Kvifor ein står på stand i skuggen og ikkje i sola kan ein jo spørre seg om.Men sidan vi ikkje godt kan stå midt på ein parkeringsplass så vert det slik.
Var rett og slett bikkjekaldt,men dog koseleg
Var innom Reiduns blomster,som har litt av kvart opptil fleire ganger.Måtte jo få i meg varmen.
Så no er eg eigar av ei stor blomsterpotte og 12 vannglas.
Ikkje at eg hadde planlagd det,men vart berre slik
Trengde begge deler,men har det fortsatt i bilen…
Bør hentast..
Nydeleg ute,men eg sit under pleddet og prøver få varmen i kroppen.
Hadde planer om å rydde litt,men utsatte det til i morgon.
Men no har eg nett lova å jobbe,så mulig eg bør ta meg sammen og gjere litt ikveld
Får kanskje varmen i meg då.
Hadde meg ein tur innom grava til pappa på heimvegen.Fin gravplass
Litt vedmodig men gir samtidig ro.
Men kanskje eg berre skal få litt orden i sysakene:-)Rydde litt.Hente tinga i bilen…
Ha ein fin lørdagskveld:-)