Fantastisk tur❤❤

Det er merka turløype frå der eg bur på Vardeheia..rødt overalt❤
Men der fins andre vegar..
Har ofte tenkt at det måtte då vere supert for ytre Fjaler å ha turløype til Vardeheia..No er det merka frå Hyllestadsida .men den ligg i Fjaler .
No ligg den litt fleire høgdemeter oppe enn dei tre andre dei har…men det kan vel ikkje vere noko heft?? 
Kan merke frå Folkestad…Berre eit tips altså..
Men idag traff eg kjentmann på toppen som losa meg nedatt i Varlida..Vi held oss i heimkommunen😊

Vi tok vegen rett ned…spreke dessa pensjonistane..det var bratt og han hadde og komme opp den vegen😉

Opp eller ned her…Var greit ned😊

Fordelen med kjentmann er at ein finn fram men ein lærer navn og får med historia

 

Mjelkeplassen❤

Utruleg fin tur..
No prøvde Johan å forsikre seg om at eg igrunnen fekk med meg kor eg var og at eg kunne klare dette på eigenand..
Litt usikker på det..virka jo enkelt etter forklaring..
Men då eg skulle peike ut retning så pekte eg iallefall ikkje der eg skulle😀
Stakkaren kasta vekk mange timar på meg..
Han hadde nok bedre ting føre..
Men eg er evig takknemlig😊

Vart nesten mållaus eg…Men berre nesten

ei lita kvit bru:-)

Snart nede😊😊Tok si tid og eg beundrer guiden…
Vel nede var det berre å ta fatt på heimvegen over kletten.Må jo tilbake til startpunktet😐

Heim kjære heim😐

Turen kan anbefalast..
For dei som har retningssans så er der sti. om ikkje merkt.
Eindel hjortetrakk
Eg trur eg skal skaffe meg litt spraymaling…
Så kan eg no spraye så eg iallefall finn tilbake om eg går feil
Får starte tidleg så eg har eit håp om å nå fram før det vert mørkt..
Reknar med eg tek litt sånne ekstrarunder.
No venter eg på at Fure il merker frå fjalersida
Det hadde gjordt susen❤❤

2 kommentarer
    1. Så flott tur! og herlig utsikt!! Gøy å finne nye turstier å gå! Ha en god kveld! Flotte bilder!

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg