Imorgon er det tilbake til arbeid
Trur det er berre bra
Vert formykje stillesitting og eting
Er alt for glad i søtsaker
Skal berre ta ein liten bit og før eg veit ordet av det er det tomt
Trist verd vi lever i
Ny terror i London..
Er oftare og overalt.
Skremmer meg.Kva vert det neste og kven rammer det neste gang..
Godt eg ikkje forstår slik tankegang.
Verda er vorten tøff
Men vi kan ikkje stoppe livet av den grunn.Kvardagen går vidare og det er viktig å ta med seg dei fine augeblikka..
Kvaletetstid med familie og barnebarn er ein av dei tinga som gjev meg energi.
Same er det å rusle eintur i naturen eller på fjellet.
Var litt surt ute no..sakna pannebandet
Men gjorde no gått.
Litt sånn småsnufsen vorten…
Venter på litt temperaturstigning
Har funne plassen min i sofaen med pledd og bok
Nyheitene på tv og varmt drikke i koppen
Litt greit å slappe av og fundere over livet