Innekos

Nystekte pannekaker,kaffi og pledd.
Tv og avslapping.
Rett og slett litt sliten, men hærlig å finne godstolen i regnveret

Sånn høststemning
Ingolf har krølla seg sammen på golvet, på sin del av pleddet
Vi må dele meiner han.
Ligge så nær at han kjenner varmen frå meg
Ser på tid for hjem
Nyheitene dreier seg om valg og kriminalitet
Ikkje at det har noko med kvarandre å gjere normalt sett.
Blir litt metta med nyheiter på slutten av dagen,merkar eg
Men må innom for å sjekke:-)

God tirsdagskveld

Ny dag og nye muligheiter

Er i allefall noko vi seier
Her er eg stuptrøtt,stiv og støl og prøver å vakne med kaffi og nyheiter
Går seg nok til utover dagen. men nokon sprudlande morgonfugl er eg altso ikkje

Er litt meir futt i meg utover dagen
Men alle har vel sine stille perioder
Sjølv ei masekråke som meg:-)

I helga skal eg i konfirmasjon til eldste barnebarnet:-)
Tida fyk,og eg gleder meg
Syns ikkje det er så lenge sida han kom til verda, men ser det er mange bunadstørrelsa sida, så konfrmasjonen skjer i kjole hos besta
Får vere greit det,tenkjer eg
Ein må berre akseptere at kiloa har sneke seg på.
Verre å få dei av:-)

Har vorten godt opp i åra sånn uten at hovudet har fått det med seg.For føler meg ganske så ung til sinns…Merkelege greier:-)

Ha ein super tirsdag.
Skal eg og når eg berre vakner:-)

Ingen er feilfrie

Rart dette kor viktig det er å framstå med eit perfekt ytre
Det å ikkje vise svake sider og at verden ikkje alltid er så perfekt
No meiner eg ikkje at ein skal ause ut av si elendigheit.Tvert imot.
Kanskje det er vel så viktig å bry seg om naboen sin.
Ellers kan det vere at vi vert oppfatta temmeleleg så egoistiske og slitande å vere ilag med

Vi lever i ei verd der alt verkar som det må vere perfekt
Men,kva er det å vere perfekt ,tenkjer eg. Det er det nok like mange meiningar om som det er folk. Berre at vi torer ikkje sei det.. Vi er redd for å verke dumme

Alle seier vi ting vi ikkje burde ha sakt,eller gjer ting vi ikkje burde ha gjordt
Som regel er det berre småting, sånn uten betydning og viser berre at vi er menneske
Menneske gjer nemlig feil av og til
No er det sjølvsagt forskjell på det og
Vi skal ikkje med vitande å vilje gjere feil, men småfeil gjer vi alle
Er som regel ikkje noko å lage noko oppstyr om. Skader heller ingen
Eg gjer feil heile tida og er nok for mange temmeleg irriterande.Snakker mykje gjer eg og..Har i det heile stort forbedringsbehov.
Men eg er meg…

Har satt meg som mål og ikkje irritere meg over andre sine feil og mangler..Vrient
Kanskje det ikkje er feil og mangler men berre det faktum at vi alle er ulike..Og at det er eg som er problemet…

Tenkjer det at føler vi at vi er omgitt av kun idioter,bør vi ta ein titt i spegelen..eller søkje hjelp…

Kanskje vi både på privaten og offentleg,Som privatpersonar,eller i politikken heller skulle rose motstandaren eller kollegaen for dei gode sidene, framfor å fortelje kor mykje bedre vi er ,eller helst ta æra for det dei andre har gjordt
Jobbe ilag istadenfor å dra toget i kvar sin retning.
Vi vil som regel same veg uansett..

Vi er ulike. Nokon er utadvente ,krev plass, tek plass og får plass.
Andre jobber i stillheit og held seg i bakgrunnen, men er kanskje dei med best evne til å fullføre ting og kanskje og dei som og har ideen men uten den som er god til å bringe det vidare, står fast..Då er det viktig at den som då er utadvendt huksar på den stille og beskjedne og ikkje stikk av med ideen,æra og berømmelsen:-)Det er irriterande det
Men ærleg talt så treng vi kvarandre. Viktig er å rose kvarandre .Sjå kvarandre og gjere kvarandre sterke..

Åleine er vi igrunnen berre litt lost.

Knirker her og der


Seint oppe
Det meste knirker.
Kroppen kjennes tung.
Ser ut og eit nydeleg ver møter meg.
Tatt kaffikoppen med og satt meg ut.
Kveps og klegg surrer rundt.
Skal rusle ein liten tur før jobb,for kroppen treng bevegelse
Men ellers..Berre slappe av og nyte tida før jobb.

Kjenner at sol og ro gjer meg godt.
God fredag..
Nyt dagen

Kampen mot flugene

Når ein har fri,men må steppe inn då er det ein smule irriterande at sola skin.
Men,kos på jobb,kjekke kollega og ferdig 14..
Så eg tenkte..
Nermaste fjell frå jobb
Treng trim
Og starta oppover.
Vått,varmt og fullt av allslags innsekt som beit,stakk og saug blod.
Og eg svetta..

Av og til var det supert..
Men det var på toppen det balla på seg.

Her var det vanvittig med hissige småfluger..
No veit eg ikkje kva for uoverstemmelsa telefonen min har med Ut.no.
Dei nekter totalt å ha noko med kvarandre å gjere..
Kven blir den lidande part..
Eg.
Så då var det ei muligheit til registrering.
Kjempe meg fram til postkassa.
Trive boka,springe vekk,notere og same sirkuset for å få boka oppatt i.
Rett og slett utrivelig.

Hadde gleda meg til sjokolade og mandarin på toppen,men det var berre å komme seg derifrå..
Men kom meg no opp og ned.
Tok si tid,men fekk no svetta litt og gjorde godt.
Resten av soltida vart på altanen med bok.
Nydelig dag.
No lader eg opp til arbeidshelg

Ut meg her og der…


No slapper vi av.
Ferien er overDen følelsen når ein går inn på Ut.no og skal sjekke turane sine og finn kun 9 av 10..
Synd å banne men sa noko mindre pent.
Eg akter ikkje oppatt på Sauesnyken for nedstigninga er ikkje den beste.
Heldigvis oppdaga eg at det og var greit å skrive i turboka..
Det har eg gjordt.
Prøvde registrere meg på ut og,Trudde det var ok..
At eg aldri lærer å sjekke før eg går derifrå..
Jaja..


Var for opptatt med å få i meg mat.

Idag vart det Førde og injeksjon på auge.
Kom meg gjennom vegarbeidet før det stengde 13.
Blir jo stressa av desse 2timars stengingane.
Kan køyre anna veg ,men 2 mil lenger er eit stykke.
Sparkjøp sin 12/4 heklegarn var utgått..
Og hadde kun ein rød maxi..Eg treng to.
Var innom. Kiwi i Dale.
Der såg det ut som nokon hadde rana butikken.
Omtrent tomt for kjøtt..
Var litt usikker på når varene kom..
Jaja.
Hadde på coop😀
Merkeleg kor ting er utseld når eg treng det.
Nok dårleg karma…

Det er i motbakken ein vert sterk

Iallefall vert ein sliten..
Veldig sliten.

Ein føler seg iallefall viktig når ein har nokon som går bak og passer på.

Og treng ein ein pause,så stopper vaktmannen i god avstand.
Vil ikkje gå forbi.

Om det gjorde meg så mykje sterkare trur eg ikkje,men under mottoet sammen er vi sterke kom eg no både opp og ned.
Og for retningsville og ikkje skarpsynte meg var det viktig med ei som gjekk føre motiverte og fann vegen.

Idag har eg berre kosa meg inne i regnveret.

Ingolf går for nærheit han.
Eg er litt meir for avstand.
I det heile litt sær.Det bryr ikkje Ingolf seg om.
Grei slik.
Toler både stress og kjefting.
Preller av.
Tenkjer berre på nærheit og mat.

No driv eg å leiter etter noko eg antageleg har gjøymt på ein då lur plass,som eg no ikkje aner kor er..
Irriterande..
Ligg sikkert omtrent framfor augene men alikavel usynleg..
Gjer meg tussete…Slik er det når ein trur ein er smart..
No fann no oslofrøkena noko av det eg lette etter der eg hadde sett…fleire ganger..Men fortsatt mangler eg 1 ting…

Ha ein super kveld..
Eg må tenkje og leite litt til

Sauesnyken og Panoramaen


Ingenting slår matpause med nytrekt kaffi og boller med kvitost.
Service

Gjorde og smakte godt altso.

supert turfylgje.

Glatt og vått og litt slitsom nedstigning.

Hadde nok med å halde meg på beina.
Men så kom vi til Grillhytta.
Fantastisk.

Regnet kom og vi gjekk inn for å få på jakker.
Utruleg fint og varmt og godt.
Grendalaget i Leirvik gjer ein super jobb.

Nokon ser ut som det er greit å snart vere i mål.
Litt kjekt med figurer langs skogsvegen nedover i regnet.
Litt lenger enn ein trur.

Treng to biler til denne turen.
Så no var det å sette seg i Larris og køyre via Lavik for å hente den andre..
Tilbake til start.

Grått og vått.Fresta ikkje gå oppatt🥳

Godt å krølle seg opp i godstolen ikveld.
Takk for turen og eg er i mål.
Hipp hurra🥳

Superoverraskelse❤️

Hadde gitt det opp eg.
10 turen i ferien.
Men idagtidleg kom melding frå mellomste.
Vil du gå idag..
Alt anna vart avlyst.
Selvfølgeleg vil eg det..
Langtur..
Laviksåta-Sauesnykjen og ti Panorama utsikten.
Tre i ein smekk..
Tungt opp på Laviksåta..


Tok tid og krefter frå ho som gjekk i midten..altso meg..

Rett og slett himmelsk å vere oppe.
Kaldt på toppen,så litt meir klede måtte på..

Og vi gjekk og vi gjekk…

Endelig topp nummer to.
Tok nokre timar hit..
Klar for matpause..
Sliten men fatta🥳