Fint folk et ute:-)

Sliten og stappmett:-)Nesten litt kvalm…Har ikkje matvet.

Har vore på Bambus i Førde og ete middag med dei nærmaste:-)Eldstemann er 45:-)nesten nådd meg att…Tida fyk jo.
Hadde privatsjåfør,eller to.Men Larris frakta oss begge vegar.Greit å sleppe å køyre av og til
Likar det igrunnen ikkje og det går seint

Koseleg tradisjon og møtast og ete middag sånn i førjulstida.Kva vi et er litt forskjellig.Bestiller det vi vil ha og betaler kvar for oss
Har vorte ein tradisjon .Avbrutt av restreksjoner i fjor,men sånn er no livet.

Var igrunnen greit avbrekk i turnuslesing.Kan gå i surr for nokon og einkvar.Midt i turnusen skal eg lese budsjett.Det er verre.Turnusen har eg fått dreisen på med åra.Iallefall sånn nokonlunde:-)

Skal ta meg ein time etterpå og.Tek lang tid.Lenger enn ein skulle tru:-)

Påatt i morra tidleg.Det kjekke med å sitte heime er at eg kan ta ein times luftepause midt i.
Det er ofte lurt..
Kortid eg skal ta resten av juleforbredelsane er eg litt usikker på.
Kanskje eg starter etter kommunestyret på torsdag..

Spent på kva for nye regler vi får å forhald oss etter i morra.
Hadde på meg munnbind i Førde idag.
Like greit tenkte eg.
Er eindel folk og ikkje alltid ein klarer følge den 1meteren.-)

Rart å tenke på kor lenge sida dette bilde er tatt.Følest ikkje sånn.
Tida går kjempefort etter 30:-)

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg