stakkars meg :-)

I dag er ein av dei dagane då det meste går tregt
I går hadde eg planen klar.Skulle gå tidleg på fjellet idag og nyte det milde haustveret
Det var igår

Sove dårleg inatt og vakna med rygg som føltes som den var i to og dertil humør
Drog meg inn på kjøkkenet.Fekk på kaffien .svalde litt smertestillande og inn på sofaen
Stakkars meg dag….slo meg at eg kanskje hadde hatt godt av ein tur i marka men laga meg istaden middag litt tidleg…
Åt for både meg og gale Lise.Som ho påpekte ,så åt ho ikkje mat ,men levde på luft og kjærligheit til seg sjølv..
Og det merka eg.Veit ikkje om sterke magesmerter grunna formykje mat er bedre enn vond rygg
Så valde å gå på fjellet.
Ikkje så veldig lurt å gå tur etter det matinntaket.!!
Men har eg ikkje lært det i min alder så får eg slite med det

Rett og slett blytungt idag
Men nesten det tørraste det har vore på stien.Har ein planer om å gå på Vardeheia i Hyllestad kommune bør ein nytte sjangsen no.Tørrare vert det ikkje.Brukar vere veldig vått

Flott😚gjorde godt tross alt, og gamla og ryggen hadde godt av turen

Er dørstokkmila som oftast er tyngst.
Når skoa er komne på og ein er ute går det nesten av seg sjølv
Men koster ein kamp med seg sjølv.

2 kommentarer
    1. Flotte bilder og herlig å komme seg ut! sliter selv med ryggen om dagen..og turene er tunge..men godt for sjelen!! God bedring!

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg