No har Pengesluket fått smaken på spa Smell i veg med stadig nye varsellys. Reine diskolysa… Vi var eintur og fekk litt førstehjelp idag og så fekk han seg ny time mandag..
Å fortelje han at det ikkje direkte tel til hans fordel er som å kaste varn på gåsa… Men som vanleg får Pengesluket viljen sin og eg må punge ut… Slik er det å ha gamle bilar
Meldt regn visstnok Men…her er det snø Snøen fonna seg som vanleg og var berre å sikta etter snøstikkene.. Igrunnen glad eg er kommen heim. Benka meg framfor tven og ser krim.. Liten mann med bart.. Poirot
Kjenner eg har vore mykje ute Trimma med snømåking og rusla etter vegen… Er ikkje så mykje oppover men får no frisk luft og treffer litt folk. Litt sosial innomellom
Litt godt å komme inn i varmen når gradestokken viser minus 7. Er kanskje ikkje så mykje å skryte av men ikkje så ofte vi har det så kaldt… No har eg fått med meg litt handballflinke gutta. No er det snart Farmen…syns den er morsom.
Såg ut idag..Vinter. Måke snø tenkte eg…satte nasa utfor døra og den kom fort innatt.. Minus sju og føles meir…
Fint er det jo.. Skal nok måke…og gå tur… Men venter til sola klatrerr over fjelltoppen trur eg Må nok prøve å starte Pengesluket viss han slepper meg inn.. Var den silikonen på listene eg hadde gløymt…..
På fredag den trettande er det mykje ver No gjeld det i grunnen å ha vasstette klær På vegen er det slaps og litt ekkelt å gå Gå forsiktig, og ikkje på tå
Eg kledde no på meg å gjekk meg ein tur Det etter at eg hadde tatt meg ein morgonlur Når sant skal seiast så vart eg litt skuffa Når eg vakna og såg nesten all snøen var fordufta
For dagen den starta med tjukk is på ruta På vegen var glatt og måtte køyre med fornufta Så starta det å snø og det var då eg sovna Vakna av det var så hett eg nesten hadde kovna
På morgonen var det slik men no er det heilt anna Men kjem nok kaldt att vert glatt og ein kan ramla So no har eg tulla meg godt inn i eit teppe Drikk kaffi og tenkjer..her kan eg godt deppe
Kjenner det skal gjere godt med nokre timar på puta. Litt søvn gjer seg…
Men varsellampa for manglande bremseveske lyser fortsatt. Ikkje bra når den har vore på spa… Mulig det kun er noko som har vengt seg opp. Ikkje godt å vite med Pengesluket… Får ringe men no skal det sovast
Pengesluket vart levert i sjåføren si matpause… Snill som vanleg…Måtte jo hente att det store udyret sidan eg nekta køyre…Eg er nok sær
Bilen min har fått nytt navn..Pengesluket. Er jo det den er..snart kosta det eg hadde betalt for ny.. Når han først var på spa behandling så hadde han jo meldt inn div.andre ynskje selvfølgeleg.. Så er ikkje så lenge før den igjenn skal på spa
Har hatt dundrane hovudverk i fleire dagar..sånn altoppslukande.. Til trøst for alt stresset med Pengesluket ,bestillte eg meg time hos #reset frisør. Hærleg med masasje av hårbotn.Når ein i tillegg får vaskestol med ryggmasasje så kan ein ikkje ha det bedre
Var på tide å få litt orden på sysakene. Fint folk har sjåfør. No høyrer det vel med til sjeldenheitene at mødre må køyre rundt på snart 60år gamle døtre.
Har ei fantastisk mamma.Ingen over Er heldig. Når eg først skulle bruke peng vart det jo både balsam og sjampo.. Og når eg først såg kor flott den der varmebørsta virka så smelte eg til og kjøpte likegodt den og Ikkje berre pengesluket som kan flotte seg. Godt eg bur aleine og tener mine eigne peng. Får spare ein anna plass
Hadde meg ein tur ut i frisk luft.Ikkje sett noko til Vidar endå..Litt vind er det nok
Skiskyting på tv…No søv eg litt middag trur eg mens eg høyrer at no nermar #Vidar seg
Den umulige bilen min vart henta av Fure mekaniske i går morgon.Superservice.Fekk til å med leigebil. Det er berre det at eg er elendig på å rygge etter speglar og med denne har eg ikkje val…Så for alle andre og mi eiga skuld har den stått parkert der den vart levert
Flott bil når den står iro… No sa vedkommande som henta bilen min at dei skulle ta kontakt… Ikkje høyrt noko så no lurer eg på om han kom seg på verkstaden eller ei… No har ingen etterlyst han så antar det gjekk bra Får nok ei salig rekning att…gamle bilar er dyre..
Den umulige bilen min vart henta av Fure mekaniske i går morgon.Superservice.Fekk til å med leigebil. Det er berre det at eg er elendig på å rygge etter speglar og med denne har eg ikkje val…Så for alle andre og mi eiga skuld har den stått parkert der den vart levert
Flott bil når den står iro… No sa vedkommande som henta bilen min at dei skulle ta kontakt… Ikkje høyrt noko så no lurer eg på om han kom seg på verkstaden eller ei… No har ingen etterlyst han så antar det gjekk bra Får nok ei salig rekning att…gamle bilar er dyre..