Skjerpings

Hatt ei fantastisk flott helg.

Ikkje at eg har gjordt noko spesielt.Berre kosa meg.Slappa av og tanka krefter.
Dagen idag har for det meste vorte tilbrakt i sofaen.Hadde meg ein liten tur ut for å sjekke nærområdet på føremiddagen

Hekken til naboen er eit syn med sine flotte haustfargar

Alt var som det skulle vere.Tusla heimatt
Vart alt for mykje middag som vanleg
Så vart det kaffikos og før eg visste ordet av det hadde eg ete halvparten av ein stor nøttesjokolade….
Plutseleg skar gale Lise i
Kva søren er det du held på med…!!!
Her strevar du i vekesvis for å prøve å ta av eit kilo, og så gaflar du på deg to ekstra kilo på ein dag..Skjerp deg
Kom deg ut å gå!!!!
Jau…
No er ryggen min ikkje glad i å gå på asfalt for tida så det var ikkje noko alternativ.
Så då måtte eg køyre ei mil for å slite meg opp på Einingsfjellet med gale Lise kjeftande i øyrene

Var eit pæs og eit helseslit men utsikten er upåklageleg og nydelige blåfargar på himmelen uti havet.
Regndråpane lurte oppi skyene og det kom eitpar
Mildt ute men litt vind.Med andre ord meir normalt høstver.
Flott avslutning på ei fin helg.i morra er det klart for ny arbeidsveke

No har eg komme meg oppatt i sofaen.Håper gale Lise held stille No er det kosetid:-)Strikking på teppet.Fyr i ovnen og tv.
Eg har det jammen bra:-)

2 kommentarer
    1. Godt å ha noen pådrivere..hihih. men kan nok være litt slitsomt ja..Men godt å komme seg ut på tur! ser ut som et nydelig landskap!! Flink har du vært..og da kan man jo kose seg med kake uten dårlig samvittighet!

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg