Kor vart åra av?


Eldstemann er vorten 45:-)Hipp hurra for han,men kor vart åra av.
Ser på bilde og tenkjer at…Ja eg var ung og gjorde nok mange feil
Har nok langt frå vore noko supermor og vegen har av og til vore litt bratt.
Men på tross av alt,så har no den vesle guten vorten voksen og har klart seg bra.

No er eg vorten bestemor til to…Eller besta…Er det eg vert kalla
Besta sit no her.Har frose så innmari på beina sidan igårkveld.Tjukke sokker og teppe,..Men er lita hjelp i .
Snø og vinter.Bles….Har høyrt plogen opptil fleire ganger,men aner ikkje heilt kor ståa er ute.

Det greie med å sitte heime og godkjenne turnuser er at eg kan starte på “kontoret” når eg vil..
Så nattarbeid er innafor…Kan likegodt jobbe med det,når søvnen er fråverande.
Har tenkt meg i bursdagsfeiring seinare idag og gjerne ein luftetur,så då må ein ha flexitid:-)

Basar igår,og julegrantenning.Kjempekos og vann litt gjorde eg og.Massevis av flotte gevinstar.

Var koseleg ettermiddag,sjølv om føret nok gjorde at nokon held seg vekke.Er jo og mange ting som skjer no i førjulstida..
Må planlegge kva eg skal tulle føtten inn i så eg får varmen i dei…Er fyr i ovnen og varmepumpa går.
Sokker og pledd ….Kanskje eg bør finne stilongs,og ullsokker under alt det andre:-)

Ha ein super dag…

6 kommentarer
    1. Så koselig bilde! Ja, som deg, så sier jeg, hvor er åra blitt av 🙄☺
      Det går altfor fort.
      Og vi føler nok på at vi ikke har gjort alt riktig og bra, men som deg, så er jeg så glad for at ungene har det bra, gode jobber og klarer seg selv 🥰
      Koselig innlegg ❤

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg