So vakker kan kveldane om hausten vere Det er som vi lever i vår eiga svære Her er ikkje krig og vi har nok av mat Den bugner i overflod på våre fat
No er det klart for innsamlingsaksjon Der vi kan hjelpe folk frå annan nasjon Som ikkje har det slik som hos oss Men der det er mangel på alt og krig der folk slåst
Vi har råd til å gi ein slant eller to Kor mykje vi gjev er uinterisant no Det som er viktig er at vi viser Vår solidaritet til å hjelpe der det er kriser
Det å ha fri ,slappe av og igrunnen ikkje skulle nokon ting er hærleg. Sove lenge med sein lang frukost og la kropp og sjel vakne til liv av seg sjølv
Litt kaldt om natta og der sola ikkje får tak er det is på vatnet
Vakre farger om hausten men lufta minner meg om av vinteren lurer rundt hjørnet og den er eg ikkje glad i. Kunne glatt ha vorte klimaflyktning. Men må nok jobbe for maten ei stund til så får halse ut😀
Vart Vardeheia idag og men med null stress og i eit roleg tempo Var kos å gå.Idag traff eg både jegerar og turgåarar.Ikkje så ofte eg det gjer oppi her😀
Laga meg ein altfor god sein middag.. Burde kanskje ikkje det for no har naboen invitert på lasagne… Akk ja. Får faste i morra😁😁
Kjempefin himmel ute no. Kikke litt på reprise av 71grader nord før eg rusler til naboen Kunsten å kose seg
Trur eg vert latare for kvar dag som går. Dørstokken er nesten meteren og eg har jo høgdeskrekk😊
Men vondt skal vondt fordrive og eg treng både frisk luft og trim. Skjerp deg seier gale Lise Ta å sjekk i spegelen og sei frå etterpå om du fortsatt ynskjer sofadag. Ser at eg har godt av å bevege meg men idag er kroppen som bly… Rett og slett ein kamp for kvart steg
Fortsatt vakkert ute men litt kald og sur vind.overskya. Valde å gå få Våge på Einingsfjeller idag.Må ha litt forandring Syns det var steike tungt.Er igrunnen flott sti når det er tørt som no
Var det så tungt sist?
Herregud kor tregt det går då.Gale Lise var igrunnen småsur.Du eig jo ikkje kondis og puster som ein kval..Må du pause kvar 10 meter???? Skjerp deg😲 I dag gjekk det berre tregt opp.Men opp kom eg og det gjekk fortare nedover
Rett frå tur og innom Dale med naboen.Ikkje planlagt men koseleg. Gjer seg med litt spontane utflukter😊
No skal resten av kvelden tilbringast i sofaen uten det minste snev av dårleg samvittigheit. Må først berre ete litt😊
I dag er ein av dei dagane då det meste går tregt I går hadde eg planen klar.Skulle gå tidleg på fjellet idag og nyte det milde haustveret Det var igår
Sove dårleg inatt og vakna med rygg som føltes som den var i to og dertil humør Drog meg inn på kjøkkenet.Fekk på kaffien .svalde litt smertestillande og inn på sofaen Stakkars meg dag….slo meg at eg kanskje hadde hatt godt av ein tur i marka men laga meg istaden middag litt tidleg… Åt for både meg og gale Lise.Som ho påpekte ,så åt ho ikkje mat ,men levde på luft og kjærligheit til seg sjølv.. Og det merka eg.Veit ikkje om sterke magesmerter grunna formykje mat er bedre enn vond rygg Så valde å gå på fjellet. Ikkje så veldig lurt å gå tur etter det matinntaket.!! Men har eg ikkje lært det i min alder så får eg slite med det
Rett og slett blytungt idag Men nesten det tørraste det har vore på stien.Har ein planer om å gå på Vardeheia i Hyllestad kommune bør ein nytte sjangsen no.Tørrare vert det ikkje.Brukar vere veldig vått
Flott😚gjorde godt tross alt, og gamla og ryggen hadde godt av turen
Er dørstokkmila som oftast er tyngst. Når skoa er komne på og ein er ute går det nesten av seg sjølv Men koster ein kamp med seg sjølv.
Har sjølv opplevd å sitte i samtale med personar som var oppriktig interrissert i kva eg meinte heilt til dei spurde om kva eg jobba med..
Då vart det brått slutt.
Seier kanskje meir om dei enn om meg, men gjer noko med meg når eg opplever slike ting
Vel er eg ikkje den som har høgast utdanning.Men det er vel igrunnen meir fordi livet mitt vart slik, og at eg igrunnen har valgt det sjølv. Trivast godt med å vere hjelpeleiar og ville ikkje ha bytt det ut med sjukepleiar eller vernepleiaryrket. Evnene mine er det ingenting i vegen med.Hadde fint klart ei høgskuleutdanning. men strengt tatt så vil eg ikkje:-)
Men livet mitt har vore utmerka sjølv om eg kanskje ikkje får dei jobbutviklingsmuligheitene eller den lønna eg kunne fått med litt meir utdanning
Men eg er ikkje dum for det.Tvert imot:-)Men har mine ting eg kan og har ting eg ikkje veit det spøtt om.Slik er det berre
Tankane kom idag då eg las eit stykke om lærarar som ikkje helste på reinhaldarane..
Reinhaldarane er liksom usynlige dei mamma ,sa datter mi etter ein sommarjobb som reinhaldar .Og det var hos oss.
Har sjølv og jobba som reinhaldar nokre år.Tung jobb som krev respekt
Så vi bør vel skjerpe oss alle.
Ingen yrke er meir eller mindre verd.
Vi er avhengig av kvarandre og ingen er heller sterkare enn det svakaste ledd
Uten folk som gjorde reint hadde det vorte dårleg med hygienen for å sei det mildt:-)
Men vi er vel ulike som personar alle. Ikkje alle lar vere å sjå dei som vaskar eller har lågare utdanning enn ein sjølv.
Kanskje det har med korleis vi oppdreg ungane våre .Kva for haldningar vi gjev dei med som ballast i livet i syn på andre menneske
Det gjeld både livssyn og respekt for menneskeverdet
Glad eg sjølv har fått med meg ei god ballast i livet og håpar ungane mine har fått med seg litt gode haldningar ,og ikkje berre minna om ei sint,stressa og kjeftande mamma:-)
Ikkje at eg har gjordt noko spesielt.Berre kosa meg.Slappa av og tanka krefter. Dagen idag har for det meste vorte tilbrakt i sofaen.Hadde meg ein liten tur ut for å sjekke nærområdet på føremiddagen
Hekken til naboen er eit syn med sine flotte haustfargar
Alt var som det skulle vere.Tusla heimatt Vart alt for mykje middag som vanleg Så vart det kaffikos og før eg visste ordet av det hadde eg ete halvparten av ein stor nøttesjokolade…. Plutseleg skar gale Lise i Kva søren er det du held på med…!!! Her strevar du i vekesvis for å prøve å ta av eit kilo, og så gaflar du på deg to ekstra kilo på ein dag..Skjerp deg Kom deg ut å gå!!!! Jau… No er ryggen min ikkje glad i å gå på asfalt for tida så det var ikkje noko alternativ. Så då måtte eg køyre ei mil for å slite meg opp på Einingsfjellet med gale Lise kjeftande i øyrene
Var eit pæs og eit helseslit men utsikten er upåklageleg og nydelige blåfargar på himmelen uti havet. Regndråpane lurte oppi skyene og det kom eitpar Mildt ute men litt vind.Med andre ord meir normalt høstver. Flott avslutning på ei fin helg.i morra er det klart for ny arbeidsveke
No har eg komme meg oppatt i sofaen.Håper gale Lise held stille No er det kosetid:-)Strikking på teppet.Fyr i ovnen og tv. Eg har det jammen bra:-)
Sit på altanen i varmt og godt høstver 15 grader i skuggen.Her i sola er det langt heitare. Fantastisk Hatt ein flott tur over Bygdeheia med veslesysta.Magisk
Gjer så godt for kropp og sjel.Slike opplevelsar kan ein ikkje betale i pengar
Litt vind på toppen men gjorde berre godt Når ein då er så heldig å få servert fårikål etter endt tur er det berre lekker Den var alt for god. Så no sit eg her i solkroken med krimbok og kaffikoppen og verker i magen Det er straffa for ikkje å kunne styre seg
Drittlei av kun å høyre om og lese om skilandslaget og doping fortida Kva som har skjedd og ikkje aner ikkje eg. Det heile er trist.men trengst virkeleg ein intern opprydding. Ikkje bra Men er liksom andre ting som og skjer i verda utenom dette og det amerikanske valget som eg har meir behov for å vite noko om Den spente situasjonen i Barentshavet skremmer meg. Er skummelt .Kva skjer rundt trygge Norge.? Mykje som vi sikkert ikkje høyrer noko om Verda er full av krig og elendigheit Men no er det kun skandalen innan idretten som tel.Så no vart eg lei av å høyre og å lese. Sett meg ut på balkongen med teppet godt rundt meg. Flott haust idag og, men vind Kven veit kor lenge vi kan ha denne idyllen i fred.Håpar lenge❤❤