Godt med langfri
Heile 3 dager
Kanskje ikkje så mykje men det gjer seg
Pappa fyller 80 idag så vi har feira
Gode døtre bakar.Så det tok datter nr 2 seg av
Steike flink.Den var berre lekker:-)Ho har bakt fleire:-)
Eg er eldst og totalt blotta for husmorgen…
Får halde meg til å ta av og på bordet
Datter nr 3 tek seg av maten lørdag…
Her feirer vi skikkeleg må vite
Dagen idag var kjempekoseleg
Håper gjestane og syns det.
Såg ut som jubelanten kosa seg
No glømde eg heilt å servere eine gjesten…
Passa på at han fekk kopp og fat…Starta bra
I det eg skulle hente kake vart eg heft…
Og der sat stakkaren…Ikkje sa han noko heller og han venta veldig lenge…..Tolmodig kar
Oppdaga det no til slutt…før han måtte starte på blomsteroppsatsen eller gå att uten å få smakt noko i det heile:-)
jaja…sånn kan det gå når eg har ansvaret for serveringa
Litt småsurren på slutten…
Godt eg har ein dag å kvile meg på
No gledar eg meg til lørdag og resten av feiringa:-)