Søndagmorgonblues:-)

Godmorgen:-)
Har vore oppe ei stund.Ikkje bevega meg stort,men drukke kaffi og vakna sakte men sikker:-)
2,Søndag i advent og jula nermar seg med stormskritt

Mykje vold i samfunnet no.Sånn ekkel følelse i magen.Ikkje noko god trend ..
Coronaen gjer stadig nye framstøyt og julemiddager og storfeiringer vert det lite med i år og.
Går desverre utover dei som treng det mest

Planlagd å gå meg ein tur,så snart det lysner.All småetinga mi set seg på ribbeina,og det før jul.Litt kjeks her,og sjokolade der.
Rolege og avslappande dagar.her er det null stress.
Burde nok ete litt mindre og bevega meg meir:-)

Blir med tanken.
Ikkje ferdig med julegavene og ikkje veit eg helt kva eg lander på heller.
men det ordner seg nok:-)

Ein eller annan ting er feil med min forståelse av mønsteret på denne gensaren…
Skjønner ikkje kva, så den får berre ligge.Må rekke oppatt,men vert ikkje no.Eller eg berre prøver strikke elendigheita vidare.Men ser ikkje rett ut:-)

Uff…Ikkje den store strikkaren
Får antageleg få veslesysta til å forklare meg elendigheita ein gang.
Lurer på om det er broddeføre ute,eller det går med vanleg skotøy:-)
Ikkje lyst å bryte lårhalsen ned første bakken:-)

Basar idag.Vert nok koseleg:-)
Håper på at folk tek turen til koseleg ettermiddagsstund.

Ha ein superfin søndag:-)

4 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg