Kor tek dei energien frå?

Blir så imponert over folk eg har rundt meg
Dei orker og får tid til alt
Huset og hagen er flott,dei jobber,trimmar og ha tid til det meste….

Her er eg..Går vel og merke på jobb,luffer ein tur etter vegen,og det er det

Huset ser ut som det er bomba.Resten og.Orker ikkje fritidsaktiviteter og vil berre krølle meg ned i sofaen og sove…

Eit eller anna gjer eg nok feil,men kan jo vente på eit under.
At energien skal komme fykande,sånn plutseleg:-)

Imens tek eg meg ein kopp kaffi og prøver å vakne til liv:-)
Ha ein fin dag

Spetakulært


For ein himmel som viste seg på ettermiddagen igår.
Vi måtte ut å nyte på jobb.
I tillegg var det vind.
I sterk kontrast til skoddehavet som var då eg køyrde på jobb..
No er det ganske mykje vind ute..
Skoddefritt😊

Skremmande tilstander i nabolanda
Trump vil verte president att..
Alt er mulig

Ha ein super dag

Sovne der ein ikkje skal:-(

Veit ikkje kva det er med meg og soneterapi
Var der igår.
Starta som vanleg.
Låg på benken
Kjende at nålene stakk og gjorde litt ilt.
Let att augene og tankane dei for avgarde og kava seg opp med eit og hitt..
Gamla samla alle kreftene…

Ro deg ned,sa eg til meg sjølv…Slapp av…
Funka nok super,for etter ei stund så hukser eg ikkje meir før eg var ferdig

Sove og snorka på..Skikkeleg pinleg,spør du meg…Du slapper no godt av sa terapeuten….Jau…
Kanskje eg neste gang berre skal la tankane ta overhand og løyse nokre verdensproblem…

Reknar med dei høyrer meg gjennom veggene….

God morgen🐣

Utkvild, og sove i perioder nesten for tungt.
Når ein nærmast vert angrepen og bitt av tre villkatter på matjakt, så har ein behov for å komme ut av drømmeland.
Tyde draumen har eg ikkje behov for.


Nydelig og stille morgenstund.

Tatt oppatt og ferdig med mesteparten..
Tommel gjenstår og treng meir av den grå ser eg..No har eg kasta vekk fargenummeret:-(

Tenkte eg skulle drikke te istadenfor all kaffien om kveldane.
Hadde peppermyntete,så tok det i gårkveld
No ser eg på nett at peppermynte visstnok hjelp mot det meste..
Kom til å tenke på den gode peppermyntedropsen vi hadde før..Mulig det er grunnen til svoltne katterdrømmen:-)

No er det nok ikkje desse formene av peppermynten som virkar helbredande..
Men det gjeld å ha trua.

Langtur med tog tek lenger tid enn for 22år sida,les eg..
Verda går sakte framover..er det same toga,så er det vel ikkje så rart

Klokka er snart 08.
Gamlemor drikk kaffi:-)Ikkje så glad i te at eg drikk det til frukost:-)
Fri,og kjenner det skal verte godt:-)

Ha ein superfin mandag

Øving gjer meister

Heiter det iallefall.
Hos meg er eg meir usikker.

Men kan jo ikkje gje opp heller.
Tek meg berre ein pause..så får eg rekke opp…ser feil ut

No er det jobbehelg,så då vert det mindre av dette uansett.
Dei forrege gjorde naboen ferdig.
Desse får eg sjå om eg klarer sjølv.

Mykje nedbør i vest..
Og vind..
Ras og oversvømde vegar.
Her er vegane åpne trur eg.
Må på jobb uansett.

Men først må eg få kroppen igang.

Ha ein fin fredag

No går det meste tregt

Seint oppe,kjem ikkje igang og kjenner meg rett og slett lat
No gjer ikkje veret det noko bedre,ærlig talt
Pøsande regnver er ikkje det som får arbeidslysta mi til å sprudle over.
Sit berre her med kaffikoppen og prøver få så mykje fart i kroppen at eg orkar røyse meg og gå inn til naboen:-)
Då er det gale
Ingolf har det på same måten ,ser det ut til
Var eit volsomt liv til han fekk at.Kikka ut og enda på sofaen:-)

Men,her må eg ta meg sammen.
Godt eg har fridag.
På med vestlandsbunaden og inn til naboen ein tur:-)

Vind og regn skal ikkje stoppe meg:-)

Ha ein fin dag

Det hangler og går

Dagane spring liksom ifrå meg.
Merkelege greier.
Fekk med meg musikkbasar i Brekke på søndag.
Litt kjekt å krysse Sognefjorden.
Ikkje så ofte eg gidd nokonplass..

Fin musikk og koselige folk.
Støtta i det minste ei god sak😊

Er liksom heilt tom fortida.
Jobber og et og søv litt innimellom.
Det er høst😊
Litt meir avslappa til tilverelsen Ingolf

Så lenge han får mat så er han fornøgd.

Gjesp..her og..
Fri i morra..
Kanskje eg får løkane mine i jorda..
Det er håp..

Sov godt

Går kanskje akkuratt?


Er det nok lyseblått?
Gløymer alltid å sjekke meter tråd på desse nøsta..
Håper det går akkuratt.
Må ta opp sluttfellinga på den første,for ser ikkje ut i måneskinn…
Eller dagslys😊
Men mønsteret var enkelt og greit.
Berre eg no får dreisen på tomler og felling..
Idag treng eg vere litt husmor ser eg
Hybelkaninene har overtatt.
Burde hatt litt fleire ordensgen.
Men,har ein plan.
Ute er det skikkeleg vestlandshøst.

Trump har dukka oppatt i media.
Klar for å bli president att han.
Har dei ingen undrr pensjonsalder som kan stille til valg?
Vel er det beundringsverdig ,men kanskje ikkje like lurt med voksne menn langt over pensjonsalder..
Trump er meir enn spesiell..
Men er jo mange som trur på han..

Men sjølv treng eg berre litt arbeidslyst så eg klarer å få unna litt av alt som samler seg opp.

Ha ein super dag.

Helg

Her ligg vi og slapper av etter middag.
Har sove litt.
Spekesild til middag
Var kjempegodt.
Søvn var mangelvare inatt,men kom som eit skudd no.
Tatt helg begge to.

Burde fyrt i ovnen,men då må eg stå opp..
God fredagskveld

Planetdrepar

Skumle saker.
No er det oppdaga skumle store astroider i solsystemet som ,visst dei treff oss…ja så er det over
Den store smellen.
Er mykje uti verdensrommet,og skal godt gjerast att alt altid klarer å unngå å treffe vesle Jorda
Men kjem den,så veit vi ikkje meir..Det får vere trøsta

Dystre ting ein les på morningen.
Her har eg og Ingolfen krølla oss godt ihop på kvar vår kant.
Eg i stolen og han ved beina mine.
Regnet plasker ned og er innever ,seier han…
Skikkeleg haustver:-)
Godt å berre ha tid å nyte kaffikoppen og vakne i fred og ro

Etter tre dager på kurs er det godt berre å sleppe å bruke dei små grå meir enn høgst nødvendig.
Fekk ikkje til deen fellinga på votten som mønsteret sa.Vart skikkeleg stygt..Så må ta oppatt.
Oppdaga at eg har for lite tråd og..Berre elendigheit..:-)Må sjå om eg berre bruker ein annan farge framme på vottane..Er jo ein prøve…
Strikking har aldri vore mi greie:-)