Lus i hus!

Ikkje på meg altso.
Blomstene mine har sett litt pjusk ut nokre dagar,så tok på meg brillene for å sjekke

Herre jemeni…Skal sei der var selskap.Krydde av lus heile fjøla,så det er nok ei stund sidan dei kom i hus

Så no er eg blomsterlaus

Men har fått nyvaska glas og bytta gardiner.
Blomstene er kasta og gardinene vaska…usj….var rett og slett utriveleg

Fekk koseleg besøk av eldstemann og eldste barnebarnet.
Fyrt i ovnen idag.Gjer eg det kan eg ikkje bruke kjøkkenvifta.Då vert det nedosa.
Det vart det likevel ..Skulle lage middag i full fart.
Inn med kotelettane i steikovnen.Litt høg varme..Det skulle gå fort…
Opna døra til steikovnen for å snu stakkarane….Valt jo ut med os,sidan vifta ikkje var på starta jo røkvarslaren….
Att med dørane ut i gangen.Opp med døra ut..Spetakkelet ga seg fort,men å få ut osen av huset tok lenger tid.Åpna kjøkkenglaset…
Midt i kaoset kom besøket..
Sa barnebarnet fekk late som vi var på tur i skodda:-)

Jaja…sånn går no dagane.
Rusla meg ein rekreasjonstur etter dei var gått..

Rekreasjon for kropp og sjel
Blåtimen

4 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg