Har krope opp i sofakroken med krimboka,mens mord og mysterier sviv i bakgrunnen. Reprise God bok forresten. Etter å ha brukt føremiddagen til repitasjon av lovverket om bruk av tvang og makt og nødrett,er det litt greit å berre slå av hjernecellene. Er litt greit det og iblandt. Prøver slå på at jobbmoduset. Litt tregstarta iår.
Snart stortingsvalg .. Viktig å bruke stemmeretten.
Snart leggetid kjenner eg. Seinvakt i morra heldigvis. Treng litt tid å koble meg på om morningen. Sov godt
I slutten av september er planen i følge helseministeren.
Er det så lurt,tenkjer eg. Men skjønner at det etter kvart er behov for nærkontakt. One night stand og visstnok. Her vert det liv. Igrunnen aldri vore tilhengar av det siste. Trur eg ville venta litt eg då. Men meg om det. Sikkert gammal og snerpete,men smittetala stig.
Sjølv er eg glad vi endeleg har fått litt regn. Rar ting å måtte sei når ein bur på eit ellers vått vestland. Flott,men litt småkaldt på morgonstunda. Prøver å våkne med kaffi og nyheiter på nett. Snart ny jobbdag.
Verdens sorgen flyt forbi Her er kos og familietid. Tid ved sjøen,mat og kos. Barnebarn og mykje ros.
Viktig det å stoppe opp Ingen mas og tankeflopp Berre la kroppen og sjela kvile. La ingen få deg til å tvile
Imorgon er kvardagen der som før Kan ikkje lenger stenge meg inne bak ei dør Men uten inntekt vert det lite mat Trasig å ikkje ha noko på fat.
Venter på regnet men veit ikkje om Ser skyene ,men kanskje dei berre later som. Berre ei regnbyge av den store sorten Då hadde vi jubla både eg og hjorten
Godmorgen her frå bestemora,mens ho prøver å gjere seg klar til ny dag.
Overskya og vind.. Synd å sei det men eg håper vi får regn. Lite vatn og knusktørr natur. Ikkje bra det heller. Men er på ein måte ikkje regnversskyer heller. Ol har gått forbi meg sånn i stillheit. Ser vi fekk gull inatt. Hipp hurra. Liker sport,men syns det er best på tv. Og gidd ikkje lenger sitte oppe om natta. Storbrann i blokk i Bergen. Er mitt mareritt. Håper alle redda seg. Eksplosive branner er eit inferno.
Kvelden er vakker. Berre å nyte siste rest av feriedagane. Koser meg med barnebarn og slapper av. Baka boller idag. Til og med vellykka. Litt godt med heimebakt innimellom. Må innrømme at det er lettare å kjøpe.
Kjenner at ferien har gjordt meg godt og gitt meg overskudd.
Aldri vore på Lifjellet.. Fleire toppar,men tok den eg måtte for å sei det slik. Veit ikkje heilt kva eg hadde forestillt meg,men utsikta var den eg trudde. Risnesnipa 777 meter over havet.
stein på stein.. Uten små merke er det håplaust å finne fram.
Det beste ved turen var nykokt kaffi og mat ved varden. Nyte utsikta med kjekke folk ein er glad i ,og håper og bryr seg om meg Har litt for dårleg kondis,men formen idag er fin. Men no har eg vore der.. Godt kva som er gjordt. Den siste tituren er heldigvis kort.
God morgen:-) Litt mindre stiv enn eg hadde tenkt etter gårsdagens strabaser. Fått tenåringen i familien på koseleg besøk nokre dagar.Kjempekos å vere bestemor:-) Vokse over besta,så plutseleg er han den som er høgast:-)
Koser meg med kaffikoppen og våkner i fred og ro. Sol og litt skyer ute Må nok til naboen og hente meg litt godt vatn idag,eller kjøpe på butikken. For vatn å drikke må ein ha.Har jo ikkje regna her på evigheiter.
Skal sette inn litt utsiktsbilder frå turen om litt…For der var det magisk:-)
9av 10 turer gjennomført og det grunna son og kjæresten..Trur igrunnen det var sånn heilt på grensa med tolmodigheita.. Vi gjekk frå Risnes. Der er det vakkert. Motivasjonen var på topp. Der var det flott utsikt.. Masse pauser for å nyte den må vite. Continue reading “Risnesnipa…tungt og svett”
Tidleg oppe og sola skin. Blir nok ein flott dag i vest og eg er klar.
Planlagt fjelltur.Ikkje sagt noko om tidspunkt,men det skal ikkje stå på meg,så eg har komme i turklær:-) Turfølge er sikkert knapt nok oppe.Dei har jo ferie,og god tid. Ja det har jo eg og forsåvidt,men trur dei ikkje heilt er klar over kor lang tid ein lang fjelltur tek med meg på slep:-) Kanskje likegreit..Mulig den ellers ikkje hadde vore aktuell.Men igrunnen så har eg nærmast pressa meg med:-)
Pakke ekstra klær i sekken,for oppover er det alltid hett nok. Men no går vi visst:-)Ha ein fin dag