Ferieveka er til ende og jobben venter.
Jobbe med munnbind heile dagen er tungt,men ei nødvendigheit overalt for oss uten heimekontor:-)
Blir ein vane,men brillene doggar:-)
Er skikkeleg tunge skyer ute
trur rett og slett eg berre sløyfer dagens trimtur.Ikkje ofte eg gjer det,men grøss og gru.Eg har ikkje det minste lyst…
Er finast innaifrå
Har begynnt å bli jul i huset hos meg og,men julestemninga er det verre med.
Jul blir det no uansett.Stemning eller ei.
Nissefamilien er kommen på plass.Sit litt tett,for her må det sparast litt strøm:-)
Tenkte eg skulle prøve meg på kransekakestenger iår og.har det med å verte temmeleg mislukka.
men mandlane er no i det minste skolda og tørka.
Nokon kokk eller bakar har eg aldri vore,men eg gjer mitt beste,og meir kan ein ikkje forvente tenkjer eg.
Kanskje eg skal gå å vaske håret først.Godt kva som er gjordt:-)
ha ein super dag:-)
Kan tenke meg det er slitsomt å gå med munnbind hele dagen. Og den dugginga på brillene er jo bare slitsomt 😳☺
Kransekake er godt! Lenge siden jeg har lagd slike stenger nå, men jeg jukser og maler de med skallet på jeg 😁
Ønsker deg og nissene en fin dag 🥰
Det gjorde eg sist…men sidan eg ikkje fekk det heilt til,så prøver eg å gjere det etter oppskrifta:-)
Munnbind briller og dogg er noe dr….
I forrige uke sto jeg og tok mange PCR prøver på jobben med briller, munnbind og visir. Dobbelt opp md dugg, og vann rant i strie strømmer på innsiden av visiret. Hadde trengt vindusviskere
Misunner deg ikkje den jobben,for der er du endå meir tildekka:-)
Joda, men vi står ikke slik hele dagen. Bare en time eller to om gangen.