Ferdig:-)

Endelig i mål med tituren
Ja no var det ikkje så store slitet med den siste altso,men er eit stykke å køyre.
Så når vi allikavel skulle møtast i ap gruppa,så tok eg det før
Rakk det før regnet kom:-)

Tok ei stund før eg torde køyre inn på skogsvegen for å finne parkeringsplassen,men til slutt tenkte eg det fekk bere eller briste:-)
Held på å utbedre skogsvegen,så var litt bløtt og småekkelt å gå enkelte plasser,men vert nok fantastisk til slutt:-)

Flott utsikt og gjordt skikkeleg koseleg oppe ved skogsvegens panorama og grillhyttaa:-)

Litt imponert kva grendalaget i Leirvik har fått til.
Kjekt med slike samlingspunkt.
Viktig at dei no held det ved like og passer på det.
det er halve jobben.-)

No er eg ferdig med 10 turen for i år.
Nokon turer som var slitsomme,og så denne som berre er kos:-)
Litt godt med slike korte turer innimellom.Neste gang eg går her må eg ta turen heilt opp på Sauesnyken,eller kva den fjelltoppen heiter.Er berre å fortsette der eg slapp:-)
Men vert ikkje dei første vekene.
Rekk rett og slett ikkje alt,og er litt lang køyretur:-)
Kjekt med slike 10turer.Det er overkommeleg sjølv for meg:-)

5 kommentarer

Siste innlegg