Vakna opp til ein nydelig dag😊 Fri og allting.Sat med kaffikoppen og tenkte at ..fjelltur er tingen.. Men så er det den fornuften. Har vedomn…sikkert eg som ikkje venter lenge nok før eg legg innpå
Men blomster og det meste rundt vert dekt av støv…merkar det på lufta og syns eg…så idag vart det dusjing av blomster og risting av tepper. Ikkje nett ofte eg gidd for noko husmoremne har eg aldri vore.
Fann ut at eg kanskje burde lufte sengetøyet i same snuren
På soverommet har eg ei diger stålampe med mange armar og stor kuppel..Virker ikkje etter at lynet tok den..Har fungert supert til å henge vesker på😊 No er ikkje soverommet mitt så stort så ting bør tenkjast over før handling. Men idag fata gamla sengtøyet,la breisida til og ville presse seg forbi lampa og ut altandøra… Lampa la seg med full tyngde og liksom i sakte fart til sides.Small med eit brak i nattbordet.Glasbrota fauk som små meteorittar over heile soverommet… Ikkje berre sengtøyet som fekk litt luft idag.. Mulig det var eit hint frå oven om å skjerpe meg😣
Men mens eg rota rundt fann eg ei notisbok frå ihøst.. Etter råd frå ein kollega skreiv eg då ned kva eg åt..kva eg vog og kor mykje eg trimma…sist var i november
Fekk nesten sjokk eg..Er antageleg sjølvfornektelse…Har på 3 mnd lagt på meg 5 kilo…Amen..
No har eg fundert..kva er sjedd.. Et vel endå meir sikkert.. Men eg har ikkje gått på fjellet sidan i høst…Er nok forskjellen..Gjer seg med nokre fjellturar i veka.. Ikkje heilt det same å luffe etter vegen.
For å gjere det heile perfekt så vart eg bedt til mamma på raspeballer. Tommelen opp.. Men når eg et meir aleine enn dei andre til saman så er det nok der årsaka ligg😂
Tok meg ein trøstetur.. Ikkje så mange kalloriar som vert forbrende men utruleg godt for sjela.. Litt skyer uti horisonten og nydeleg solnedgang
Vel heime har eg funne fram eit mysterium… Eit nett med enkle sokkar.. Får ta å tømme dei på golvet i håp om at eg finn nokre par til slutt
Det er merka turløype frå der eg bur på Vardeheia..rødt overalt❤ Men der fins andre vegar.. Har ofte tenkt at det måtte då vere supert for ytre Fjaler å ha turløype til Vardeheia..No er det merka frå Hyllestadsida .men den ligg i Fjaler . No ligg den litt fleire høgdemeter oppe enn dei tre andre dei har…men det kan vel ikkje vere noko heft?? Kan merke frå Folkestad…Berre eit tips altså.. Men idag traff eg kjentmann på toppen som losa meg nedatt i Varlida..Vi held oss i heimkommunen😊
Vi tok vegen rett ned…spreke dessa pensjonistane..det var bratt og han hadde og komme opp den vegen😉
Opp eller ned her…Var greit ned😊
Fordelen med kjentmann er at ein finn fram men ein lærer navn og får med historia
Mjelkeplassen❤
Utruleg fin tur.. No prøvde Johan å forsikre seg om at eg igrunnen fekk med meg kor eg var og at eg kunne klare dette på eigenand.. Litt usikker på det..virka jo enkelt etter forklaring.. Men då eg skulle peike ut retning så pekte eg iallefall ikkje der eg skulle😀 Stakkaren kasta vekk mange timar på meg.. Han hadde nok bedre ting føre.. Men eg er evig takknemlig😊
Vart nesten mållaus eg…Men berre nesten
ei lita kvit bru:-)
Snart nede😊😊Tok si tid og eg beundrer guiden… Vel nede var det berre å ta fatt på heimvegen over kletten.Må jo tilbake til startpunktet😐
Heim kjære heim😐
Turen kan anbefalast.. For dei som har retningssans så er der sti. om ikkje merkt. Eindel hjortetrakk Eg trur eg skal skaffe meg litt spraymaling… Så kan eg no spraye så eg iallefall finn tilbake om eg går feil Får starte tidleg så eg har eit håp om å nå fram før det vert mørkt.. Reknar med eg tek litt sånne ekstrarunder. No venter eg på at Fure il merker frå fjalersida Det hadde gjordt susen❤❤
Hadde bestemt meg for at idag skulle gamla til fjells om eg hadde lyst eller ei. Ga meg sjølv god tid på morgonen for eg var ikkje direkte i godlune..
Men då klokka nærma seg 12 så klarde eg få skrotten ut døra
Og idag hadde gamla fått på seg fjellskoa som støtta anklar og meir til Ikkje heilt god etter sist utflukt😊
Som vanleg hadde eg litt mykje klær i startfasen. Vart både heit og forkava..Kunne jo sagt det var fordi deg gjekk unna..men sannheita er at forma er dårleg og det gjekk ikkje så fort.
Likar å gå aleine igrunnen. Slepp att andre må vente og er godt å berre la tankane suse😎😎
Er jo litt vått hist og pist..men når skoa er tette så er det igrunnen ikkje så farleg…
Endeleg oope.❤ Like fantastisk kvar gang. Tid for å nyte appelsin og naturen. Idag var det god sikt både til plattform.båtar og nordsjøen. Kan det verte bedre.. I dag fekk eg til å med guida tur nedatt einannan veg..
Var næmlig så heldig å treffe på kjentmann på toppen.. Det tek eg i neste innlegg😐
Godt å vakne opp til godver.Sette seg ned med kaffikoppen og berre slappe av og våkne..sånn heilt uten stress
Vore og feira barnebarnet idag. 9år alt..Tida flyg.Pengesluket fekk vere heime..Eg sat på med naboen. Kos å vere litt sosial innimellom og snakke med venner og familie. Var mykje god mat..Eg er storleg imponert. Eg kan nemlig ikkje bake kaker..Dei vert flate uansett kva eg gjer. Ser så enkelt ut når andre gjer det☺
Fått bok med koselige ord frå jenta mi idag❤ Så no er gamlemor glad og gleder seg til å krype opp i sofakroken og lese litt.
Ein må starte med følelsane og sjølvbildet. Kva behov dekker maten hos meg? Skal eg vere ærlig så dekker den dei fleste😁 Så no driv eg å lager meg noko godt til kvelds. Ikkje fordi eg igrunnen treng det men sånn til trøst☺ Best å hive innpå før eg startar lese inni boka.. Til no er det kun på bokomslaget. Men er jo sant.. Det sit under topploket💚
Viktig å sortere klær etter rett vasketid og grader.. Ikkje blande formykje for det kan straffe seg
Eg er ein resar i teorien må vite. Ull skal vaskast i Milo..sjølv berre 20 prosen i følge Kari traa..
Så ullklærne kom i maskina og med Milo sjølvsagt. Her skulle alt vere etter boka. Hadde til og med hatt dei uerstattelege vottane mine inni.. Til no har eg vaska dei med hand..
Her er dei no…. Hjelp lite med milo når vasken er på 60 og ikkje på 30.. Eg er kvitt eitpar gensarar og nokre sokkepar. Ullundertøyet kom no frå det på eit vis…Ikkje lenger det store.. Det er antageleg på tide å skifte ut garderoben … Iallefall etter maskina si meining.. Heretter kaller eg ho kun for toskehove… Lei meg for vottane.. No har eg strekt dei med skyllemiddel og tredd dei innpå to lys… Pokker til greier… Trur eg skal sitte pinn i ro i sofaen resten av dagen… Fredag den 3 er ikkje min dag
Eg er ekstremt lat.. Ikkje så rart at kiloa aukar for kvart minutt😣 Hadde det ikkje vore for den turen eg tek etter vegen av og til så hadde det sett endå verre ut
På tide eg får reva opp avsofaen meir enn ein gang for dagen. Glad det går mot lysare tider og forhåpentlegvis litt arbeidslyst😁
Vert ikkje noko futt i denne gamle skrotten med å sitte i sofaen og strikke og lese og kun reise seg for å hente mat og å gå på do…
Sukk og stønn… Trur det er på tide eg finn fram vaskeklut og mopp og går laus på husvask i hus og hytte…dette her kan ikkje fortsette slik…kan verte depremert av mindre
No får det verte slutt på denne sjølvmedlidenheita og giddaløysa og over til å få litt bevegelse i skrotten før eg må trillast ut or sofaen😎
Fått med meg mykje idag eg Starta dagen med Pengesluket på tur. Bensin fyller eg på tilbakevegen,tenkte eg..Pengesluket sa seg einig.. Vi tøffa i veg i 15 km før gamla kom på at både mobil og visakort låg att på kjøkkenbenken..grådig smart…så var berre å snu Men vi nådde fram i tide
Sande kyrkje… Ikkje ofte eg går i kyrkje..det må eg innrømme men det skader ikkje.
I dag var det tårnagentane (3klasse)som ilag med presten og nokre konfirmanter hadde gudstjeneste.
Koselig når ungane kjem i første rekke❤
Men som god bestemor vart det jo og tid for pokemonjakt.. Skjønner meg ikkje på det men eg får no frisk luft
Av og til skal ein jo vere litt impulsiv. Så slengte meg på kjøkkenjakt i Førde Har no planlagt å investere i høgst nødvendig kjøkken i fleire år….trur det nærmar seg
Ikkje meg som er først i køen.. Det er naboen😉 Men er litt lurt å få litt inspirasjon.. Gjeld å klare å bestemme seg.. Ikkje berre skal ein velge kjøkkenskap Nei her er det både vegger og golv… Dilemmaet er…skal eg ta vekk ei dør eller ikkje…. Uff…No har eg bestemmt meg for å stenge att…Får jo meir skap… Men har jo ombestemme meg før.. Ikkje rart det tek tid….
Men først skal naboen få seg kjøkken. Dvs..få og få….
Kjekt med utflukt.Foten er nesten bra❤ Håpar veret held seg mildt for har igrunnen tenkt meg på utflukt Kirkebesøk på Sande…. Men ikkje visst det vert glatt. Det likar verken eg eller Pengesluket
Nydeleg dag ute.. Var jo eg som skulle på fjelltur idag og…Men her sit eg.. Ikkje mange steg eg kan ta…ilt er det og…stakkars meg😊
Brukar altså omtrent alltid fjellsko med støtte for anklage.. Omtrent var ikkje igår… Irriterende… Men som man reder så ligger man.. Sist eg hang fast med ein fot var no på flate golvet…då rauk kragebeinet…
Ulykker skjer overalt Har no i det minste fått tatt haugen med strykeklær Var ei stund sidan sist eg brukte strykejernet såg eg på kleda☺ Rir ikkje alltid den dagen eg salar
Går seg vel til med denne ankelen , Alt har vel kanskje si meining.. Mulig det var det som skulle til for at eg skulle ta desse klærne og rydde litt i papirhaugen.. Men burde nok heller ha trimma litt.Eser jo utover for kvar dag… Jaja.. No er eg klar for kveldens handballkamp😁💚Det skal ikkje stå på meg Eg skal gi alt💙