Han vesle Tobias hadde dårlig med peng, og hadde derfor et forslag til bestemor: «Du besta, kann?kje vi ta en tur te svømmehallen.» «Joo, eg kan jo følle deg og se på.» «Nei, du må i vannet du også, for han pappa sei at når du stupe, da blir vi rik.»
Hadde seinvakt og kom meg jo aldri i seng. Sat til langt på natt og såg tv. Ikkje fekk eg sove noko særleg heller før ut på morgonkvisten
Men då tok eg det att.
Så den som sov lenge og kravla seg stiv og støl ut or senga langt ut på føremiddagen var eg…
Det einaste eg tenkte på var å få i meg litt kaffi og etter ei stund frukost. Sat der som eit spøkelse til eg måtte køyre til frisør
Då merka eg at det var jo nydeleg ver ute…Litt seint kanskje
Men var hærleg med frisørbesøk og det var på høg tid
Lir inga naud på Frisørstova til Laila
Vart godt fornøgd:-)Må vere god å ta bilder for ser ikkje såpass ut ellers:-)
På veg heimover fekk eg dårleg samvittigheit.Kor vart det av mine planer om minst to fjellturar eller små toppar i veka…
Kor vart det av viljen til å få bedre kondis og ikkje berre prate om det…
Så eg valde å berre køyre heimom og skifte til turklær…Nok fekk vere nok.Var jo fantastisk ute
Bør snakke til meg sjølv for er for lat
Fekk no unna litt anna eg skulle gjere og.Er effektiv når eg først får reva i gir.
Men igjenn så gafla eg i meg for mykje middag,men godt var det:-)
Vore fantastisk flott ute ikveld. Nydeleg temperatur.har ikkje hatt så mange av desse i sommar så eg rusla meg ein tur etter vegen og tok inn roa og den nydeleg kvelden .Magisk ute
Hender eg ynskjer at eg hadde budd litt meir sentralt og ikkje alltid måtte køyre bil uansett føre og ver,men slike kvelder som dette så kjenner eg kor heldig eg er.#frisør#Natur #personleg
Ikkje så enkelt alltid, dette livet.Prøver å skape positiv energi rundt meg.Men gjer eg det?
Eller er eg ein av desse menneska ein unngår fordi dei gjev ein dårleg energi og ein vert nedpsyka og føler seg elendig ved å vere på fleire meters avstand
Er eg ein persom som syg ut all energien av folk eller er det greit å vere ilag med meg…
Veit ikkje…Er vel kanskje litt delt.Nokon syns eg gjev dei energi og glede og andre vert utsletne av dette maset mitt.Og vert dårlege av energien min
.Snakkar fort og mykje.Det er ein av mine negative sider,men gjev det dårleg energi…
Prøver å ta meg ihop men eg gløymer meg
Ikkje så enkelt med alt dette snakket om å vere med dei som gjer ein godt og unngå dei som tappar ein for krefter.
På fritida er nok det greit men når ein er på jobb så må ein jo omgås alle og alle må tolerere meg til ein viss grad:-)
Men kva visst eg gjerne vil omgås med personar fordi dei gjer meg glad og positiv, og eg går heim med eit smil om munnen, visst dei personane ikkje vil omgås meg fordi eg har motsatt virkning på dei….
Skal ikkje vere enkelt å vere menneske
Her er eg i ein versjon
Her tenkjer eg det vart verre….Men innimeg er eg same personen
Her er endå ein versjon.Usminka og falma:-)
Trur kva for energi vi omgir oss med, nok er forskjellig frå dag til dag og kva rolle vi har
Er vel til dels noko vi kan skru litt av og
Trur det er greiast at eg berre er meg sjølv på godt og vondt.Tek hensyn til mine medmenneske så godt som eg kan og kaver meg minst mulig opp med ting eg ikkje kan gjere noko med
Då har nok eg og dei rundt meg det så nokonlunde greit
Må nok kanskje slutte å lese formykje om god å dårleg karma og energi og heller gå ut i naturen og tanke krefter.Den har ikkje sakt noko om at den er lei meg endå, og held ut med meg om eg utstråler det eine eller det andre:-)
Må få deg faste plasser til ting,seier folk til meg.Har jo det!Men tinga er jo aldri der.
Vanleg dag hos meg starter med at nøkkelen til bilen er borte vekk…Då startar leitinga.
Full runde gjennom heile huset.Tenkjelege og utenkjelege plassar,,Ingenting..Så runda tilbake…
Obs…fann den
Men vel på veg ut i bilen starter neste…Mobilen..Kor søren er den
Innigjenn.Fullt stress.Same runda og kjenner at adneralinet pumer i blodet…..Ingen mobil nokonplass..
Er jo heilt umulig.
Har fortsatt breibandtelefon og takk for det…No startar ringinga på meg sjølv for å finne den forsvunne mobilen som selvfølgeleg ligg like i nærheita men berre har gjømt seg ørlite under eit blad
Ikkje berre desse tinga som gjøymer seg vekk
Er aleine men har alikavel eit stort nett full i single sokker…Dei andre har det med å reise på ferie…plutseleg så dukkar det oppatt ein gjeng og eg har mange sokkepar…Men kor lenge var Adam i paradis..Ikkje lenge
Her hos meg så flytter ting på seg villa vekk.
Trur eg har brukt halve livet mitt på å leite..
Får jo litt trim på den måten men er temmelig slitsomt:-)
Men no har eg skjønnt det.Er nok alle desse pokemonane som er overalt…ikkje rart ting forsvinn.Reknar med dei er hos meg og
Prøver å vere litt meir strukturert.
Trur alltid eg legg ting frå meg der dei skal vere,,,men der er dei sjelden og aldri…Merkeleg er det iallefall:-))
Men kanskje eg skal prøve å finne husnøkkelen og gå ein tur ut i naturen
Den forsvinn heldigvis ikkje med det første og er eg heldig finn eg nøkkelen så eg rekk tur og jobb:-))