid med litt måtehold:-)

Ut på tur om litt.
Ha ein super torsdag:-)

Skallebank:-)

Kjennest ut som eg har vore på fest 🙂
Har ikkje det altso.la meg tidleg og vakna med hovudverk og snufsete
Mulig eg er smitta i helga.Kva veit eg.

Men vi får håpe det roar seg ned når det lir på dag.
Klokkesnuen har ført til at eg er tidlegare i seng og tidlegare oppe. Sikkert ikkje så dumt.

Men eg må innrømme at mørke kveldar ikkje er eit pluss.Ein time gjer mykje det.
Må passe på å ha lommelykta med overalt eg går.

Gråveret har overtatt att og gårsdagens opphald kan ein sjå langt etter.
Her gjeld det å nyte øyeblikka.

Smittetala i Norge og verden berre aukar.Koronaen er på veg opp att,og det bekymrer meg.
Influensa og RS er og i full blomst Kan verte stort trykk på sjukehusa framover.
Kan vel kanskje gå mot nye nedstengingar visst det fortsett

Her vert det nok roleg tempo og kanskje ein regnverstur før jobb.
Håper at det dukker opp litt arbeidslyst