Liker igrunnen program som viser folk si evne til å spele og manipulere. Sjå om dei vert gjennomskua eller ei. Skremmande av og til kor lett andre vert med på galskapen. Anten for å redde eige skinn,eller fordi dei har andre grunnar. Fekk med meg reprisen idag. Kjem nok ikkje til å sjå alt,men dann og vann.
No er det nyheiter. Alt frå sofakroken. Vart litt for mykje middag og åt is for ein heil familie.. Bør ikkje kjøpe slike fristelser.
Kanskje eg får med meg valgstudio,men spørs om eg sovner frå heile greia.. Har det godt her i sofaen..
Ikkje nokon modell akkuratt.Meir ei heks Har havna i sofaen. Litt svolten,men prøver halde meg til middagen er klar.. Må innrømme..eg åt ei banan. Hatt meg ein luftetur etter jobb. Greit å få det gjordt før sofaen.Då er det meir ett slit. Fint nede med sjøen. Fann roa og fekk tømme tankane. Middag og tv. Flott slutt på ein fin dag
Kvifor ein står på stand i skuggen og ikkje i sola kan ein jo spørre seg om.Men sidan vi ikkje godt kan stå midt på ein parkeringsplass så vert det slik. Var rett og slett bikkjekaldt,men dog koseleg Var innom Reiduns blomster,som har litt av kvart opptil fleire ganger.Måtte jo få i meg varmen. Så no er eg eigar av ei stor blomsterpotte og 12 vannglas. Ikkje at eg hadde planlagd det,men vart berre slik Trengde begge deler,men har det fortsatt i bilen… Bør hentast.. Nydeleg ute,men eg sit under pleddet og prøver få varmen i kroppen. Hadde planer om å rydde litt,men utsatte det til i morgon. Men no har eg nett lova å jobbe,så mulig eg bør ta meg sammen og gjere litt ikveld Får kanskje varmen i meg då.
Hadde meg ein tur innom grava til pappa på heimvegen.Fin gravplass Velstelt. Litt vedmodig men gir samtidig ro.
Men kanskje eg berre skal få litt orden i sysakene:-)Rydde litt.Hente tinga i bilen… Ha ein fin lørdagskveld:-)
Kanskje ikkje så rart eg likar Hufsa frå Mumidalen. Ho glir rett inn .. Kalt men fasinerande.. Kjenner det er tid for genser og jakke. Har hatt ein lang og tørr sommer.. Men no er det høst..
Les nyheiter på nett og håper at cold case teamet har rett gjerningsmann. Sove minimalt Sola trenger gjennom heldigvis. Skal på stand idag og. Håper sola varmer godt. Sjølv har eg forhandsstemt. Håper mange finn vegen til valgurnene og bruker stemmeretten. Kva ein stemmer på er opp til den enkelte..
Søvnen stakk plutseleg av etter ein time,så sto til slutt berre rett og slett opp. Blogglesing på natt hos meg
Har i det siste lese mykje om kvinneguiden og blogg Har ikkje vore på det forumet ,og trur eg skal la det vere Høyres nesten skummelt ut heile greia,spør du meg
Har ikkje skjønnt prinsippet om kvifor ein må kritisere andre på nett anonymt. Det ein ikkje kan sei direkte bør ein la vere,.
No er eg ikkje flink å skrive,og skriv heller ikkje for å tjene peng. Skriv berre ned det eg måtte ha på hjertet,og det er ikkje stort det heller til tider:-) Men er som eg er. Syns det er greit med forskjellig type blogger,der vinklinga er forskjellig,og meiningane ulike men det er meg Er det rart det er krig i verden:-)
Beck er på tv Mulig eg skal legge meg på sofaen og prøve sovne til han:-) Er jo reprise.. Ha ein fin lørdag,når de vakner til liv
Fekk nesten kuldesjokk eg.. Skulle berre i full fart inn til naboen.. Brrr. Plutseleg vorten haust og eg merka kor godt sola varma før idag.. Eg mista lysta på kveldstur..Vart pledd og sofa.
Men veret er fint det ,berre at no må ein til med jakke.. Kanskje på tide og ienke på dei plantene eg må ha inn før vinteren. Men har forhåpentlegvis litt tid på meg. Har gjordt godt med ein fridag
Sove lenge,eller gadd ikkje stå opp.. Kroppen vil rett og slett ikkje starte idag. Greit nok.Idag kan kroppen bestemme og toppen kvile.Eg har fri. Kjenner at det var akkuratt det eg trengde.
Skodde ute,men sola prøver å trenge igjennom Vi får sjå kva det blir. Trur eg skal ha ein kosemeginnedag idag.’Kanskje snakke litt med støvsugaren. Sjå om vi er på lag.Ikkje alltid vi samarbeider like godt. Mulig eg skulle hatt ein robot. Hadde kanskje vorte endå meir sur på den.
Enn så lenge får denne her halde meg med selskap. Ha en super fredag
Har høsta plommeme mine idag eg:-)Som de ser…ikkje mange,ikkje store,men dei er altså høgt elska og velkomne Er vel det som er det viktigaste.At eg skal ete dei treng dei ikkje vite om..endå
Var faktisk hærlig å kjenne regnet kjærtegne ansiktet etter gammalt.Virka roande . Viktig med vatn,og det lukter så friskt. Høsten er her. Blomstene i vegkanten er bytta ut med sopp Nydeleg farge på rognebæra Høstfarger og våt veg Fortsatt nesten ikkje vatn i bekkane Men godt for jorda med duskregn som trenger ned,og ikkje renn av Fann ei vakker rose i hagen som sto der så fornøgd og lyste opp tilverelsen:-) No er det sofa,pledd og levande lys.
Smittetala berre aukar og aukar. Vi lever strengt tatt slik som om smitte ikkje fans. Eg og…Ikkje bedre enn andre,men er eg trygg Ja då..Eg er fullvaksinert,men smitta kan eg bli. Kor sjuk blir eg av covid? Det kan vere eit åpent spørsmål,og sikkert veldig individuellt. Fortsatt mange som kun har fått ei sprøyte.Mange som har valgt å ikkje få.
Eg veit ikkje kven…Men tenkjer eg nok på avstand heile tida.. Har vorte slappare,må berre innrømme det. Livet og verden må gå vidare..Kva venter oss rundt neste sving? Høyres negativ ut no på morningen,men eg berre lurer
Dikt til ettertanke Vakkert syns eg. Skodde ute idag.Sånn heilt grå dag. Det fantastiske veret vi har hatt her hos oss er nok slutt.. Treng vatn,så kanskje like greit. Hortejakta har vel starta no,så då er det greit å ikkje gå på fjellet og …Ikkje at det er farleg,men brukar å halde meg unna dei første vekene.. Mørke kveldar og kortare dager,gir meir innetid.Koseleg det og
Møtedag idag,så kan vakne litt lenger. Valde å avspasere eitpar timar på morningen. Trur det var ein lur ida,for kjenner at gleder meg til langfri ihelga. Ser ut som her trengst litt opprydding i heimen:-) Ha ein super dag
Tante Berta er 108 idag.. Ikkje mi tante,men far min si.Familiens eldste Litt av ein alder.Minna er frå 100 års dagen. Syns ikkje det er så lenge sida eg.
Får meg til å tenke på at eg sjølv dreg på åra.Ingen tru på at eg når den alderen.Det er det få som gjer,og kanskje det er greit slik
Smittetala i Norge stig,og vi er no på smittetoppen i Norden.Ja då..Det har nådd oss og Trur kanskje vi har vorte vel så uforsiktige i takt med at fleire er vaksinerte. Greit vi skal løyse opp,men er ikkje så kjekt å verte sjuk og måtte i karantene uansett,tenkjer eg.
På tv er det korona eller valg fortida. Fekk ikkje med meg partilederdebatten,men hadde ein vel så kjekk kveld på personalmøte. Lang kveld,men gjekk fort. Greit å samlast og sette ord på ting,men samtidig håper eg at ikkje slike møte gjer at nokon vert sjuke. Er slik det er no.Ein veit aldri.
Nok ein fin dag,men skodda ligg litt tjukk. Møte kl 12 idag,så kanskje eg skal rusle meg ein tur ut,istaden for husarbeid.Det står seg,men kroppen stivnar uten bevegelse:-)
Bestillte service på bilen.Slik stor ein må til no…Her vert det vatn og brød i månadsvis,men bil må eg ha…Ingen kollektivtrafikk forbi mi dør:-)