Landa på sofaen

Den følelsen ein har ,når ein endeleg kan gå inn døra,etter å ha tvinga augene opp heile vegen heim
Rett og slett stuptrøtt slang eg meg ned på sofaen.

Sovna til lyden av Godmorgennorge.Vakna til nyheiter frå Afganistan.

Må sove meir altso.
Gjesp.
Sofadag.

Turen må vente litt til

Frå orange til brun


Solbleika orange hår er farga brunt.
Klipt og fiksa.
Godt å bli dulla med.
Prøvd å sove litt,men får det ikkje til.

Lufta hjernecella,men ikkje hjelp i.
Vert nok ei trøtt nattevakt er eg redd

Men sånn er livet

Ny dag og nye muligheiter

Var godt å kunne sove til eg vakna av meg sjølv idag,kjende eg
Berre ligge sånn og krølle seg saman under dyna og strekke seg forsiktig ut
Nyte morningen

Funne fram kaffikoppen mens eg ser på nyheitene
Det er ikkje kos
Skrekkelege tilstander i Kabul.
Ikkje greit for verken nordmenn eller dei som bur der.
Smitte talet på corona stig att,og her i nærkommunane.
Er vel slik det vert når vi åpner opp.

Fekk forresten premie for 10turen igår.Det er noko alle får
Koseleg

God morgen Norge er tilbake:-)Berre velstand

Skal til frisøren iag:-)Ordne litt på mine små grå.
Syns håret mitt er sjølvlysande no etter sommaren.
Sola får det nesten til å ta fyr:-)
Er regn,så passer med litt inneaktiviteter.Nattevakt:-)

Ha ein fin start på dagen de og.Her skal eg ta verda med ro litt til

Carpe diem:-)

Nydelig morgen utenfor stoveglaset mitt:-)
Merker høsten nærmar seg,for nettene og morningane er ganske kalde.
Så kjem sola og dagen og vi får sommarvarmen 🙂

I dag er det” Det gode pasientforløp” heile dagen.
Spennannde og til dels forvirrande å jobbe med,syns eg.Håper vi får det bra til

Fortsatt heilt surren i hovudet av partilederdebatten igår.Men liker å følge med på det.Flinke politikara

Afgansistan skremmer meg.Frykteleg å sjå bilda der folk strømmer ut på flyplassane og i desperasjon prøver henge seg på fly som lettar.
Korleis det vert der, det ingen som veit.Men det har jammen skjedd rasande fort skifte etter at styrkane frå andre land trekte seg ut.
Verden er i endring
Mykje som sviv gjennom hovudet på morningen.Sove dårleg,så er nok grunnen
Tenkt på pasientløpet.Trur eg ikkje burde sett gjennom papira i gårkveld:-)
Hadde nærmast mareritt i våken og sovande tilstand:-)

Dette står på eit av handelshusa i Førde og seier det meste

Eg får pusse tenner og komme meg på jobb
Ha ein fin dag

Bedøvd i tenner og nase

Var problem med betennelse i tannkjøtet,så går jo til behandling.
I dag var det venstre sida sin tur..

Bedøvd både der og i nasa ..

Her er ingenting overlatt til tilfeldigheita.
Nett fått i meg mat og drikke..
Men no har eg lært..
Ete før..

#olefine
Shoppa har eg og,men mest berre tråla butikkar…
Slik at eg veit kva dei har..

Var ikkje heilt kledd for den flotte sommaren som kom med sola.
Var 11 grader då eg reiste heimanfrå.
Så no har det vore altan og bok

Ikkje så verst å vere meg..

Blogglista er der den skal vere:-)

No var det slutt på dei gode tidene for Kjeftsmella:-)Må le litt,men å vere på plass 67 over lengre tid er jo reine opplevelsen for gamla.
No er eg tilbake der eg brukar å vere.Sånn av og til over dei 100:-)

Sit å drikk morgonkaffien og nyt tilverelsen.Snart Førdetur og tannlegen:-)
Ser ut som det vert fint ver,til og med
Vurderer om eg burde kjøpt litt klær som passer:-)Krymper slik desse kleda mine:-)
Tenkjer heile tida at eg skal nok ta av nokre kilo,men igrunnen så gjer alle desse tankane på mat at eg heller går opp:-)
Ha ein super mandag:-)

Ikkje så veldig smart,akkurat:-)

Følte behov for ein rusletur sånn tidleg på kveld.
har hatt jobbehelg,og idag har det regna tett
Men plutseleg så letta det litt.
Tok på meg regnklær og sånn passe regntette sko,og labba iveg.

Måtte jo ut på utsikten:-)Den faste runda mi
Men det var på returen eg fekk ein då smart ide.
Gå over “fjellet”heimatt.Gamlevegen til nabobygda.Den vi gjekk før vegen kom,sånn i gamle dagar:-)

Starten var super:-)

Det var her eg kom på at det sikkert ikkje var den glupaste ideen.
For graset var høgt,og stien lite synleg
Selvfølgeleg så gjekk eg feil.Trakka sånn skikkeleg uti .Så då var det gjordt.Søkk våt i skoa,så her var det like godt å fortsette

Litt hinder må ein rekne med.
Og det eg hadde gløymt var kor høg bregner kan verte..
Så det var berre å gå gjennom skogen av bregner som vaks meg langt over hovudet.Ein eller plass nedi der var nok stien,men den såg eg ikkje.Kom meg no gjennom:-)Følelsen av å gå i urskogen:-)

Etter det var det berre lyng og gras og så litt myr:-)Skikkeleg vått,så støvler hadde vore tingen.
Bør nok innvestere i nytt sett med gode regnklær og sko og.
Dyre,men kanskje eg har flaks og finn tilbud ein plass.Uansett så er det noko eg må prioriere,tenkjer eg.

Vart no både våt og svett,så turen var grei nok den,men ikkje noko å anbefale:-)Fekk no litt trim
Dusjen var det beste med heile opplevelsen:-)

Litt kjekt med sånne turer i marka rundt meg og.Treng ikkje vere på høge fjell og lange turer.

Ferdig:-)

Endelig i mål med tituren
Ja no var det ikkje så store slitet med den siste altso,men er eit stykke å køyre.
Så når vi allikavel skulle møtast i ap gruppa,så tok eg det før
Rakk det før regnet kom:-)

Tok ei stund før eg torde køyre inn på skogsvegen for å finne parkeringsplassen,men til slutt tenkte eg det fekk bere eller briste:-)
Held på å utbedre skogsvegen,så var litt bløtt og småekkelt å gå enkelte plasser,men vert nok fantastisk til slutt:-)

Flott utsikt og gjordt skikkeleg koseleg oppe ved skogsvegens panorama og grillhyttaa:-)

Litt imponert kva grendalaget i Leirvik har fått til.
Kjekt med slike samlingspunkt.
Viktig at dei no held det ved like og passer på det.
det er halve jobben.-)

No er eg ferdig med 10 turen for i år.
Nokon turer som var slitsomme,og så denne som berre er kos:-)
Litt godt med slike korte turer innimellom.Neste gang eg går her må eg ta turen heilt opp på Sauesnyken,eller kva den fjelltoppen heiter.Er berre å fortsette der eg slapp:-)
Men vert ikkje dei første vekene.
Rekk rett og slett ikkje alt,og er litt lang køyretur:-)
Kjekt med slike 10turer.Det er overkommeleg sjølv for meg:-)