Når alarmknappen lyser

Sat og funderte med kaffikoppen på morgonstunda..
Er vel ikkje normalt å verte så utafor av ein vanleg forkjølelse…?
så tenkte eg…
Er det normalt for meg å berre sitte på reva og ete sjokolade?
Er det normalt å skjelle ut ein døv katt etter noter,kvar dag og fleire ganger for dagen?
Vel og merke er han masete,men alikavel?
Og kor vart det av overskuddet?
Kor vart det av det vesle snevet av tolmodigheit som eg normalt har? Vorten rolegare med åra..
Men i det siste har eg hatt null tolmodigheit..Lemmenet i meg har fullstendig overtaket
Søvn har det vore minimalt med…lunta er veldig kort fortida..
Eg ringde legen..Best å gå før forstanden reiser heilt vekk og eg vert uten filter…Det er ikkje å anbefale
Legen trudde eg trengde ein kort time out…Eg er einig
Viktig å lytte til signala frå kroppen
Kroppen varsler som regel om at no er det nok.
Vi må berre vere flinke til å kjenne og sjå signala.
Ta kroppen vår på alvor
Kropp og sinn heng saman.
Av og til er det kanskje tid for å gi seg sjølv ein liten time out. Det hindrer kanskje den lange sykemeldinga.

Det gjeld å ikkje gi opp.Er der liv er der håp

Treng ofte berre ta oss ein pause frå det som gir kroppen stress og heller fokusere på andre ting som gir ro i sjela
Gjeld å fokusere på det positive og ikkje gi opp,sjølv om ting av og til går på halv åtte.
Er berre å klamre seg fast:-)
Ha ein fin kveld

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg