Lørdagspizza


Lørdagspizza.

Utseende er ikkje så viktig og smaken..tja..
Var svolten og tenkte att..Lager meg pizza.
Toro er tingen.
Kjøttdeigen vart bruna.
Henta fram pizzafyll i skuffa.
Fekk nytta resten av kvitosten og i ovnen bar det.
Gamlemor sette seg framfor pcen..
Pizzaen vart litt godt stekt,men brukande..
Smaken var derimot ikkje den eg trudde..
God var den,men noko var feil.

Ut i bosset.Opp med posen.På med brillene..
Tomat og urter….Kortid kjøpte eg den?
Liker best med løk eg..
Jaja..uten briller kjøper eg mykje rart.
Var grei nok.Åt meg mett og vel så det.

Men uansett greit å få den brukt sidan eg eingang hadde fått den i hus.
Frose resten i posjonsstykke.
God lunchmat.
Greit å ete før seinvakt..

Utilsikta reklame for vinmonopolet:-)

Ikkje enkelt.

Idag har eg vore på stand som vanleg om lørdagane i det siste

Som vanleg sto vi side om side med senterpartiet:-)
Vi er gode venner og skal forhåpentlegvis samarbeide 🙂
Men til saken
Sånn i full fart idag kom eg på at eg måtte ha ein pose til bosset.
Ser ikkje så veldig godt på nærthald uten briller.
Tok den første og beste.Vel inne festa eg posen på sida av teltet.Utsida.Godt synleg….
Levde i trua at det var sånn pose frå matbutikken…
Før ein tidlegare kollega lurte på om det var lurt med reklame for vinmonopolet…
Gjeld å finne svar fort,så eg sa at…Vi er jo for folk flest:-)
Men eg hengde altså posen litt mindre synleg….Har gjordt same tabben før…
Typisk meg..Og eg drikke igrunnen aldri alkohol….Jaja..Det er det ingen som trur:-)
Sånn typisk meg:-)

Er igrunnen trivelg å stå på stand.Idag var eg frykteleg glad for at vi endeleg har fått oss telt.
Der måtte våre gode samarbeidspartnara hjelpe til med å sette det opp:-)
Samarbeid er viktig uansett kva ein jobber med

Det rare lykketrollet mitt har liksom litt hedersplassen:-)

No er det nyheiter med påminning om det fryktelege som skjedde i usa 11 september

Hodelause duer

Grøss og gru,tenkjer eg
Kva glede kan ein ha av å gyve laus på fugler på den måte

Jadå..duer og måser kan vere frykteleg irriterande
Har tenkt tanken når måsen går til angrep og både eg og bilen er kvite av måseskrik..
Men eg gjer det ikkje…Det er forskjellen …

11.september idag,og vi minnast flya som kjørde inn i Wold trade center..
Grusom hendelse,og minner oss om at det er utruleg kva ein kan gjere og er i stand til som menneske.

Heldigvis er det ikkje så ofte slike ting skjer,men er katastrofalt når det skjer.

Fått svar på coronatest 2 idag og eg er like negativ som eg brukar å vere.
Har av og til sine fordeler.
Men greit å teste seg når formen ikkje er heilt på topp
Berre sånn hangler litt,men vil ikkje heilt sleppe taket.

Snart på tide å komme utav pysjen og i dusjen.Tiltak berre det:-)
Latskapen lenge leve:-)
Ha ein super lørdag.
Her er det grått og vått

Dei små ting

Dei dukker opp som paddehatter
Sopp overalt langs vegkanten.

Plutseleg er naturen full av desse små vesena.
Om dei er giftige eller ei det aner eg ikkje.
Et ikkje sopp.
Men syns dei er eit vakkert syn.

Varm,stille og trolsk dag.

Dei to siste plommene på plommetreet eg kjøpte hos Hjartebladhagen ifjor.
Er seint modne.
Håper treet veks og trivast.
Ingen hageekspert.

Men har dermed stort forbedringspotensiale.
Noko berre det.

Trolsk stemning


Mildt,men skodda ligg som eit mjukt teppe over landskapet.

Gamlemor er rett og slett stuptrøtt.
Men fekk så lyst på frukost.
Kun mat med meg fortida.
Koker meg egg.
Det får halde…og kaffi..

Det er frihelg..

Snart valg.
Bruk stemmeretten.
Må innrømme at det kan verte vel mykje valg fortida.
Kan av og til vere kjekt å høyre om andre ting.
No er det sovetid.
God fredag

Tja,kva skal eg sei:-)

God morgen frå sofakroken
Tett i pappen ,men bedre enn i går heldigvis.
Litt lite søvn,men får prøve å sove litt i ettermiddag.Nattevakt uten nok søvn,er litt slitsomt:-)
Grått og trist ver,så akkuratt passe sovever:-)

Men lyst til å gå tur får ein ikkje,sjølv om eg kjenner at kroppen min er stiv som ein pinne og treng bevegelse.
Resten ,dvs.topploket,seier nei,,,aldri i livet.
Så her går et i kaffi og God morgen Norge,
Skal ta koronatest seinare idag.
Best å vere sikker på at alt er som det skal

Sykemeldigsstatistikken går oppover i Norge.Kva er grunnen?

Fastlegeordninga vil rakne,seier dei.
Eg har ikkje fastlege.Her er et legemangel og vikarer som råder.
Strengt tatt er det veldig sjelden eg har vore til fastlegen før og .Ved ikkje planlagde besøk har eg som regel alltid havna hos andre.
Så spør du meg,så har det iallefall ikkje fungert i distrikta
Men det er mi meinin.Tanken var nok god,og hos nokon fungerer det nok.

Sommerver i aust,ser eg.Berre å nyte.
Litt koseleg med høsten og,men håper den blir litt variert.
Ser for meg at vi skal få att for alt godveret i sommer:-)

Ha ein fin torsdag

Fader Brown :-)og politikar i fokus

Fader Brown:-)Syns denne engelske presten som løyser krimgåter er god ettermiddagsunderhaldning.
No er det altså berre reint tilfeldig han dukka opp.Berre lette etter noko å sjå på som ikkje er nyheiter eller valg.
Berre sånn avslappingstv.

No er det no mest desse folka på stortinget som er budsatt heime hos foreldra samtidig som dei bur i gratisbolig i Oslo,det dreier seg om.
Skjønner jo at melder dei flytting til Oslo,så er det vel ikkje så lett å stå på fylkeslista i Vestland..Og dermed kjem dei heller ikkje inn på stortinget..
Så då er det tryggast å ha adresse heime hos foreldra…
Men visst ein no gifter seg og har ungar ,og alle bur i Oslo i gratisleiligheita,så trur eg at eg hadde lurt på korleis alle skulle få plass på gutterommet.
Og eig ein i tillegg ei leiligheit nær jobben,er det endå rarare…Klart visst den i Oslo er større og finare er det fristande..
Til og med eg skjønner at det ikkje kan vere slik det er tenkt..
Men det er klart.Gratis heimreise til foreldra i ny og ned,er ikkje dumt.Flybilettane er jo dyre:-)

Uansett parti så bør ein her rydde i sysakene.Er direkte pinleg at slike ting kjem opp.
Bur du i Alta og vekependler er det heilt ei anna sak:-)

Fornuftig liten kar 🙂

corona og valg

Er det nyheitene tek for seg no på morningen
Har krabba meg fram or senga,og fått tak i kaffikoppen
Spennande kva regjering vi får ser det ut som.
Viktig å ikkje vere sofavelgjar og klage etterpå,for kan snu alle vegar.
Veit aldri før dagen er over
Bruke stemmeretten er viktig.

Innever idag og.Passer meg bra,for formen er ikkje den store.
Sikkert fått eit eller anna forkjølelsesvirus.Iallefall er det eg trur.
Har testa meg og var negativ.Kanskje greit å ta ein retest.
Men går forkjølelsesvirus og.Folk har hosta rundt meg,og alt treng ikkje vere corona:-)
Men er så lenge sida eg var forkjøla at eg nesten har glømt kor det kjennast ut:-)

OSLO 20150409.
Forkjølelse, pollen, nys, allergi hoste. Mann nyser.
illustrasjon
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix
NB! Modellklarert

Knabba bilde på nett.


Lurer på om eg skal finne fram at dette prosjektet her.
Starta godt og enda som ein flopp.
Plutseleg var strikke lysta slutt og eg veit igrunnen ikkje kor eg la det,eller kor mønsteret er….
Men det vert ikkje idag.Orker ikkje…men er høst, så tid for innesysler og lange kvelder..
Har eindel ufoer som må gjerast ferdig.

No skal eg ta meg ein strekk på sofaen,kjenner eg.

Ha ein fin onsdag:-)

Nasespray og paracet

Ganske så undervudert.
Så no er nasesprayen sprøyta inn så eg følte han ville ned der paraceten tok vegen.
Potte tett..
Tok ein tur i håp om at kanalane skulle åpne om ikkje meir enn pittelitt..
Ikkje den dagen idag.
Tvert imot..

Grått men flott.
eigen stemning.
Fasinerande.

Fekk frisk luft og tømt ut litt tanker.
Middag,sofa og varm drikke gjer godt.
Ute har tåka eller skodda lagt teppet sitt over naturen.
Høst

I nattens mulm og mørke

Ole lukkøye glimter med sitt fråver
Høyrer på høststormen som plutseleg er kommen ilag med piskande regn.
Lyder i natta og naturen vert vaska..
Uvant.
Småforkjøla og tett i topploket.
Litt meir enn normalt.
Tatt test for sikkerheitskuld.
Heldigvis negativ.
Fraus på lørdag så er nok litt av grunnen.
Masse tankar som fyk oppi toppen.
Blir nok ein trøtt dag på jobb.
Har litt tid å sove endå..
Flytta meg til sofaen.

Får telje sauer 😎
Ha ein super tirsdag