Den umulige bilen min vart henta av Fure mekaniske i går morgon.Superservice.Fekk til å med leigebil. Det er berre det at eg er elendig på å rygge etter speglar og med denne har eg ikkje val…Så for alle andre og mi eiga skuld har den stått parkert der den vart levert
Flott bil når den står iro… No sa vedkommande som henta bilen min at dei skulle ta kontakt… Ikkje høyrt noko så no lurer eg på om han kom seg på verkstaden eller ei… No har ingen etterlyst han så antar det gjekk bra Får nok ei salig rekning att…gamle bilar er dyre..
No lurer eg alvorleg på kva gale eg har gjordt… Her var det først null batteri… I kveld ingen bremser.
På veg til jobb merka eg at eg måtte pumpe ein gang før bremsa tok… På veg heim var det å trakke i botn….. Lampa for bremseveske lyste… No er dei ikkje lenge sidan eg fekk fyllt opp bremseveska… Ukoseleg…slik ein ser på film Kom meg heim på gir og handbrekk.Den virka no heldigvis Godt det ikkje var glatt..
Kva vert det neste…. Er liksom ikkje mi veke dette ser det ut som..
No lurer eg alvorleg på kva gale eg har gjordt… Her var det først null batteri… I kveld ingen bremser.
På veg til jobb merka eg at eg måtte pumpe ein gang før bremsa tok… På veg heim var det å trakke i botn….. Lampa for bremseveske lyste… No er dei ikkje lenge sidan eg fekk fyllt opp bremseveska… Ukoseleg…slik ein ser på film Kom meg heim på gir og handbrekk.Den virka no heldigvis Godt det ikkje var glatt..
Kva vert det neste…. Er liksom ikkje mi veke dette ser det ut som..
Skal ikkje sei kva eg igrunnen sa då eg skulle starte bilen og der var null liv Totalt dau… Virka som han berre hadde skrudd av batteriet og lagt inn årane etter mottoet.. No gidd eg ikkje meir
Ikkje ein nabo med bil heime. Ingen kollega som køyrer same veg… Då er det berre å ta på full regnutstyr. Labbe iveg og håpe på at det køyrer ein bil ein kan heike med..
Kom det ein einaste bil trur de…laaaangt ifrå. Etter 4 kilometer i regn og vind kom mi kjære mor frå frisøren. Kom meg på jobb…om litt for seint Vart henta og batteriet er ladda ifølge min sønn. Må ha nytt… Fekk meg no litt ekstra trim..
Glad det har blanda seg utlenningar inn i vintersporten. Litt kjekkare å sjå på. Ikkje høyrer vi så mykje spekulasjoner om folk er dopa heller Alle har vel nok med å feie for eiga dør. Men no er det kaffi strikk og tv
Vakna tidleg idag. Litt sånn uroleg i kroppen så sto likegodt opp. Å sei eg er våken og opplagd er ein overdrivelse😣 Fortsatt mørkt ute men
God varme i ovnen.Stakk nasa utom døra for å sjekke veret. Surt Trur eg skal ha meg ein kosemeginne dag❤Dei er ikkje å forakte. Må no ha meg eitpar lufteturar og innom naboen men det er alt😊 Viktig at vi stoppar opp og lytter til signala frå kroppen. Vi er alle ulike og har ulike behov. Litt lett for at vi køyrer på til det smell. Så når det lysner litt så tek eg meg ein luftetur. Antageleg litt glatt idag.Litt kjølig i lufta. Men først får eg få med meg litt meir nyheier om usa.russland og ellers den harde virkeligheita rundt oss
No er det kanskje ikkje særleg pent eller danna,men eg bur aleine så det skit eg i😎 Skal vere bra å sitte med beina høgt Slengt meg opp i sofaen Litt småruskete ute høyrer eg.vinden tek godt tak😐 Har no hatt meg ei stripe etter vegen idag.. Vert ikkje noko sprek av det men fekk no frisk luft
Starta bra med sunn frukost men so skar det seg😎😣slik er det no igrunnen kvar dag Må finne på noko lurt antageleg
Var inne på tanken om å hive ut jula idag.Vart med tanken. No har no ikkje mange av kollegaene mine feira jul endå.Det er jo den 7. Så må jo vere litt solidarisk😊
Er no 20dag Knut som jager jula ut så har no litt tid på meg. Vert no iallefall ikkje rydda ut i helga Er no litt triveleg i ruskeveret
Skal berre kose meg her i sofakroken😊 Kjekt med gode bøker.strikketøy og fred i sjela
Vinteren har festa taket om eg vil eller ei Når sant skal seiast så har det vore nydeleg idag. Godt strødd på vegen.Stor takk kven det enn er.
Is på fjorden.Mykje regn i det siste så er mykje ferskvatn i den.Då frys det fort til og held nok ei stund for er meldt kaldt framover Burde nok hatt eit eller anna på listene på bildøra for det var ein kamp idag☺eg vann til slutt.
Greit med vinter så lenge den er som idag☺treng ikkje masse snø og glatte vegar..ikkje storforlangande… Burde kanskje tatt på meg vinterhabitten og rusla ein tur no etter maten….