megahøst

Er nesten så ein ikkje trur sine eigne auge når ein om morningen vaknar opp til nok ein fantastisk flott dag:-)

Må nytast:-).Var sommaren trasig så har iallefall høsten vore det motsatte.

Er nydeleg ute-Fjellfolket spring å fjellet .Jegerane har megaflott ver og sjøfolket nyt dagane på segelblank sjø

Heilt utruleg

Så har vi slike som meg som helst likar seg ute på altanen med teppe,kaffikoppen og krimboka:-)

Litt småtoppar innimellom har det no vorte,men formen er så passe så tek det piano.

Det tek si tid:-)

Vorten mykje tørrare opp på Vardeheia og så er mykje kjekkare å gå,sjølv om ein må ha vantette sko…

For meg som er ganske så makeleg anlagt; så er det lettast å ta den toppen som er nærmast, og der eg ikkje først må i bil:-)

 

Bakdelen med denne sola at sjølv eg med mitt dårlege syn, ser at her er støv Og ikkje berre litt støv…

Det aular formeleg…

Tett før eg dreg føre alle gardinene og later som ingenting….

Aldri hatt støv på hjernen men alt med måte..Får jo dårleg samvittigheit for latskapen min

Ikkje kan eg skulde på andre heller for rotet mitt…

Tota lmangel på ordenssans i tillegg til retningssans

Ikkje rart eg bur aleine:-)

Men men..Går no utover kun meg sjølvNo berre nyt eg godveret innimellom jobbøktene:-)

Vaske kan eg gjere når det regnar

#høst

 

 

 

 

 

 

Nytt reiseskjema frå pasientreiser

Frå oktober kom det nye skjema for reiserekning på pasientreiser

Enkelt og greit tenkte eg

Inn og la inn reisa og trykte’

Kva sto der,,,63 kilometer..

Her må antageleg det ha skjedd store forandringar og eindel utbedring og nye snarvegar eg ikkje har fått med meg

No er det ikkje  min feil at eg ikkje bur på den plassen eg har postadressenavnet.Ikkje eg som har bestemmt det.

Og heller ikkje er det min feil at vi endå ikkje har fått vegadresse…

Dei reknar ut etter den folkeregistrerte adressa.Skulle jo tru at då var alt greit..

Men må vere på høg tid at eg får ei gateadresse for dette gidd eg snart ikkje meir:-)

Vi som har berre postnummer og bur langt frå den plassen den signaliserer at vi bur på slit

Ingen plass å forklare det heller

Er minst 20 kilometer lenger ein veg visst eg søkjer frå der eg bur til sjukehuset, kortaste vegen.

Ikkje går her buss.Er visst meininga at alle skal ta buss.Følge får du visst berre om du tek bussen

hadde det gått buss hadde eg ikkje trengt følgje.

Er nemlig på behandling for augene:-)

Akk Ja.

Verden går visst framover.men trur ein bør rekne vegavstandane i Sogn og fjordane etter vegen og ikkje i luftlinje

 

 

Rundt omkring

Det er så vakkert å rusle omkring
På nye plasser å gjere ingenting
Berre å nyte natur og luft
Og kikke litt på ei nye tuft

Trerne lyser i gult og brunt
Og varsler at no kan lue vere sundt
For er litt kaldt i lufta her og ikkje tid for bare knær

Elva er både vill og vakker
Det er som ho for sommaren takker
Gaula er flott og der kryr av laks .For fiskarar er det jo berre maks

Men det som slo alt var himmelen igår
Som følelsane renn og det kjem fram ei tår
Ikkje så ofte eg får med meg det her
For hos meg er det for det meste berre trær
#dikt#høst

By?

For meg har det alltid vore Bergen som er by🤗
Men Førde har jo fått bystatus…
Fortsatt litt rart syns eg.Men no har dei jo fått bompengering.
Skikkeleg mura seg inne
Men faktisk så syns eg Førde er småkoseleg.Vorte veldig fint langs elva.

Kos å vandre rundt i parken.Gjer seg med litt trim når ein sit på reva og kurser seg og et til seint på dag

Var ein koseleg tur å vandre rundt i Førde.Vanlegvis er eg berre innom sykehus eller butikkar😂

småsur på tur

Nydeleg ver  men idag vakna eg litt småsur ,stiv og støl

Tok si tid før eg gadd stå opp

Sol skein og prøvde så godt den kunne å få meg på bedre tankar,men var ikkje heilt der

Men,,,,har ei datter som er a.menneske og når ein då får melding om trimtur i nydeleg ver før fuglane står opp,så smitter det litt….

Tenkte at jaja…Skulle vore ein tur på Einingsfjellet.Det har eg tenkt no lenge…

Dagens gladnyheit

Det er rydda ny veg forbi den verste plassen med søle og klatring:-)Tusen takk:-)Flinke folk …

Drittungt å gå idag.Helseslit.og igrunnen så er det ikkje så langt heller…Men idag syns eg det var veeeldig langt:-)

Men flott å få svette litt og fekk tenkt og snakka mykje med gale Lise,mitt andre jeg, om alle tinga som var inni hovudet

Ikkje berre fine ting som kom fram..Men får no håpe at eg ikkje snakka høgt,for var ikkje aleine som gjekk tur i solskinnet:-)


Er ei ubeskriveleg flott utsikt.Alden er flott i all slags ver

Terapi .Litt kaldare på toppen men den utsikta gjer noko med ein

Vakkert rett og slett.Kjenner at all irritasjonen i kropp og sjel slepp taket.Sånn etter mottoet..Skit i det for eg har det bra:-)

Koselig med benk.Idag brukte eg den kun for å skrive meg inn i turboka:-)

Fantastisk start på dagen når eg kjende etter på toppen,men føltes langt frå fantastisk då eg vakna

Tur for meg er viktig for kropp og sjel.God terapi samt at eg får litt trim…Burde nok verte flinkare til å strekke ut…Må verte neste mål:-)

Ynskjer alle ein super tirsdag:-)

#friluftsliv #trim #tur
 

fantastisk dag;.)

Fantastisk flott helg.Nydeleg haustver.

Sol men litt kaldt.Faktisk på 0 punktet om natta:-)

Har vore ute omtrent i heile dag.Viktig å hanke inn så mykje solstråler ein kan så ein er godt rusta til vinteren:-)

Kjenner iallefall det gjer godt:-)

Starta dagen med kaffi på altanen.Hærleg å sitte ute med pledd rundt seg og ei god bok

Ufo:-)

Ikkje så greit å ta bilde i motsol,Vart igrunnen litt flott alikavel

Rusla meg ein tur i nabolaget .Høstfargane er begynnt å komme fram i naturen

Vakkert.

Mens eg gjekk der og surra fekk eg lyst på ein fjelltur i det vakre haustveret;.)Så heim og på med turhabitten

Vakkert på fjellet no.


Vakkert på toppen av Vardeheia

Får fred i sjela når ein ser langt utover havet:-)

Den norske hest

Mykje vatn i elvane etter regnet og vått å gå

Men kva gjer vel  det.

Går ikkje fort med meg men nyt kvart augenblink,utenom når eg sklir:-)

Heim for å tilbringe resten av den fine høstdagen med familien.

Ingenting kan vel verte bedre enn det.

Kjenner at eg føler meg heldig:-)

Gale lise ein fredag:-)

Plutseleg dukka ho gale Lise opp

Ka e da,har du tenkt å bevege din kropp

Du sit der så avslappa og slakk idag

skulle tru du hadde fått det glade lag

 

Ho er ikkje god når ho først set igang

Av og til toppar ho det heile med ein sang

Men eg tenkte at her var det no jammen best

å slenge på seg regnkleda før ho tok ein fest

No er eg jo ingen fotomodell

men det får no gå for snart er det kveld

Ein smule trøtt må eg sei eg er

men hjelp så lite med ho gale Lise her

Vart ikkje fjelltur det orkar ikkje eg

men ein tur utpå utsikten etter ein veg

Er slett ikkje verst å luffe omkring

og igrunnen ikkje gjere nokon verdens ting

 

Var hærleg å gå sjølv om det regna litt

det kom berre av og til og ikkje så titt

Gjorde godt å røre min trøtte kropp

Sjølv om her er flatt og ingen topp

I dag er det litt for rusket å leggja utpå

For pyser som meg er det meir enn nok å sjå

På bølger som kruser seg innover fjord

Igrunnen bra at ingen er ombord:-)

 

#dikt

Ruskever

Sit her inne å håper å at det skal lette litt ute slik at eg kan få gå meg ein tur ut i frisk luft

Imens får eg sjå på bilda eg tok onsdag før det skikkeleg sette inn med vind og regn

Høsten er igrunnen utruleg vakker

Berre ikkje den regnar og bles heilt vekk.

Viktig å nyte naturen rundt oss.

Har ingenting imot ein tur i regn,heller ikkje i vind,men begge deler samtidig og i store mengder vert i meste laget syns eg.Utriveleg:-)

Så får no håpe at ein av delane roar seg litt i løpet av dagen.Ut må eg uansett kjenner eg skal eg ikkje mygle heilt vekk:-)

Så til den tid får eg heller strikke litt,lese litt krim og kose meg inne

Men treng litt frisk luft i løpet av dagen:-)

Trur det må ei gale Lise til idag skal eg komme meg ut,og ho har ikkje dukka opp endå. Er håp ..for sola prøver å stikke igjennom eit minutt eller to før regnet høljar ned att i store mengder:-)

Så får vente på gale Lise:-)Ho søv nok….

God helg

Hjelpe meg for eit ver det er ute

Det regnar og bles og knakar i mi rute

På sjøen går det aldeles kvitt

Håpar det løyar om berre litt

 

Skulle igrunnen ha lagt meg no

Men er jo greit å berre sitte sånn litt i ro

Må først få roa ned kroppen min

slik at eg vert trøtt i kropp og sinn

 

Det er jo helg og eg har fri

Det betyr at eg har veldig god tid

Så sove det kan eg jo seinare idag

Kva skal eg anna ein styggeversdag;-)

 

#dikt

slumredag

Enkelte dagar passer det godt å ha nattevakt og sovedag.

Slik dag idag.Har ikkje gått glipp av nokon ting og den beste plassen på slike blåsvekk og regndager er faktisk under dyna:-)

Lurte ei stund på om eg skulle gått meg ein tur men frister ikkje ,så har ombestemmt meg

Sit heller i sofakroken med teppe,kaffikoppen og strikketøyet

Har anskaffa meg tråd til nytt teppe.

Sytalaust.Treng ikkje tenkje:-)