Perfekt lørdagskveld


Fantastisk for ein sliten kropp
Skal vi danse på tv.
Sjokolade og nøtter og vekta fyk opp og eg tenkjer..jaja…
Småkaldt så fyrt i ovnen.
Litt grått og vått ute.

Var utruleg vakkert på himmelen på veg til jobb.
Frå mørkerødt til her som var orange
Nydelig start på dagen.
Og vore det i heile dag..
Seinvakt imorra heldigvis.
Godt å berre ligge strekk ut på sofaen og ta verda med ro.
Ingen som tek rotet frå meg og det spring ikkje vekk

Fint skal det vere

Idag har Larris vore til skikkeleg service.Dyr i drift denne karen, som ungdommer flest
Her er han:-)

Men alt er no i skjønnaste orden.Men,må ha fire nye dekk til vinteren seier han….
Koster å ha bil.

Sjølv var eg innom sjukehuset til dei koselege sjukepleiarane på auge.pol.
Fantastisk gjeng.

Bakdelen er jo at eg må traske rundt litt med rødt rennande auge,og håpe på at bedøvelsen forsvinn fort.

Fela leven av desse her,som samler flokken for avreise til varmare strøk.

Ikkje direkte sunn mat,men steike godt.Olefine har altså masse godt bakverk:-)

Fordelen med all denne ventinga er at eg går mykje,og trim er jo berre sunn aktivitet.
Var fantastisk ver og,så igrunnen berre lekkert.
Dr månad,men sånn er det no.Får spare på andre ting.
Her er eg totalt avhengig av bilfor kollektivtransport er eit framandord.Sånn er det på landsbygda.
No er det godt med sofa og avslapping.
Jobbehelg:-)

På nye stier

Vore hos tannlegen idag.
Koster eindel og attpå til må eg oppatt å reparere.
To hol..ikkje bra og må skjerpe meg.

Gått meg ei runde mens hushjelpa ga på..
Best å ikkje forstyrre.Aner ikkje kva ho skal eller ikkje..
Tok på regntøy og gjekk ut.

Var tengt å gå skogsvegen..men ombestemte meg.

Steig over rekkverket og kom meg over på rett side der gangvegen går.

Jadå..det stemmer 100 prosent
flott temperatur men klamt i regnklær

Ikkje så ofte eg ser dyr på beite,men her på Sande er det fleire..
Vel i hus hadde hushjelpa lagt seg.

Eg har funne meg kaffi og venter på barnebarna..
Ha ein super dag

Kor er søvnen henne,skal tru?

Mulig kroppen min trur den klarer seg totalt uten søvn.Ikkje veit eg
Men var trøtt.La meg,sov ein time og dermed så ansåg kroppen min at det fekk vere greit

Så no har eg stått oppatt..Vart rett og slett lei av å ligge å prøve å sove i timesvis:-)
Har prøvd å lese litt ,men nytta ikkje det heller.
Vorten litt snufsete att.
Høsten og dei kalde kveldane og morningane som sler ut,antageleg

Merkelege greier denne søvnen.
Nokon har eit godt sovehjerte.Legg hovudet på puta og vipps…søvnen er der.
Hender her og,men veldig varierande.Går i bølger.
No for tida går eg nesten rundt som ein søvngjengar
Tidleg opp heile veka er nok grunnen.Eg søv best utpå morgonstunda.
Får ta det på lørdag:-)
Kanskje eg skal sette på tven og legge meg på sofaen.Mulig det får fram søvnen:-)

Lat eller berre på pause?

Vore på arbeidsmøte heile jobbdagen.
Veldig lærerikt,men kjende at eg burde bevege meg.
Rett heim til raspeballmiddag hos mamma..
Smakte godt,men vart om mulig endå stinnare..
Vurderte sterkt å gjere litt husarbeid..
Men tok på joggeskoa og gjekk ut i sola.
Kalde morningar og kveldar,men hærlig i sola.
hos mamma blomstrer det sjølvsagt..

Har antageleg grønne fingra..
Mine er meir orange.

Vert så fasinert av soppen som plopper opp overalt.
Stadig nye typer.
flotte og fasinerande..
Var godt med frisk luft..
No er det teppe og kaffi..
Har det slett ikkje verst

Kvernsteinsparken

Vi er så heldige her i Hyllestad at vi har ein kvernsteinspark
Den viser oss korleis vi har vore ein kommune som har hogge ut og selt kvernstein .
Kvernstein frå Hyllestad finn ein mange plasser

Elevar frå skulen lærer og viser oss andre mange teknikkar.

Går ei fin løpe gjennom parken

har lenge tennkt eg skulle ta runda,men igår passa ddet.
Hadde pause etter teljing av forhandstemmer,og hadde litt lang veg heim.
Frisk luft gjorde susen.

Var ein koseleg tur,og om sommaren er her guida turer .

Avslutta med å sjå jentekamp på fotballbana.
Flinke jenter.No kjende eg ingen av jentene,men foreldre og besteforeldre.Hadde litt lite klær på meg,kjende eg.Ikkje heilt planlagd aktivitet:-)
Koseleg pause,og anbefaler ein tur gjennom kvensteinsparken:-)

Valget er over og no skal regjeringskabalen løsast.
Spennande det og:-)
Ha ein fin dag

Viktig å bruke stemmeretten:-)

I dag er det valgdag:-)
Uansett kven du stemmer på så bruk stemmeretten:-)
Vi er heldige her i vesle Norge som sjølv kan bestemme kven som styrer landet.
Iallefall kan vi vere med å påvirke
Viktig at i nytter oss av denne retten
Dei som ikkje er med å påvirke stemmeresultatet,har heller ingen klagerett,meiner eg.

Misfornøgd med valget bør ein kun vere visst ein har stemt og tapt:-)

Er rekordmange som har førehandsrøysta i år.Håper det er eit tegn på at mange bryr seg.
For det er det det handler om.
Korleis ynskjer vi at landet vårt skal verte styrt dei neste åra.
Vi har ulike meiningar og ein kan stemme på det partiet som ligg hjarte nærmast.
Ingen nekter oss det

Godt valg:-)

Tanker krefter og nyt høsten

Vindfull ,men vakker høstdag her hos meg
Godt å berre kunne la verden passere, mens eg gjer det eg vil,eller gjer ingenting ,rettare sagt
Vakkert høstver idag.

Rosene vert erstatta av røde nyper

Blomstene slost om plassen i vegkanten med all soppen

Naturen har fått høstfarger og vindmøllene er begynnt å komme opp i det fjerne
Rusla meg ned til sjøen i nabokommunen

Er sti ned, men veit igrunnen ikkje om eg har lov å gå her:-)Sto ikkje skilt:-)

Berre nydelig nede med sjøen.
Kjenne lukta av tang og tare:-)
Tanke krefter.
Rusle heim

Sitte ute på altanen i ly for vinden og lese bok.
Lage meg god middag og berre kose meg:-)
No er det symesterskapet på tv.Koseleg program.
Eg kan ikkje sy:-)

Samtykkekompetanse

Samtykkekompetanse eller ikkje. Kortid er ein ikkje lenger samtykkekompetent? og er den det då hele tida?
Tvang og makt. Kor går grensen for å sette inn hjelpetiltak når folk ikkje vil?

Dete er spørsmål ein stadig må stille seg når ein jobber i omsorgstjenesta
Fredag tikka det inn epost frå sjefen.
E-læringskurs i samtykkekompetanse og eit i” Tvungen somatisk helsehjelp.”
Kjempefint tilbud.
Vi klager ofte over at vi ikkje får kursing og alt er ofte med negativt fortegn når vi i gjengen vert slitne og trøtte.
Er tøft til tider i omsorgsyrka, samtidig som det er verdens beste jobb:-)

Jadå, vi må ta kursa på fritida, men vi får betalt.
Det gode med kursa er at vi kan sitte ein halvtime, og neste gang vi logger på så forset vi der vi slapp.

Nyttig og kjempeviktig kunskap.Eit dilemma vi møter på nesten daglig, og som vi bør kunne
Er ekstra bra når vi alle tek same kurset, og har same kunnskap.
Felles plattform for jobben er desidert det beste. Vi skjønner kva den andre prater om og det blir lettare for brukar og pårørande å forhalde seg til.

Så no tek eg litt og litt.Er faktisk kjempegode kurs, så det er kjekt…Mi meining då, men eg liker slike ting