Kor lat går det an å bli og kor vart det av den nye meg

Hadde store planer for fridagen

Skulle stå tidleg opp.Få unna husarbeid og klippe plen før frisørtime og fjelltur etterpå

Det var igår dei planane vart lagde,men å halde dei vart ei anna sak

Hadde seinvakt og kom meg jo aldri i seng. Sat til langt på natt og såg tv. Ikkje fekk eg sove noko særleg heller før ut på morgonkvisten

Men då tok eg det att.

Så den som sov lenge og kravla seg stiv og støl ut or senga langt ut på føremiddagen var eg…

Det einaste eg tenkte på var å få i meg litt kaffi og etter ei stund frukost. Sat der som eit spøkelse til eg måtte køyre til frisør

Då merka eg at det var jo nydeleg ver ute…Litt seint kanskje

Men var hærleg med frisørbesøk og det var på høg tid


Lir inga naud på Frisørstova til Laila

Vart godt fornøgd:-)Må vere god å ta bilder for ser ikkje såpass ut ellers:-)

 

På veg heimover fekk eg dårleg samvittigheit.Kor vart det av mine planer om minst to fjellturar eller små toppar i veka…

Kor vart det av viljen til å få bedre kondis og ikkje berre prate om det…

Så eg valde å berre køyre heimom og skifte til turklær…Nok fekk vere nok.Var jo fantastisk ute

Bør snakke til meg sjølv for er for lat

Fekk no unna litt anna eg skulle gjere og.Er effektiv når eg først får reva i gir.

Men igjenn så gafla eg i meg for mykje middag,men godt var det:-)

Vore fantastisk flott ute ikveld. Nydeleg temperatur.har ikkje hatt så mange av desse i sommar så eg rusla meg ein tur etter vegen og tok inn roa og den nydeleg kvelden .Magisk ute 

Hender eg ynskjer at eg hadde budd litt meir sentralt og ikkje alltid måtte køyre bil uansett føre og ver,men slike kvelder som dette så kjenner eg kor heldig eg er.#frisør#Natur #personleg

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg