Nattugla værsågod:-)

Trur seriøst eg held på å verte ei nattugle.(eller gal)Muligens så har den strekken på sofaen igår ført til at eg hadde meg ein liten høneblund.
Når eg ligg å lurer på om eg skal stå opp å vaske badet,då er det fare på ferde
Eg har alt anna enn støv på hjernen.Der er det fullt av andre ting som ikkje bør vere der
Kanskje støv hadde vore like bra

Utruleg kor mange idiotiske og negative tankar ein kan få av å ligge slik å overtenkje..
Så eg sto likegodt opp.Mulig eg skal vaske badet idag,men ikkje midt på natta.
Kanskje det er underbevisstheita mi som seier frå, Mitt indre alterego som syns eg er vel rotete:-)

Koronasmitta auker rundt oss på alle kanter.Måtte jo komme rundt her og.
Er berre å håpe at eg ikkje vert sjuk eller smitter andre.Kan skje alle.

Skal bruke dagen til litt baking og juleforberedelser.Sjekke om eg har hugse det eg skal
Greit å oppdage det før siste dagen:-)

Litt greit å få rydda litt innimellom.Finne att ting eg ikkje visste eg hadde:-)
Tørke støv hist og pist:-)Litt meir grundig enn normalt,kanskje.

Lurer på kor desse nissane har gjøymt seg.
Ikkje sett dei,så mistenkjer at dei kanskje kan gjøyme seg på krypeloftet…
Skal sjekke når det vert lyst:-)Ikkje tenkt meg opp i mørket…Der går grensa

Må heller prøve å få sove litt meir.Ellers er eg redd eg sovner på sofaen i morra og.Då er vi like langt.

Ha ein super mandag når de våkner til liv.

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg