Det er i motbakken ein vert sterk

Iallefall vert ein sliten..
Veldig sliten.

Ein føler seg iallefall viktig når ein har nokon som går bak og passer på.

Og treng ein ein pause,så stopper vaktmannen i god avstand.
Vil ikkje gå forbi.

Om det gjorde meg så mykje sterkare trur eg ikkje,men under mottoet sammen er vi sterke kom eg no både opp og ned.
Og for retningsville og ikkje skarpsynte meg var det viktig med ei som gjekk føre motiverte og fann vegen.

Idag har eg berre kosa meg inne i regnveret.

Ingolf går for nærheit han.
Eg er litt meir for avstand.
I det heile litt sær.Det bryr ikkje Ingolf seg om.
Grei slik.
Toler både stress og kjefting.
Preller av.
Tenkjer berre på nærheit og mat.

No driv eg å leiter etter noko eg antageleg har gjøymt på ein då lur plass,som eg no ikkje aner kor er..
Irriterande..
Ligg sikkert omtrent framfor augene men alikavel usynleg..
Gjer meg tussete…Slik er det når ein trur ein er smart..
No fann no oslofrøkena noko av det eg lette etter der eg hadde sett…fleire ganger..Men fortsatt mangler eg 1 ting…

Ha ein super kveld..
Eg må tenkje og leite litt til

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg