Skøyteis….😂

Livsfarleg skøyteis på vegen før idag
Rett og slett speilblank skøyteis…
Kjøpte meg brodder igår heldigvis😊
Til å med vanskeleg å føte seg med dei på
No kom no saltbilen med tid og stunder.Snøa litt oppå.Så gjeld å ikkje bremse
No skin sola❤

Må kanskje snart gjere eit nytt forsøk på å komme inn i bilen
Den har forskansa seg☺
Totalt beinfrosen
Kan ikkje gi opp ☺

Stormtur😙

Er så populært med tur i storm og uver så tenkte eg fekk ta meg sammen og rusle iveg

Vore ein lang dag på sjukehuset
Skikkeleg pisseføre så var sjeleglad eg fekk nokon til å køyre meg.
Ellers hadde eg no vore der fortsatt i vent på lov å køyre…skulle ikkje det idag😉

Må sei turen sat langt inne.
Var mørkt ute.Bles liten kuling og regna
Ikkje glad i mørkna så bestemte meg igrunnen for å ikkje gå.
Fann meg litt mat og kraup opp i sofaen
Men der sat gale Lise…
Eg fekk så øyrene flagra.
Gjekk ned i kjellaren.Fann fram lommelykt.På med vestlandsbunaden og rusla iveg.
Det gode med motvind i starten er at det går som det susar heimatt☺

Og turen gjorde godt den❤
Det er berre å komme over den dørstokken

 

Vintertrim😊

Vakna til vinter
Om ikkje anna så er snøen vakker å sjå på og eg får trim med snømåking

Heldigvis ikkje dei store snømengdene .nett sånn passeleg trimøkt.Klapa meg sjølv på skuldra:-)Flink jente
Kjekt å vere ute i frisk luft når veret er så flott som idag

Is og glatt på vegen.Meldt regn …
Gruar meg skikkeleg til 9mil på glatte smale vegar imorra…
Men må på sjukehuset så har ikkje noko val.
Var jo då ein skulle budd i urbane strøk der det går kollektiv trafikk.
Er her er kaver meg opp over både miljø og vegavgift og all snakket om å reise koĺlektivt.
Hadde reist kollektivt kvar dag eg hadde eg hatt eit val
Bur heller ikkje i gåavstand anna enn til naturen☺

Fekk koseleg middagsbesøk.
Sjølv om eg ikkje er den store kokken får eg no til toro sin lasange☺😎Og dei åt no så antar at den gjekk an..Eller dei var ihelsvoltne,,,Mulig:)
No er det føtene på bordet.
Anno og Farmen😊

Dikt

No er vi starta på tjuesytten
Håpar tankane gjer same nytten
At eg ikkje berre vert surrande rundt
Men klarer å bevege meg og ete sundt

Snøen kom med det nye året
Så no går eg rundt å klør meg i håret
Kor i all verden er snøskuffa mi
Og kvifor lærde eg aldri å stå på ski

#dikt#humor

Snart eit nytt år

Har ikkje akkuratt vore min dag idag.
Jobba seint igår og skulle på dag idag…
Sleit med søvnen og måtte på kontoret.
Idet eg skulle passere dørterskelen til soveromsdøra trakka eg feil
No har eg i 20 år hatt ein tynn kabel liggande inntil vegge festa med slike små klyper..
Igrunnen ikkje tenkt over dei før inatt då eg trakka den eine inn i helen…
Fy f….seier eg berre.
Fordelen med slike festa greier er jo at ein får dei ut att.
Drittilt og blødde gjorde eg.
Fortsatt litt ilt og slit med ganga…

Klarde meg merkeleg nok uten dei store fadesane på jobb.trur eg…

Rusla meg ein tur etter jobben…
Pingsa iveg er vel rettare☺

Var herleg.
Har hatt koseleg middagsbesøk.❤
Men klarde jo selvfølgeleg å slå kokande vatn over venstrefoten

Sjølvplaging er inn.
Har såte med kald våt klut over foten i nokre timar…
Ikkje min lykkedag…
Ete for meg og fleire…
Ingen styring på matinntaket
Godt det går mot lysare tider.
Må ta meg skikkeleg ihop skal dette gå bra.Burde igrunnen ikkje nemne det meir når eg er så korka…

Kongen si tale var som vanleg jordnær og fin.
Liksom ikkje noko høgtsvevande fraser der i gården.

Ynskjer alle eit strålande 2017

Influensa?

Har hatt slik forterande hovudverk idag..ikkje vore heilt i strøk 😐
Prøvd med mykje frisk luft men hjalp liksom ikkje
Men no er gamla potte tett og fått rennande nase..
Veldig festleg…
Hovudverken vil liksom heller ikkje sleppe taket..
Håper på at det er forbigåande og ikkje influensa…
Får sjå set an…er det legen plar sei☺

Tatt paracet .Funne fram trøstefor og vikla meg godt inn i teppe..
Det går seg nok til
Kos film på tv.Likar desse koselege filmane frå nokre år tilbake.
Fattigmannstrøst er å trøste seg sjølv
Har no i det minste tak over hovudet😊

Utruleg kor sjølvopptatt ein kan bli
Våpenkvile i Syria seier dei.
Håper det stemmer.
.
Grusomt med så mykje nød og lidelse
Her har vi heldigvis kun vind og ruskever.
Vi er heldige og håper det varer.
No får eg legge meg nedpå litt kjenner eg.
Ha ein fin kveld☺

Må få meg ny hobby

Vert litt for mange tepper.
Er liksom så enkelt å halde på meg😐
Treng ikkje tenkje og ikkje sjå så godt heller.
Men er no ei grense kor mange ein treng

Starta på eit nytt og må vete
Men no bør eg kanskje bruke vetet😀

Har jo nokre heklegardiner eg held på med…men det dreg ut…
Burde nok heller fått dei ferdige visst eg skal drive med noko..
Jaja…skal skjerpe meg.
Gledar meg til våren og lysare kveldar så eg får litt overskudd og får bevega meg litt..
Vekta berre aukar..
Er ikkje rart for sit stort sett på reva og et…
Liksom ikkje den store energien for tida…
Skummel retning..
Trur eg bør ta meg ein alvorsprat med meg sjølv og få litt struktur..
Har eg klart å slutte røyke må eg no vel klare dette.
Er jo det mentale som sviktar…
Skikkeleg lyst å gjere noko med situasjonen….
Får jobbe med saken
Er litt fortærande å vere så svak i viljen…
Får starte å psyke meg opp..Kan ta si tid🎂

Hi o hoi😀

Kom no gjennom dagen uten å gjere ska på nokon .trur eg
Ikkje alltid det eg trur stemmer med virkeligheita.
Dagen fauk no avstad men må ærlig sei…
Hærlig å vere ferdig to.
Fann ut eg måtte komme meg rett ut på runda mi før eg sette meg..var nok lurt

Vinden har auka på at og er ganske så surt ute
Men var igrunnen flott turver

Åt altfor mykje til middag selvfølgeleg
No er det god fyr i ovnen…eg har krope godt opp i sofaen
Nyt tilverelsen med data.tv kaffi og smågodt…
Får prøve å unngå å sovne😲

#humor#ironi

Uff eg må tidleg opp

Skulle vore forbudt ved lov å stå tidleg opp som b menneske😊
Torer jo ikkje heilt sove skikkeleg i panikk for å forsove meg
Men har sove veldig lite inatt…
Har fått i meg masse kaffi og frukost.
Mett og god og klar for seng og søvn…
Men istaden er det ut å køyre og dagvakt…
Går seg nok til…på eit vis😐

Romjul😙

Sit og koser meg i sofakroken med kaffi og litt lesestoff før jobb
Stormen har stilna.
Huset står og litt kjøligate ute.
Men er jo snart januar.

Det blomstrar i hagen til ho mor
Syns det er artig sjølv om eg er blitt stor