Ikkje så veldig smart,akkurat:-)

Følte behov for ein rusletur sånn tidleg på kveld.
har hatt jobbehelg,og idag har det regna tett
Men plutseleg så letta det litt.
Tok på meg regnklær og sånn passe regntette sko,og labba iveg.

Måtte jo ut på utsikten:-)Den faste runda mi
Men det var på returen eg fekk ein då smart ide.
Gå over “fjellet”heimatt.Gamlevegen til nabobygda.Den vi gjekk før vegen kom,sånn i gamle dagar:-)

Starten var super:-)

Det var her eg kom på at det sikkert ikkje var den glupaste ideen.
For graset var høgt,og stien lite synleg
Selvfølgeleg så gjekk eg feil.Trakka sånn skikkeleg uti .Så då var det gjordt.Søkk våt i skoa,så her var det like godt å fortsette

Litt hinder må ein rekne med.
Og det eg hadde gløymt var kor høg bregner kan verte..
Så det var berre å gå gjennom skogen av bregner som vaks meg langt over hovudet.Ein eller plass nedi der var nok stien,men den såg eg ikkje.Kom meg no gjennom:-)Følelsen av å gå i urskogen:-)

Etter det var det berre lyng og gras og så litt myr:-)Skikkeleg vått,så støvler hadde vore tingen.
Bør nok innvestere i nytt sett med gode regnklær og sko og.
Dyre,men kanskje eg har flaks og finn tilbud ein plass.Uansett så er det noko eg må prioriere,tenkjer eg.

Vart no både våt og svett,så turen var grei nok den,men ikkje noko å anbefale:-)Fekk no litt trim
Dusjen var det beste med heile opplevelsen:-)

Litt kjekt med sånne turer i marka rundt meg og.Treng ikkje vere på høge fjell og lange turer.

4 kommentarer
    1. Litt av en tur!!!
      Som om jeg skulle ha gjort det selv…
      En gang tok jeg ei sti som var merket med “sommer-sti”. Jeg lurte på hvorfor det. Stedsangivelsen veien gikk til var der jeg hadde parkert bilen. Så virket som en god ide. Bedre å gå rundt enn frem og tilbake.
      Dette var sent september, mulig oktober.
      Jeg fant ut hvorfor det kalts sommer-sti.
      Bør nok helst gås en varm sommerdag etter en måned med tørke.
      Stor deler av stia var nærmest bekk. Resten var myr.
      Men sånne turer er utrolig gode – etterpå.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg