Hadde planer om å klare 10tur Hyllestad i ferien,men det skar seg. Har litt tid på meg enno .men mangler 3… Tok den kortaate og fine igår. Vakkert i Drøsdalen. Skogsveg heile turen. Hadde støvler i bilen,men optimist.. Angra litt,og vart litt våt Men stort sett fin veg. Målet nådd. Langesjøen. Balsam for sjela. Alle kan låne,men eg er landkrabbe.. Idyllisk plass og kort tur.
Om eg rekk dei tre siste veit eg ikkje. Kan jo halde hardt,for er ikkje gjordt i ei snarheit. Men,tida vil vise.. Søvn vart det lite av inatt,men,sånn er det med den saken
Valget nermar seg og sjølv har eg kjøyrt rundt med valgprogrammet vårt. Nokon må det og. Nett som meed basarbøker..Vi har våre roder🥳 Viktig at ein brukar stemmeretten sin. Sjølvsagt ser eg helst at ein stemmer Ap,men det viktigaste er at ein gjer seg opp si meining og bruker stemmeretten.
I lokalvalg går det oftast på saker som fenger følelsane eller og rett og slett personvalg. Her er vi kun tre parti. Trur nok at alle vil det beste for kommunen. Her har vi ikkje så mange ting som splittar. Ein skule,ein barnehage og eit omsorgssenter. . Men litt ulike på prioriteringar er vi nok,men dei store skilnadane lokalt ser eg ikkje. Det merker ein meir på fylke og sentralt. Alltid spennande,syns eg. Viktig å sei si meining ved å stemme.
Alltd irriterande når ting er på tilbud ei veke og når du kjem på butikken.. Utsolgt. Så null vaskepulver på Europris…kjøpte anna til full pris for var tom. Akkuratt to poser chips att på coop. Eit par joggesko igjenn str 39 på sporten. Då må ein jo ta den fargen dei har. Men,kjøpte mykje sånn kosemat. Eg er igrunnen god på å bruke peng. Men,er no eg som har jobba for dei og mat må vi ha.Og når ein treng ting kjøper ein jo uansett.. Fullt med mygg ute og yrer så fresta ikkje med kveldstur heller. Gjer som Ingolf.. Slapper av..
Frisørbesøket var dagens høgdepunkt. Berre lekkert å verte dulla med. Held meg her hos Ingrid. Snartur innom mamma og må innrømme.. Var så svolten då eg kom heim at eg kutta ut lufteturen og laga meg litt for mykje middag.. Men åt opp alt… Har iallefall unngått flom og huset fullt av vatn Så får eg heller tole regnfull ferie
Nesten så ein ikkje heilt skjønner kor stor skade denne flommen som Hans førde med seg,har gjordt i øst Konsekvensane for dei som har mista det meste er stor Akkuratt no er eg glad eg bur her i vest,sjølv om regnet her kan vere i meste laget
Uff…Berre trist
Her hos meg står frisørbesøk på tapetet Gleder meg til å verte dulla litt med, rett og slett. Få litt farge på midtstripa. Ikkje gul altså ,men heller den meir trasige rødbrune eg har:-)
Ikkje det mest ynskjelege ferieveret,men det kan eg no ikkje gjere noko med. Prøve å få bunadsskjorta kvit att,men den har fått ein gulfarge eg slit med å få av.Tek tid
Jaja,,,skal ikkje vere enkelt
I det minste så regner det ikkje så mykje ute idag,så ser lys i tunellen:-) Frå idag kan ein forhandsstemme Eg oppfordrar alle til å bruke stemmeretten sin Uansett kva parti ein vil stemme på Skal og vil ein gjere noko med korleis ein har det,er det viktig å sei ifrå korleis ein sjølv vil ha det Sofaveljara har igrunnen veldig liten innflytelse. Berre å klage har lite for seg.Det klarer alle:-)
Viktigaste er vel at dei unge blir høyrt
Imens så får eg prøve å få kroppen igang Litt meir kaffi .Må jo planlegge:-)
Heisann Her sit vi to Endeleg ser vi ,og mangler kun eitpar knapper så er vi klare for verda. Tok si tid. No må visst matmora til naboen på knappejakt Her i huset er det ikkje orden på nokon ting
Etter to dager der eg stort sett har sove,er eg tilbake til normalen. Uvisst grunn har eg ein sånn uggen magefølelse. Så kan like godt vere oppe. Trøtt er eg heller ikkje Trist med all skaden Hans fører med seg. Her har vi berre sett vesle Hans.
Regna i bøtter og spann her og. Hadde meg ein regnverstur. Kan ikkje berre sitte inne.0 Nærmar seg konfirmasjon til barnebarnet,så må vinne ut kor eg gjorde av bunadsskjorta. Bunaden min har krympa fleire størrelsa så den overtek dattera. Ingen bunad på meg,så får sjå om eg kanskje bør kjøpe ny kjole. Ein ukrympa ein. Eller helst ferdigkrympa.. Sånn er det med den saken. Skal ikkje vere enkelt.
Håper Hans roar seg snart så ikkje han gjer meir skade. Trist å sjå all oversvømmelsen og rasa. Naturen er skummel. Kanskje eg bør gi søvnen ein sjanse
Er nok eit snev av Hans her og. Har blese og regna godt,men det er vi no vande med. Slakk i kropp og vilje. Starta bra igår med tur og bakelyst. Men,sånn plutseleg slo kroppen av brytaren og eg havna på sofaen. Regna,så fekk selskap. Så der vart vi verande. Har iallefall fått nok søvn,men slakk fortsatt. Er nok litt småforkjøla
Men heilt greit med nokre innedagar og. Må få montert på deler på desse to. Sy auge og finne nokre knappa. Lære meg å gjere alt ferdig med ein gang❤️ Ein ting veit eg.. Orker ingen morgontur i regnklær
Hans skal visst komme idag. Kjem ubedt han,når det passer han. Jaja Vi får ta det som det kjem. Oppmerksomheit får han iallefall Har vore ei nydelig helg Burde nok gått tur før det tek av
Sola skin Fortsatt ferie og gamla har lese Ulven ferdig og starta på ny bok Tek dei litt i feil rekkefølje men ikkje nøye Sove godt inatt har eg og. Berre velstand. Høyrer på båttrafikken på sjøen og bilane som suser forbi Ingen fuglessang. Skyene har starta å komme og bles bra Men,sit lunt her i hjørne mitt.
Berre nyt dagen og tilverelsen. Vurderte fjelltur men altan og bok er viktigare idag. Fortsatt god søndag
Boder,god mat,musikk og uhøgtidleg konkurranse Politiske parti mot brannvesenet 5 kongler i boksen.. På med redningsvest og ut i kano.. Her er det blodig alvor Tett mellom sp og ap.
Men så kom reknestykke og problemløysing. Tok tid. Og der kom brañnvesenet inn som ei kule bakanifrå. Dei er vant til å tenkje smart og fort. Og vipps..Dei vann Flott jobba og sporty av alle.
Musikken dukka opp her og. Kjempekos. Kom folk til fots,med bil eller båt🥰 Mykje folk,ein periode med kald vind før sola dukka opp att. Koselig dag og takk for den fsntastiske jobben komiten har lagt ned. De er supre. Ingenting gjer seg åleine