Litt dårleg samvittigheit

Kvart år har bygda mi ein dag der vi samlast og har det kjekt. Skifjordagen:-)

Bruker å vere med å jobbe litt.Stå i kiosken og passe på at folk får mat og drikke

Så sant vi ikkje overbelastar kontaktane og det vert pause i lappesteikinga til problemet er løst

Det skjer

Skjer ofte mange uforusette ting på slike dagar men det er litt av sjarmen

I dag er det rigging av telt og forberedelsar,men eg kan ikkje vere med…

Så no vert det meir på andre.Vi er ikkje så mange å fordele jobbane på:-)

Har jobbehelg.Kjekt det og men skulle gjerne ha gjordt mi dugnadsplikt

Samme i morra men får no delta litt før jobb

Kjekt med slike dagar der folk kan treffast å berre slappe av.Snakke med folk ein kun treff om sommaren når ein er heime på ferie

Eller rett og slett med naboen. Ikkje så ofte ein treff dei heller lenger no

Før stakk vi innom kvarandre på ein uforliktande kaffi Sånn uten å varsle på forhand

Det er det slutt på

Hadde igrunnen vore greit at det hadde vore slik no og for då hadde eg kanskje rydda litt oftare:-)

Eg er eit rotehovude..Heit utruleg igrunnen at ein person kan rote slik

men eg kan..Prøver å forbedre meg men det renn ut i sanden kvar gang

Men ein får vere som ein er når ein ikkje vart som ein skulle:-)

Men har rydda litt idag og til å med rusla meg ein tur ut i frisk luft.

 

 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg