Kven er dei?

Telefonen ringer til alle døgnets tider
No har eg varsling om spam
Men du veit:Når det først ringer eit utenlandsnummer..du lar vere å ta det og vipps så ringer det frå eit norsk nummer
Dei snakker alt mulig slags språk.
Av og til er det jo ein såkalla vanleg telefonselgjar..Er jo nokon som har det som jobb og.
Sikkert ikkje alltid like hyggeleg
Men så har du alle desse svindlarane
Er til å bli forbanna av igrunnen.Går utover mange

Godt det er frihelg:-) Kjenner at eg er mentalt klar for det
Har kosa meg med fangene på fortet:-)Godt å koble av å få bruke smilerynkene litt:-)
Har ete opp ein pose chips og..Det var meir unødvendig.Godt var det iallefall..
Skal faktisk vere godt å berre slappe av og la humla suse:-)

.

Berre elendigheit

Lite positivitet å spore i den norske pressa fortida
Gjenspeglar nok situasjonen rundt oss
Folk slit økonomisk og frys grunna høge straumprisar
Smitten breier om seg og smittetala stig
Kultur og utelivsbransjen slit og reknar med konkursar
Helsearbeidarane er utslitt og orker ikkje meir

Vi handler julegaver som aldri før
Nettbutikkane jubler
Men posten grin…Dei flyt over med pakker på utleveringsstader.

Posten til jul burde vore send i midten av oktober,for her er det post annankvar dag.
Akk Ja

Her går no varmepumpa.
Eg prøver spare strøm
Huset mangler totalt juleforbeedelser
Har ikkje handla gaver på nett
mulig det er derfor eg ikkje er i havn

Men det vert nok jul uansett
Mykje dårleg pinnekjøtt ser eg.
Det må eg og kjøpe kom eg på:-)maten er vorten generelt dyr,men mat må vi ha…

Det viktigaste av alt er at vi tek vare på kvarandre
Godtar at vi er ulike
Ser etter det positive og ikkje det negative..(det kan vere litt tøfft)
Prøve gjere kvar dag til ein god dag,for den kjem ikkje att

Ha ein super dag:-)

Kor vart det av juleforberedelsane:-)

Jau då.har gjordt litt idag.Men ikkje her i huset.Ser ut som eit kaos.Men no skal eg rydde tilside turnuser og etter kommunestyret i morra er det helg.Skal nok få rydda litt og få litt stemning i heimen
Koser meg i førjulstida.I jula skal eg jobbe.
Koseleg det og.

Vind ute,men mildare.
Kjenner at sjølv om eg var godt innpakka så var vinden litt gjennomtrengjande.

Brrrr.Må visst fyre i ovnen skal her verte litt koseleg:-)

Ser jammen ei sol på vermeldinga:-)Du verden…Men er jo innedag på kommunestyre,så den går eg glipp av.Einmeteren må haldast..
Håper vi snart har litt meir kontroll på pandemien:-)
Inntil vidare får vi halde oss mest mulig iro og ellers bruke munnbind.Varmer jo og ganske bra i denne kulden:-)

Koseleg og sitte inne og berre nyte roa:-)

Fann eit koseleg bilde på ein av facebooksidene eg er medlem av
Bestefar.
Han var farfaren min og eg husker han kjørde skuleruta.Fekk av og til vere med.Best husker eg at han køyrde drosje.Var med der og av og til:-)Koselege minner som dukker opp:-)

Ikkje sett dette bilde før 🙂
No trur eg at eg må få fyr i denne ovnen
ha ein super kveld:-)

Påan igjenn

No må dei som i gleden kasta meterstokken,kjøpe seg ein ny.
Var vel å forvente og låg i korta.Det å normalisere tilstandane midt i ein pandemi er ikkje så lurt.
For vi tok jo heilt av. Glømde både avstand og forsiktigheit. Sikkert å vaske oss på hendene og, for forkjølelsen har blomstra..
Jadå..Hos meg og.
No er reglane på plass att ilag med munnbindet.
om ikkje anna så tjener dei som lager desse rikeleg med peng.

Her må ein leite etter det positive.
Syns syns i utelivsbransjen som igjenn misser inntekta.Og alle som igjenn vert permiterte

Men er jo no i julebordstida at smitten sprer om seg.
Rundt her sprer smitten seg via skule og barnehage.Men vi kan ikkje leve isolert resten av livet.

Idag har eg endeleg fått ferie:)Men imorra er det kommunestyre,så eg får nyte dagen i dag:-)
Trur eg må prioritere litt julerydding både her og der.
Sove lite,så ein luftetur er nok lurt.Mulig det er broddeføre.Iallefall var det skummelt glatt utafor husdøra.

Kaffikoppen er god å ha kjenner eg.
Er mange tragiske branner no. Veldig trist
Kjenner eg får klump i magen.
Verden er ikkje berre snill og ulykker skjer.


Baka litt igår.så no er riflekjeksa på plass.
Kromkakene skal eg vente med.
Må kjøpe meir potetmjøl kom eg på:-)
Kjekt å ha til glutenfrie kjeks:-)
Er ikkje nokon storbaker.Har ikkje sju sorter,men dei som vi et opp.-)Har baka mykje til fuglane oppgjennom.
Ha ein fin dag:-)Skal prøve gjere min til det same

Fint folk et ute:-)

Sliten og stappmett:-)Nesten litt kvalm…Har ikkje matvet.

Har vore på Bambus i Førde og ete middag med dei nærmaste:-)Eldstemann er 45:-)nesten nådd meg att…Tida fyk jo.
Hadde privatsjåfør,eller to.Men Larris frakta oss begge vegar.Greit å sleppe å køyre av og til
Likar det igrunnen ikkje og det går seint

Koseleg tradisjon og møtast og ete middag sånn i førjulstida.Kva vi et er litt forskjellig.Bestiller det vi vil ha og betaler kvar for oss
Har vorte ein tradisjon .Avbrutt av restreksjoner i fjor,men sånn er no livet.

Var igrunnen greit avbrekk i turnuslesing.Kan gå i surr for nokon og einkvar.Midt i turnusen skal eg lese budsjett.Det er verre.Turnusen har eg fått dreisen på med åra.Iallefall sånn nokonlunde:-)

Skal ta meg ein time etterpå og.Tek lang tid.Lenger enn ein skulle tru:-)

Påatt i morra tidleg.Det kjekke med å sitte heime er at eg kan ta ein times luftepause midt i.
Det er ofte lurt..
Kortid eg skal ta resten av juleforbredelsane er eg litt usikker på.
Kanskje eg starter etter kommunestyret på torsdag..

Spent på kva for nye regler vi får å forhald oss etter i morra.
Hadde på meg munnbind i Førde idag.
Like greit tenkte eg.
Er eindel folk og ikkje alltid ein klarer følge den 1meteren.-)

Rart å tenke på kor lenge sida dette bilde er tatt.Følest ikkje sånn.
Tida går kjempefort etter 30:-)

Kor vart åra av?


Eldstemann er vorten 45:-)Hipp hurra for han,men kor vart åra av.
Ser på bilde og tenkjer at…Ja eg var ung og gjorde nok mange feil
Har nok langt frå vore noko supermor og vegen har av og til vore litt bratt.
Men på tross av alt,så har no den vesle guten vorten voksen og har klart seg bra.

No er eg vorten bestemor til to…Eller besta…Er det eg vert kalla
Besta sit no her.Har frose så innmari på beina sidan igårkveld.Tjukke sokker og teppe,..Men er lita hjelp i .
Snø og vinter.Bles….Har høyrt plogen opptil fleire ganger,men aner ikkje heilt kor ståa er ute.

Det greie med å sitte heime og godkjenne turnuser er at eg kan starte på “kontoret” når eg vil..
Så nattarbeid er innafor…Kan likegodt jobbe med det,når søvnen er fråverande.
Har tenkt meg i bursdagsfeiring seinare idag og gjerne ein luftetur,så då må ein ha flexitid:-)

Basar igår,og julegrantenning.Kjempekos og vann litt gjorde eg og.Massevis av flotte gevinstar.

Var koseleg ettermiddag,sjølv om føret nok gjorde at nokon held seg vekke.Er jo og mange ting som skjer no i førjulstida..
Må planlegge kva eg skal tulle føtten inn i så eg får varmen i dei…Er fyr i ovnen og varmepumpa går.
Sokker og pledd ….Kanskje eg bør finne stilongs,og ullsokker under alt det andre:-)

Ha ein super dag…

Søndagmorgonblues:-)

Godmorgen:-)
Har vore oppe ei stund.Ikkje bevega meg stort,men drukke kaffi og vakna sakte men sikker:-)
2,Søndag i advent og jula nermar seg med stormskritt

Mykje vold i samfunnet no.Sånn ekkel følelse i magen.Ikkje noko god trend ..
Coronaen gjer stadig nye framstøyt og julemiddager og storfeiringer vert det lite med i år og.
Går desverre utover dei som treng det mest

Planlagd å gå meg ein tur,så snart det lysner.All småetinga mi set seg på ribbeina,og det før jul.Litt kjeks her,og sjokolade der.
Rolege og avslappande dagar.her er det null stress.
Burde nok ete litt mindre og bevega meg meir:-)

Blir med tanken.
Ikkje ferdig med julegavene og ikkje veit eg helt kva eg lander på heller.
men det ordner seg nok:-)

Ein eller annan ting er feil med min forståelse av mønsteret på denne gensaren…
Skjønner ikkje kva, så den får berre ligge.Må rekke oppatt,men vert ikkje no.Eller eg berre prøver strikke elendigheita vidare.Men ser ikkje rett ut:-)

Uff…Ikkje den store strikkaren
Får antageleg få veslesysta til å forklare meg elendigheita ein gang.
Lurer på om det er broddeføre ute,eller det går med vanleg skotøy:-)
Ikkje lyst å bryte lårhalsen ned første bakken:-)

Basar idag.Vert nok koseleg:-)
Håper på at folk tek turen til koseleg ettermiddagsstund.

Ha ein superfin søndag:-)

Bakedag med forviklingar:-)

Her hos meg har dagen bestått av snømåking og leiting
Innimellom har eg baka…og gått tur.Skikkeleg kosedag igrunnen

Starta dagen ute i snøkavet.Måka vegen ,og fekk naboen til å køyre eit ærend for meg. Hadde nokre gevinster som måtte på plass i grendahuset og såg med skrekk og gru på ubrøyta vegar..
Så eg gjekk heim for å måke min eigen,og tok meg ein liten svipptur i snøkavet.
Frisk luft hjelper på det meste hos meg.

Hadde store planer.Idag skulle eg bake potetmjølsvafler og riflekjeks…Til dei siste bruker eg kvern..
Det var der spetakkelet starta..Eller leitinga.
For eg meinte eg visst kor den var…Borte vekk.og deigen var klar.Så eg leita overalt på tenkelege og utenkelege plasser…Fant mykje rart ,men ikkje kverna,,,

Ga opp etter tre runders leiting og steikte potetmjølsvaflane. No er det mest etter mottoet det er smaken som tel,eg lager mat…
Smakte nett som dei skal:-)

Smakte fortreffeleg..
Men så vart det ny runde med leiting.Til å med leita nederst i kleskapet….
Ja de kan lure.Aldri hatt baketing der,men kva gjer ein ikkje i fortvilelsen

Ringde mamma.Er igrunnen hennar kvern..Ho fann den ikkje og meinte eg hadde den.Meinte eg og,men ..
så nok ei runde..snudde opp ned på alle bodane følte eg..
Inn til mamma for å forsikre meg om at den ikkje var i kjellaren hennar..Nei..
Så slukøra gjekk eg heim.Nok ei runde i boden..Bomtur

Hadde den store deigen,skulle rekke til heile familien,,,Eg laga andre ting av den eg…Kjeks altso…
Her er ein sort…
Vel ferdig og drittlei tok eg meg nok ein tur og såg opp i hyllene i eine boden….Følte den var der…
og der sto den…Attmed og tildels bak kassen med maleutstyr….Eg hadde vore der 6 ganger…Trur eg fekk leitehjelp til slutt..
Må nok til at med ny riflekjeksdeig…men vert ikkje ikveld for å sei det slik…
Imorra er det basar:-)

Skal bake kromkaker og har eg tenkt…Visst eg finn jernet:-)
Er heldigvis endå litt tid til jul-)

Brrrrrrrr….

Kva skal eg opp etter midt på natta,det lurer eg på.
Men sovna på sofaen igår,kolapsa kan ein sei.Er slik når eg prøver febrilsk å sove lite etter natt fordi eg har dagvakt idag:-)
Så kroppen er nok utkvild og eg frys:-)Går liksom gjennom marg og bein denne kulden.Treng nye glas i stova kjenner eg,for her er det temmeleg lite energisparande:-)
Kjem nok eingang.Men ikkje no.
Funne meg varm kaffi og pledd og gjer det beste utav det.
Stum mørkt,så ser ikkje om det bles eller snøen lavar.
Må ha litt tid før eg går på jobb til å få bilen isfri,antar eg.


Litt kos med stjerner og adventslys.Synd strømmen er så dyr:-)

Må prøve å gjere meg ferdig med baking og julegaver dei neste dagane.Har nokre eg mangler,og no i desse tider frester det lite med butikkbesøk.
Men mat må ein jo ha:-)
Skummelt med denne raske spredninga av corona.Stadig nye og meir smitsomme varianter.

Er å håpe at eg ikkje vert sjuk eller smitter andre.

Snart tid for at desse små skal sleppe ut or kasser og loft.
Har ikkje julepynta endå.Litt tidleg syns eg og eg er ikkje der heilt endå.
Litt fråverande julestemning iår hos meg. Kanskje den dukker opp,eller kanskje ikkje.Jul vert det no uansett:-)
Ha ein fin fredag.Klokka er snart 05:-)Berre to timar til eg skal på jobb:-)

Trim eller nødvendigheit?

Vinter i vest.
Snør og snør.Innimellom idag har det vore sol og nydeleg
Men problemet med snø er…Den kjem ikkje ferdigmåka.Det haddde eg igrunnen syns var greit

Viktig med muskeltrening i min alder har eg høyrt.Sikkert sant og i små mengder er det til og med litt kjekt.
Utruleg kor mykje frustrasjon og av og til gledesutbrudd som kjem
Får liksom sving på følelsane.Idag var snøen tørr
Då går jo alt som ein leik
Nesten,,,

Kor vert det av middagen?
Alle hekser med respekt for seg sjølv har ein svart katt.
Denne er like masete som meg:-)Og like glad i mat..

Hadde ein turpause sånn midt i.Går ikkje an å slite seg utLitt trøtt og ser ikkje god ut.Har altså rynker som ein 100åring..Berre nevner det

Innetid.Vurderer om eg skal finne på noko eller rett og slett bli sittande…Skal tenke på det.