Ingen er feilfrie

Rart dette kor viktig det er å framstå med eit perfekt ytre
Det å ikkje vise svake sider og at verden ikkje alltid er så perfekt
No meiner eg ikkje at ein skal ause ut av si elendigheit.Tvert imot.
Kanskje det er vel så viktig å bry seg om naboen sin.
Ellers kan det vere at vi vert oppfatta temmeleleg så egoistiske og slitande å vere ilag med

Vi lever i ei verd der alt verkar som det må vere perfekt
Men,kva er det å vere perfekt ,tenkjer eg. Det er det nok like mange meiningar om som det er folk. Berre at vi torer ikkje sei det.. Vi er redd for å verke dumme

Alle seier vi ting vi ikkje burde ha sakt,eller gjer ting vi ikkje burde ha gjordt
Som regel er det berre småting, sånn uten betydning og viser berre at vi er menneske
Menneske gjer nemlig feil av og til
No er det sjølvsagt forskjell på det og
Vi skal ikkje med vitande å vilje gjere feil, men småfeil gjer vi alle
Er som regel ikkje noko å lage noko oppstyr om. Skader heller ingen
Eg gjer feil heile tida og er nok for mange temmeleg irriterande.Snakker mykje gjer eg og..Har i det heile stort forbedringsbehov.
Men eg er meg…

Har satt meg som mål og ikkje irritere meg over andre sine feil og mangler..Vrient
Kanskje det ikkje er feil og mangler men berre det faktum at vi alle er ulike..Og at det er eg som er problemet…

Tenkjer det at føler vi at vi er omgitt av kun idioter,bør vi ta ein titt i spegelen..eller søkje hjelp…

Kanskje vi både på privaten og offentleg,Som privatpersonar,eller i politikken heller skulle rose motstandaren eller kollegaen for dei gode sidene, framfor å fortelje kor mykje bedre vi er ,eller helst ta æra for det dei andre har gjordt
Jobbe ilag istadenfor å dra toget i kvar sin retning.
Vi vil som regel same veg uansett..

Vi er ulike. Nokon er utadvente ,krev plass, tek plass og får plass.
Andre jobber i stillheit og held seg i bakgrunnen, men er kanskje dei med best evne til å fullføre ting og kanskje og dei som og har ideen men uten den som er god til å bringe det vidare, står fast..Då er det viktig at den som då er utadvendt huksar på den stille og beskjedne og ikkje stikk av med ideen,æra og berømmelsen:-)Det er irriterande det
Men ærleg talt så treng vi kvarandre. Viktig er å rose kvarandre .Sjå kvarandre og gjere kvarandre sterke..

Åleine er vi igrunnen berre litt lost.

4 kommentarer
    1. Fint innlegg ❤️ Vi er mange som ikke er perfekte, ja, og ingen kan være perfekt hele tida. De fleste strever etter å være den beste utgaven av seg selv, men som oftest er likevel bra evig nok nok. 🤗

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg