Her hos meg har dagen bestått av snømåking og leiting
Innimellom har eg baka…og gått tur.Skikkeleg kosedag igrunnen
Starta dagen ute i snøkavet.Måka vegen ,og fekk naboen til å køyre eit ærend for meg. Hadde nokre gevinster som måtte på plass i grendahuset og såg med skrekk og gru på ubrøyta vegar..
Så eg gjekk heim for å måke min eigen,og tok meg ein liten svipptur i snøkavet.
Frisk luft hjelper på det meste hos meg.
Hadde store planer.Idag skulle eg bake potetmjølsvafler og riflekjeks…Til dei siste bruker eg kvern..
Det var der spetakkelet starta..Eller leitinga.
For eg meinte eg visst kor den var…Borte vekk.og deigen var klar.Så eg leita overalt på tenkelege og utenkelege plasser…Fant mykje rart ,men ikkje kverna,,,
Ga opp etter tre runders leiting og steikte potetmjølsvaflane. No er det mest etter mottoet det er smaken som tel,eg lager mat…
Smakte nett som dei skal:-)
Smakte fortreffeleg..
Men så vart det ny runde med leiting.Til å med leita nederst i kleskapet….
Ja de kan lure.Aldri hatt baketing der,men kva gjer ein ikkje i fortvilelsen
Ringde mamma.Er igrunnen hennar kvern..Ho fann den ikkje og meinte eg hadde den.Meinte eg og,men ..
så nok ei runde..snudde opp ned på alle bodane følte eg..
Inn til mamma for å forsikre meg om at den ikkje var i kjellaren hennar..Nei..
Så slukøra gjekk eg heim.Nok ei runde i boden..Bomtur
Hadde den store deigen,skulle rekke til heile familien,,,Eg laga andre ting av den eg…Kjeks altso…
Her er ein sort…
Vel ferdig og drittlei tok eg meg nok ein tur og såg opp i hyllene i eine boden….Følte den var der…
og der sto den…Attmed og tildels bak kassen med maleutstyr….Eg hadde vore der 6 ganger…Trur eg fekk leitehjelp til slutt..
Må nok til at med ny riflekjeksdeig…men vert ikkje ikveld for å sei det slik…
Imorra er det basar:-)
Skal bake kromkaker og har eg tenkt…Visst eg finn jernet:-)
Er heldigvis endå litt tid til jul-)
Det var godt du fant kverna til slutt.
Men hva er potetmelsvafler?
Harde vafler ,men laga med potetmel
Uff. Det et kjedelig å stå med en deig som er ferdig, og finne ut at du mangler utstyret du trenger tilslutt.
Godt å få litt luft i løpet av dagen innimellom letinga vil jeg tro😊
Nå fikk jeg lyst til å bake noen småkaker, hmmmm….. 🤗
Ja, velkommen i klubben! Tida går fort her…