Er enkelte yrke mindre verd ein andre?

Las her ein dag eit innlegg av ei jente eg kjenner med hyllest til fagarbeidarane eller yrkesarbeidarane i samfunnet.

Sjølv er ho vernepleiar. Var godt skreve og rører ved viktige ting-Takk til Elisabet:-)

Desverre er det slik at enkelte rangerer andre menneske etter kva yrke dei har, og ikkje etter kva dei kan,veit og faktisk meiner

Skremmande.

Har sjølv opplevd å sitte i samtale med personar som var oppriktig interrissert i kva eg meinte heilt til dei spurde om kva eg jobba med..

Då vart det brått slutt.

Seier kanskje meir om dei enn om meg, men gjer noko med meg når eg opplever slike ting

Vel er eg ikkje den som har høgast utdanning.Men det er vel igrunnen meir fordi livet mitt vart slik, og at eg igrunnen har valgt det sjølv. Trivast godt med å vere hjelpeleiar og ville ikkje ha bytt det ut med sjukepleiar eller vernepleiaryrket. Evnene mine er det ingenting i vegen med.Hadde fint klart ei høgskuleutdanning. men strengt tatt så vil eg ikkje:-)

Men livet mitt har vore utmerka sjølv om eg kanskje ikkje får dei jobbutviklingsmuligheitene eller den lønna eg kunne fått med litt meir utdanning

Men eg er ikkje dum for det.Tvert imot:-)Men har mine ting eg kan og har ting eg ikkje veit det spøtt om.Slik er det berre

 

Tankane kom idag då eg las eit stykke om lærarar som ikkje helste på reinhaldarane..

Reinhaldarane er liksom usynlige dei mamma ,sa datter mi etter ein sommarjobb som reinhaldar .Og det var hos oss.

Har sjølv og jobba som reinhaldar nokre år.Tung jobb som krev respekt

Så vi bør vel skjerpe oss alle.

Ingen yrke er meir eller mindre verd.

Vi er avhengig av kvarandre og ingen er heller sterkare enn det svakaste ledd

Uten folk som gjorde reint hadde det vorte dårleg med hygienen for å sei det mildt:-)

Men vi er vel ulike som personar alle. Ikkje alle lar vere å sjå dei som vaskar eller har lågare utdanning enn ein sjølv.

Kanskje det har med korleis vi oppdreg ungane våre .Kva for haldningar vi gjev dei med som ballast i livet i syn på andre menneske

Det gjeld både livssyn og respekt for menneskeverdet

Glad eg sjølv har fått med meg ei god ballast i livet og håpar ungane mine har fått med seg litt gode haldningar ,og ikkje berre minna om ei sint,stressa og kjeftande mamma:-)

 

3 kommentarer
    1. Ja det er ille hvor dømmende folk kan være..jeg er selv hjelpepleier og legesekretær, og har alltid vært stolt av jobben min..Det er VI som tar jobben..i helsevesenet..og det ser som regel pasientene også..så jeg har aldri følt meg under utdannet..men som en “engel” helt sant..Men jeg har kanskje ikke lagt merke til andres holdning..for det bryr jeg meg ikke om.. så lenge JEG er fornøyd..har aldri tenkt at det er forskjeller mellom stillinger..vi er mennesker, og trengs alle mann.. som du skriver..Men nå til dags, er det viktig med utdannelse, for å i det hele tatt få seg jobb! Men det gjelder jo innen nesten alt nå.. Men ille hvor fokusert folk er på status!

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg