Kva for menneske er eg igrunnen?

Har i det siste ofte fundert på kva for eit menneske eg er.

Er eg grei,ufordrageleg ,sjølvopptatt,treg,misunneleg….

Korleis oppfattar andre meg.Er eg igrunnen slik som eg trur eg er?

Ikkje så enkelt alltid, dette livet.Prøver å skape positiv energi rundt meg.Men gjer eg det?

Eller er eg ein av desse menneska ein unngår fordi dei gjev ein dårleg energi og ein vert nedpsyka og føler seg elendig ved å vere på fleire meters avstand

 

 

Er eg ein persom som syg ut all energien av folk eller er det greit å vere ilag med meg…

Veit ikkje…Er vel kanskje litt delt.Nokon syns eg gjev dei energi og glede og andre vert utsletne av dette maset mitt.Og vert dårlege av energien min

.Snakkar fort og mykje.Det er ein av mine negative sider,men gjev det dårleg energi…

Prøver å ta meg ihop men eg gløymer meg

Ikkje så enkelt med alt dette snakket om å vere med dei som gjer ein  godt og unngå dei som tappar ein for krefter.

På fritida er nok det greit men når ein er på jobb så må ein jo omgås alle og alle må tolerere meg til ein viss grad:-)

Men kva visst eg gjerne vil omgås med personar fordi dei gjer meg glad og positiv, og eg går heim med eit smil om munnen, visst dei personane ikkje vil omgås meg fordi eg har motsatt virkning på dei….

Skal ikkje vere enkelt å vere menneske

Her er eg i ein versjon

Her tenkjer eg det vart verre….Men innimeg er eg same personen

Her er endå ein versjon.Usminka og falma:-)

 

Trur kva  for energi vi omgir oss med, nok er forskjellig frå dag til dag og kva rolle vi har

Er vel til dels noko vi kan skru litt av og 

Trur det er greiast at eg berre er meg sjølv på godt og vondt.Tek hensyn til mine medmenneske så godt som eg kan og kaver meg minst mulig opp med ting eg ikkje kan gjere noko med

Då har nok eg og dei rundt meg det så nokonlunde greit

Må nok kanskje slutte å lese formykje om god å dårleg karma og energi og heller gå ut i naturen og tanke krefter.Den har ikkje sakt noko om at den er lei meg endå, og held ut med meg om eg utstråler det eine eller det andre:-)

#personleg 

4 kommentarer
    1. Heisann Ann Sissel:)
      Fin blogg du har;)
      Etter å ha lese dette innlegget, så måtte eg sette meg ned å tenke. Du set ord på ting som eg kjenner meg igjen i sjølv. Har ofte tenkt i samme bane sjølv.
      Eg synst du er eit godt menneske. Du viser omsorg, både ovanfor familie og dei rundt deg. Du pratar fort og mykje, men da synst eg berre er kjekt;) da positive med da, er at da aldri blir pinlige stille stunder rundt deg😄 Eg veit at du gjere ein god jobb med dei eldre og sjuke, og det synst eg du skal vere stolt av❤️ Lykke til vidare med blogg, tur og kvardagslege ting;) og du……berre fortsatt med å vere den du er 😎

    2. Veldig bra skrevet. Jeg føler meg hvertfall mest vel sammen med mennesker som er seg selv, på godt og vondt. Det er de jeg stoler på og føler meg trygg sammen med.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg