Julemysteriet .

No har vi lett i heile dag etter nokre flotte strikkasokkar med innhald.
Innhaldet var det trasigaste å misse.

No var det ikkje så lange stykke eigaren forflytta seg til fots..
Frå eine parkeringsplassen til den andre…
Men sokkane er borte vekk.
Bles jo godt så dei kan jo ha vorte tatt av vinden..
Trasig…men eg har no fått trimma.
Sånn ekstra juleaktivitet…

No for lyset..skal vere vekke ein time..
Var vekke før idag og..Lenge sidan sist vi opplevde å vere straumlause lenge..
Men ikkje så rart i dette veret.
Har no fått kveikt litt lys

Trur kanskje eg får slå på batterilys i tillegg.
Ruskar godt rundt husnova men er mildt ute..
Er no litt kos med levande lys og fyr i ovnen.

Får heller leite vidare etter desse sokkane i morra…Dei er fordufta å eit merkeleg vis…

No har eg fått att ls og har igjenn kontakt med overda…

Kan no vere det forsvinn att.

Trur eg skal legge meg på sofaen og sjå tv…No er det den spanske flue…Kos den men er ikkje så lenge sidan eg såg den sist:-)

Bææææ

Fekk meg bilde til jul😊
Erstatning for manglande katt
Vart litt usikker om dette var eit bilde av meg sånn i overført betydning..
Ser eitpar likheitstegn😁

Får slenge på litt visdomsord frå Urdal

Julefred

Nett kommen heim etter koseleg julekveld med familie.
Skikkeleg kos og fått brukt lattermusklane😙
Ute ruskar vinden godt og er glad eg slapp køyre langt…
Men trur eg har ete for heile veka…
Smellgodt var det rett og slett.

Kjekt å samlast og berre prate og kose seg.
Ikkje så ofte ein gjer det lenger 😐

Fekk meg støvler😙
Har snakka om å kjøpe det lenge men har liksom ikkje vorte…
Hadde ikkje forventa å få heller.
Godt fornøgd med gaver og hatt det koselig..
Det siste er det viktigast..
Hunden stakkar fekk ingenting..
Så i rein protest beit han hovudet av ein liten julenissen
Skjønner ho godt eg…Kan verte sur av mindre❤

Litt godt å komme heim i sofaen
Berre senke skuldrane og slappe av.
Ute bråkar vinden det beste han kan..
Her har eg funne fram julesnopet

Redd her må harde innskjerpingstiltak etter nyttår❤

Fått bok
Ord i tide og utide av Fritjof Urdal

Flott.Mykje fornuftig der
Anbefalast❤

Veslejulafta

Tid for ettertankedag for meg..
Slike dagar kjem utan forvarsel.
Sikkert på grunn av lite søvn.o heiliga natt på tv…då kan ein jo felle litt fleire tårer.
Av og til må følelsane ut…
Kva og kvifor er ikkje så nøye.
Skulle dra over golva men so langt er eg ikkje kommen..
Jaja
Har no fått opp julestrømpene..Må hjelpe nissen litt for ellers er eg redd det hadde vorte lite oopi strømpene her i huset

Store ungar må og få

Strømper for store og små
No trur eg at eg får dra over golva
Lysamaturet på badet takka for seg…
Kjent på ei lukt eg ikkje skjønnte kva var…glad det ikkje tok fyr
.så no er det batterilys på badet☺Her er eg romantisk om eg vil eller ei
Har liksom ikkje dagen idag..
Men i morgon kjem julafta..☺

God jul😙

Ynskjer alle ei strålande jul
Sjølv ligg eg litt for stormen i sjul
Da va då volsomt til ver vi fekk
Så idag var eg heller ikkje ute og gjekk

Berre ei vakt til så tek eg julfri
Har alikavel ikkje for vane å gå på ski
Så at jula ser ut til å verte grøn iår
Ja det gjev ikkje meg gråe hår

Meir bekymra for dei som er på vegen no
Snøstorm og vind den er ikkje berre god
Håpar alle kjem seg over til jul, og slepp og stå lenge for vinden i sjul

Ynskjer vi alle får ei koseleg juletid
Med fred og ro og null kamp og strid

Der medmenneskeligheit og kos  er det sanne
At vi og har tid til vår nabo og granne😐

God jul frå meg til deg

Forbaska uver:-)

Vorte lite med søvn inatt…
Vel likar eg meg bra i ruskever men fins grenser sjølv for meg..
Håper alt er bra hos naboen😲

Vart møtt av bøljeblekkplater på tur, i det eg svinga opp til meg sjølv igårkveld..
Lite eg fekk gjordt med dei aleine, men då er det greit å ha ein son som stiller opp kl.23 om kvelden…
Hadde stukke av frå veden..og ja..dei var godt festa..men ikkje nok tydelegvis…Vinden har sterke krefter
Men dei kom på at og har halde i nattas stormar…
Ruskar fortsatt godt ute og regnar frå alle kantar..
Kun tatt meg ein tur i garasjen og henta ved…og har ikkje planar om å bevege meg ut medmindre krise

Trur igrunnen dette er det eg skal fordrive dei nærmaste timane med…

Er nok litt smårydding eg og må gjere, men først må eg komme til hektene❤
Natta sitt rabalder frå naturen tek på..solsnu…
Eg gleder med til våren.
Ser på  v.erkartet.ingen slutt på uveret i sikte

Berre elendigheit

Her går det frå eine krisa til den andre

ja det er ikkje dei store krisene,men desse små som vi alle er plaga med til tider:-)

Først den gode nyheita..Musa måtte gi tapt…Skal ikkje fortelje om siansen det var å få den utav fella…Det er eit kapittel for seg

No har eg fortsatt fellene oppe, med stor fare for at eg skal misse ei tå..

Kan jo vere heldig at dette var den einaste musa,men er ikkje så sikker

 

 

Men etter at eg glad å letta hadde vorte kvitt musa ,så skulle eg jo på jobb.Hadde heldigvis lagt inn litt ekstra tid,for var tenkt å handle..

 

Skriv tenkt,for slik vart det ikkje…Bilen ville ikkje starte . Krise,,,.Ringde jobb i håp om at nokon skulle forbi her,men nei…Ikkje så mange som skal forbi meg..

Nærmaste naboen var vekke…så ringde den neste…Stakkaren var nesten kommen på butikken,men hørde nok krisa i stemma mi….for eg vart henta og kjørd  på jobb.Mulig det er startmotoren sa han,men ikkje sikkert. Såg formeleg  tusenlappane rulle.Det gjer dei no frå før av i desember…

No fekk dei no start att på bilen i løpet av kvelden…Kjekt med søner og eksar:-)Men der lyste ein rød varselkant…har den lyst lenge,sa min håpefulle…

Nei det hadde den altså ikkje..Eg kjører ikkje rundt med raude varseltrekantar  sjølv om eg nok er litt surren:-)

Fått fiksa det og…Mangle berre litt bremseveske,men sidan det fortsatt lyste var eg ein snartur bortom Fure.mek…Greie folk

No er det ingen krise meir og forhåpentlegvis får ikkje bilen fleire nykkjer på ei stund..Den er næmlig temmeleg dyr i drift og treng stadig vekk nye deler:-)

Tilårskommen den, nett som eigaren

#humor #ironi

 

Kor vart det av musa?

Visst nokon lurer på kor det går med musa som har flytta inn.,så lurer eg på det same.
Fellene er oppe men står der totalt ubrukte.
Den einaste som med eit nødskrik har unngått dei nokre dagar er eg…

Reknar ikkje med eg er kvitt museplaga😣vore mildt dei siste dagane så mulig ho er ute ein tur.
Må antageleg vere noko gale med plassering av fellene..Eller mulig eg har for dårleg utvalg i mat i dei..
Klok mus ser det ut til.vil feire jul..

Har ete sauehovud eg idag.Med kolrabistappe.
Skikkeleg kosa meg heil aleine.
Alt bosset er komme ut i spannet.
Tek ikkje sjangsen på at musa likar maten
Må igrunnen sei eg kikkar litt ekstra både her og der.
Forløbig er det 2-0 til musemor
Men eg gir ikkje opp😊

Gått meg ein tur i yr .Forfriskande.
No er eg klar for handballfinale og Farmenfinale..Travelt dette😊
,

Liver er slett ikkje verst❤Gjeld å finne gleda i dei små tinga

Funderingar i natta:-)

Likar å sitte slik og fundere over livet,strikke litt,sjå tv og berre la roa senke seg

Har drukke  vel mykje kaffi så er litt vel våken kan ein sei

Då eg var liten var eg A menneske.No er eg B eller eller C trur eg 

I skuleåra  var eg alltid tidleg oppe og livredd for å komme forseint til skulebussen:-)Det var dengang

No er livet vorten eit anna

Nærmar meg 60.Kor i all verden er åra vorten av.Tida flyg avgarde i ein veldig fart

 

 

Syns farten aukar  veldig på ettersom åra går:-)Klarer nesten ikkje fylgje med

Snart 9 år sidan eg vart bestemor.Gløymer ikkje den fantastiske følelsen.Trudde ikkje eg skulle reagere slik:-)

No har eg to barnebarn.Verdas beste selvfølgeleg .Myrsniper er vi alle når det kjem til våre eigne:-)

Har prøvd å rydde til jul no i 2 dagar men det går smått.

Har liksom litt for mange pausar

Var hos ho mor idag og rulla smoltringar

Trur ikkje ho har hatt så mange rare smoltringar nokonsinne.Men smakte fortreffeleg

Ho laga deig og sto for steikinga.Eg syns denne smolten er skummel.Men gjekk godt:-)

Litt kjekt å gjere ting ilag:-)

No burde eg nok gått å lagt meg ser eg av klokka, ellers så søv eg vel vekk størstedelen av morgondagen og

Noko er jo best å gjere i dagslys,og så lenge er det ikkje lyst på denne årstida og iallefall ikkje i regnver

Skitnesøndag idag, så lov å gjere både det eine og det andre:-)Kanskje eg og skal ha sauehovud til middag.:-)Og muligens så klarer eg å verte ferdig med det eg har bala med i to dagar:-)

Jula kjem no om eg er klar eller ikkje den

Må berre vaske over golva og få slengt å litt juledukar så er eg klar.

Ja må vel pynte treet og men rekk det før jul:-)

 

Julestemning?

Slit litt med å komme i julestemning iår
I fjor pynta eg tidleg..var liksom i humør til det
I år går det tregare.Jobbar med saken
Likar rød jul eg.Kanskje det er gammaldags men får så vere

Nissane har starta med å finne litt nye plasser.
Har pussa opp litt sidan sist og ommøblert..
Så kor skal dei no gjere av seg☺

Desse to er ganske ferske i flokken og held seg for seg sjølv

Kjekkast er det med desse som mor mi laga då ungane var små
Vaska i maskina og fått hard medfart men like klar for jul som alltid
Er kosen og tid til familie som er viktig for meg i jula.
Gaver og det materielle er mindre viktig
Ikkje alle gleder seg til jul
Nokon fordi dei då føler seg endå meir aleine
Andre fordi jula ikkje er så kjekk
Håper alle barn og unge får oppleve ei jul uten rusa voksne rundt seg som gjer livet uttrygt..
Ei jul der ein kan få føle glede og tilhørigheten  og ikkje angst og redsel

Mange tankar som svirrer rundt.
Glad eg leve i dette landet og ikkje i eit land der krigen herjar
Håpar vi kan det lenge endå

a