Men kjenner at eg iallefall syns det er kjekt å ta helg:-)Nyte lørdagsmorningen med kaffikoppen i handa Stova er så nokonlunde juleklar,berre eg som heng litt etter Sove som ein stein,og vakna stiv og støl,Det går over og er heilt normalt Gamlemor må berre ha litt tid
Får besøk av barnebarna idag,så eg gleder meg Må berre få pakka inn siste pakken.-)Er litt treg av meg Hadde meg ein pakkeinnpakkingskveld igår. Litt koselig å sitte slik på golvet med pakker og papir rundt om,og håpe på at ein set rett lapp på:-)
Skikkeleg mørkt ute og klokka nærmar seg ni. Grått og trist,men skal bli kaldt..Glatte vegar om morningen….Det likar ikkje eg altso Her er det jobbejul
Er pysete,eg innrømmer det.
Slike pysjmorningar er rett og slett berre gode:-)
Sit her igjenn og har mest lyst til å grine Hjelp heller ikkje å skulde på hine Eg får ikkje sove,det er det saken gjeld Men kanskje at det endrer seg,berre no det blr kveld
Har ein hjerne som tenkjer på litt for mykje Nesten som ein kan kalle det ei omgangssykje Det muldrer og surrer og banner og brenn Hadde håpa det roa seg litt om senn
Men har inntrykk av at det aukar med åra Av og til kan ein ha lyst å felle nokre tåra Kvifor i huleste trur den at eg må løyse alt når eg sit her og føler at det er steike kaldt
Noko skal ein ha, og skulle kanskje vere glad For at cella fungerer og rope hurra Men veit ikkje helt om alt den finn på er like gjennomtenkt dagen derpå
Ferieveka er til ende og jobben venter. Jobbe med munnbind heile dagen er tungt,men ei nødvendigheit overalt for oss uten heimekontor:-) Blir ein vane,men brillene doggar:-)
Er skikkeleg tunge skyer ute trur rett og slett eg berre sløyfer dagens trimtur.Ikkje ofte eg gjer det,men grøss og gru.Eg har ikkje det minste lyst…
Er finast innaifrå Har begynnt å bli jul i huset hos meg og,men julestemninga er det verre med. Jul blir det no uansett.Stemning eller ei.
Nissefamilien er kommen på plass.Sit litt tett,for her må det sparast litt strøm:-)
Tenkte eg skulle prøve meg på kransekakestenger iår og.har det med å verte temmeleg mislukka. men mandlane er no i det minste skolda og tørka. Nokon kokk eller bakar har eg aldri vore,men eg gjer mitt beste,og meir kan ein ikkje forvente tenkjer eg.
Kanskje eg skal gå å vaske håret først.Godt kva som er gjordt:-) ha ein super dag:-)
Tar ikkje slutt denne coronagreia Ikkje kjekt slik oppunder jul,der mange taper store inntekter og andre blir sittande einsomme denne jula og. Einsomheita er nesten det verste med denne pandemien. Er eit stort problem frå før og når fellesarrangementa og fellesmiddagane uteblir,så blir ein sittande aleine. Innstrammingane i kor mange ein kan vere utenom husstanden kan og få følger.
Viktig at ein idag kjem med dei økonomiske tiltaka.Blir liksom endå meir svart når inntektene forsvinn oppunder jul Håper tiltaka hjelper. Men dukker opp stadig meir smittsamme versjoner som vaksina ikkje heilt har tatt høgde for
Vi får gjere så godt vi kan.Slapp nok vel mykje opp i gleden av å sleppe restreksjonane ,så no får vi betale:-) Må vel lære oss å leve med viruset.
Grått og glatt på vegane .Regn om dagen som vert til speglglatte vegar om natta. Gamlemor har ferie idag og.Bakedag hadde eg tenkt. Har kosa meg med frukost og ser på forlenga koronaordningar.Greit å få med seg,sjølv om det er tildels innvikla.
Rett og slett borte vekk.Og er ikkje liten,så eg burde ha sett han..nei Han har nok rett og slett stukke av.Syns vel i likheit med mange at eg vert litt masete i lengden. Men han har no budd i ein anna etasje,så kvifor han ikkje held ut det lurer eg på.
Dei andre var der dei skulle.
Brukt dagen til å finne fram litt dill og vore innom naboen.Fekk middag til og med:-) Pølse og potetestappe:-)Sjelden eg lager det sjølv
Er mildt ute,men føler vinden snik seg inn.Husekaldt,så har fyrt i ovnen. Trur eg må ta ein bakedag imorra. Er no i førjulstida dei er best:-)Så eg et opp etterkvart som eg bakar omtrent.Ikkje lurtFamilien på plass Litt koseleg er det når jula er i hus.Tidlegare for kvart år-
Novemberkaktusen blomstrer
Ser på vestlandsrevyen.Nyoppussa augeavdeling som ikkje er tilrettelagt for blinde og svaksynte Går det virkeleg an.Er så eg ikkje trur det eg høyrer og ser.Skjerpings Haukeland
Skal ikkje vere slik at ein gjer folk meir handicappa og avhengige av andre enn dei igrunnen er.. Kjenner at slik vil eg ikkje ha det..
Regn og regn og atter regn og snøstorm i høgda.No er pressekonferansen på tapetet.Kva no:?
Trur seriøst eg held på å verte ei nattugle.(eller gal)Muligens så har den strekken på sofaen igår ført til at eg hadde meg ein liten høneblund. Når eg ligg å lurer på om eg skal stå opp å vaske badet,då er det fare på ferde Eg har alt anna enn støv på hjernen.Der er det fullt av andre ting som ikkje bør vere der Kanskje støv hadde vore like bra
Utruleg kor mange idiotiske og negative tankar ein kan få av å ligge slik å overtenkje.. Så eg sto likegodt opp.Mulig eg skal vaske badet idag,men ikkje midt på natta. Kanskje det er underbevisstheita mi som seier frå, Mitt indre alterego som syns eg er vel rotete:-)
Koronasmitta auker rundt oss på alle kanter.Måtte jo komme rundt her og. Er berre å håpe at eg ikkje vert sjuk eller smitter andre.Kan skje alle.
Skal bruke dagen til litt baking og juleforberedelser.Sjekke om eg har hugse det eg skal Greit å oppdage det før siste dagen:-)
Litt greit å få rydda litt innimellom.Finne att ting eg ikkje visste eg hadde:-) Tørke støv hist og pist:-)Litt meir grundig enn normalt,kanskje.
Lurer på kor desse nissane har gjøymt seg. Ikkje sett dei,så mistenkjer at dei kanskje kan gjøyme seg på krypeloftet… Skal sjekke når det vert lyst:-)Ikkje tenkt meg opp i mørket…Der går grensa
Må heller prøve å få sove litt meir.Ellers er eg redd eg sovner på sofaen i morra og.Då er vi like langt.
I dag har juleforberedelsane fått fred og gamlemor har berre lata seg. Laga meg middag og slappa av. Ikkje heilt pigg kjenner eg,så har latt kroppen fått stryre. Godt det og ein søndag,tenkjer eg.
Er berre hjernen og tankane som ikkje tek helg.Det kan vere slitsomt.. Fått med meg to gull i skiskyting:-) Kanskje eg skal dille litt no i kveldinga,men ikkje så viktig.
Av og til er det og viktig å stoppe opp. Tidleg mørkt,og når det i tillegg er regn så vert det litt dystert.Får følelsen av at det snart er leggetid:-)
Kanskje eg må finne på noko lurt så eg ikkje sovner på sofaen ..Då vert natta lang.
Ha fortsatt ein fin søndag:-)Eg trur eg må få litt bevegelse i kroppen:-)Kanskje i det minste ta ut av oppvaskmaskina:-)
Når katten er borte danser musene på bordet. Er så heldig å få vere avdelingsleiar på ein dementavdeling med fantastiske kollegaer. Når eg no har vore opptatt med heilt andre ting enn avdelinga har dei stått på Kreative og supre. Har baka og styra og hatt juleverkstad. Frivilligheita har og vore stor. Her blir det jobba med og utan betaling Får tårer i augene her eg sit og ser på bilder frå avdelinga
For ein gjeng. Slike er det nok mange plasser. Er ofte det negative vi høyrer om.
Eg kan smake på hærligheita når ferien er over.. Det er eg best på.
Hipp hurra for alle flinke helsearbeidera rundt om og huks.. De er supre.
Kjenner eg får vondt inni meg ved å lese slike saker Håper vi har lært og ting foregår på ein annan måte..
Les nyheiter på nett og koser meg med kaffikoppen.
Nydeleg ute og soloppgangen vert nok fin. Berre å nyte dagen for meldt regn. Nyte helgeroa.
Elg og rådyr testas for korona. Var frå dyr til menneske det kom.
I usa har ein funne antistoff på kvithalehjorten i 40 prosent av tilfella. Skummelt med virus som smitter på kryss og tvers. Kaldt ute så sjangsen for snø er nok større enn for regn. Pressekonferanse om strømsituasjonen kl 12. Spent på resultatet. Godt å ha muligheit å kunne fyre med ved.
Roa har senka seg i heimen. Hatt meg ein tur i sivilisasjonen og fått i hus litt mat og hjelpt julenissen med å handle til julesokkane. Må nok hjelpe han å leite etter dei og,men vert ikkje idag Fekk middag hos mamma. Litt bortskjemd antageleg.
Var godt med tomatsuppe.
Kjenner ein snev av julestemning. Den har vore fråverande. Carlsen er verdensmester.Sjakk er ikkje mi side. Nobelsfest…Rekner med dei held meteren. Munnbindet var på plass hos alle eg traff idag. Vi er flinke å følge reglar.
Godt å krype opp i sofaen og berre slappe av. Få med meg nyheiter Ha ein fin fredagskveld