Hadde vore på møte igårkveld. Surra rundt litt og tenkte.Kor er mobilen? Er nok i bilen.. Regna trollkjerringa ,så svippa på meg sandalane og ut i full fart.. I det eg steig frå trappetrinnet og på flisene skar høgrefoten ut..og med ein skru landa gamla med full tyngde på rompa…
Var rett og slett kjempevondt og opp klarde eg ikkje å komme meg.. Prøvde rope om hjelp.. Ingolf kom som ei kule han.. Men lite han kunne gjere. Men god på trøst og støtte,det skal han ha..
Vart våt,og tenkte at her kan eg no ikkje ligge.. Klarde å dra meg inn i gangen.. Ingolf var med.. Å varsle besøket i kjellaren,som høyrer litt tungt og såg tv med god lyd det var ikkje nett enkelt.. Fekk no til slutt hjelp inn på sofaen.. Flaks at eg ikkje var aleine.. Prøvde ringe legevakta men dei hadde nok det travelt eller var svoltne.. 113 ringde eg ikkje..
Var telefonen i bilenlangt ifrå.. Forbaska unødvendig..
Trur eg har vridd høgresida frå storetåa og opp.. Ribbeina på høgre gjer meir og meir vondt og korsryggen verker somn p… Her må ein ha puter overalt den personlege assistenten er på plass..
Hjelpe meg kor det høljer ned Idag vil eg berre vere inne i fred Noas ark er like om hjørne Det trur eg til å med katten skjønne
Virkeleg samla seg til krig dette regnet Hadde det no endå vaska vekk hagejevel og bregne men det einaste som fer her er vegen min Den er vorten eit krater uten trinn
No må eg snart ut for å få ned søppelduken Hadde den no endå vore temmeleg slunken Då kunne den fint stått ei veke til Men den lukter alt frå markrell til sild
Det gode med regnet er fulle magasin Slik av vi har nok strøm til folk og svin Lys og strøm må vi ha så la vatnet komme Så får eg vente med å gå ut til alt er omme
Alle arbeidsplasser har ting som kan bli bedre. Ting vi irriterer oss over. Men ingen er feilfrie. Ikkje eg heller,utruleg nok. Så visst vi alle går i oss sjølv,gjer litt for å bidra til god stemning,så hjelper det på. Humor er viktig.. Seier eg som kan vere hissig som eit lemmen og sikkert av og til burde roa ned😄 Kjenner at eg er litt der fortida,men tek meg ein alvorsprat med meg sjølv stadig vekk.. Forbedringspotensialet mitt er i det minste stort..
Det gjeld på dei fleste plan. Så igår var eg inne hos naboen og søkte hageinsperasjon.
Hos meg kom det opp kun to gule tulipaner.. Og eg har hagejevel til heile kommunen visst nokon treng i salaten.
No har eg berre dundrane hovudverk.. Skal prøve frisk luft som medisin om litt. Regnklær og er eg redd..
Går nok over.. Korona er no avløyst av apekopper.. Kva blir det neste..
Har krølla eg godt opp i sofaen meg boka mi. Vart plutseleg litt kald og sur vind ute.. Får prøve halde meg vaken eitpar timar til
Vart ikkje fjelltur idag heller.. I det minste dratt over golva. Finn ikkje heilt denne fjelltrimknappen. Men håpet er lysegrønnt. Fint når eg endeleg kjem meg ut.. .men frykteleg høg dørstokk..
Sola skin og eg venter litt med å slenge meg nedpå.Litt må eg nok sove etter natt,men skal på sein i morra,så må snu døgnet på rett kjøl att.. Men venter litt Nydeleg ute.Nesten så eg vurderer å gå meg ein tur mens regnet fortsatt held avstand. Kanskje eg skal sjekke vermeldinga,men såg nokre skumle skyer uti havet
Her er det sjokolade og kaffi til frukost. Heilt på jordet,men steikje godt Var liksom det eg hadde lyst på sånn på morgonkvisten
Har til og med laga til panna med fårikål…Det fekk eg og lyst på…Sånn utpå dagen Godt kva som er gjordt
Klar samanheng mellom stor gjeld og psykisk helse seier dei på tv Treng ikkje vere lege eller forskar for å dra den konklusjonen.Er vel ein normal ting at det slit visst ein går nedenom gjeldsmessig Når skulda blir så stor at du ikkje klarer å betjene den
Ond sirkel som mange er i
Men kanskje eg no skal gjere som Ingolf.Gå meg ein tur i nabolaget:-) Ha ein super fredag
Her sit eg og gjesper og koser meg med kaffikoppen Ute har skyene atter tatt plass Godt overstått 17 mai. Kosa meg på jobb og stoppa på veg heim på grendahuset og kjøpte meg rømmegraut og kaffi.
Utruleg med flotte kaker.. Avslutta med rusletur i godveret.
Skal nok ta rusletur idsg og men redd t-skjorta vert bytta ut med regnklær
17 mai. Snart jobb Kom meg på tur igår..Var hærlig og lurer på kvifor eg går så sjelden Her har Fjellturappen sitt pubkt for kor Vardeheia er. Her er Ut og vi andre sin normale varde for same plass.. Må sei eg vart ein smule frustrert når eg sto her og ville logge inn på fjellturappen og drr sto eg var 222 meter ifrå.. Fann ut av det,men fekk blodtrykket opp. Nydelig dag igår og idag er det endå flottare
Blir nok ein fin 17 mai for dei fleste.. Litt synd på dei i nord som har det vel kaldt.. Iår er vi heldige .
Ingolf her…. Må berre få ut litt frustrasjon etter ein heller slitsom dag..
Starta i ro og mak.. Gamla hadde stått opp med rett fot først. Veret var bra og eg jobba no i hagen.. Etter ei stund så fekk gamla på seg at ho ville på fjellet.. Eg heiv meg rundt og la meg etter inn til naboen.
Der er det nemlig komme ei bykattefrøken på 6 mnd.. Trur ho eig verden.. Der tek ho feil.. Så eg ga ho ein saftig øyrefik.. Der vart det eit rabalder. Hylte og skreik.. Kutt hadde ho fått. Kva gjer de meg.. Eg gjekk heim.. Langt om lenge dukka ei rasande gamla opp og sa at slik oppførsel ville ho ha seg fråbedt.. Eg og..Kven trur ho ho er..
Jaja..Gamla starta plenklipparen og eg fortsette hagearbeidet.. Nemlig komme veldig mykje ugras i molda til spetakkelet.. Så eg renska..på harde livet.. Ka gir de meg.. Plutseleg kom det..Iiiiiingooolf… Eg er ikkje døv.. Kva gjer du med gullrøttene? Gullrøtter?veit vel korleis ei gulrot ser ut.. Visst dette er gullrøtter då veit ikkje eg.. Briller er tingen,tenkjer eg.. Jaja når ein ikkje ser forskjel på ugras og gulrøtter må ein passast på.. Mens vi gjekk der og rydda stivna eg til..Noko bevega seg inni rusket Tok eit firsprang framfor gamla.Heiv ut poten og slengde inntrengaren opp i lufta.. Ormunge,skreik gamla og slo etter den med ein pinne.. Pass deg Ingolf.. Herrejemeni.. Har ein orm nokonsinne tatt notis av ein pinne.. Ho skaffa meg berre meir arbeid.. Så mens ho etter ho trudde ormen var vekke, fortsette med jobbinga sat eg vakt.. Og eg fekk den…Slengde den rundt ganger fleire.. Då fekk eg endelig litt skryt.. Lurer på korleis ho har klart seg før eg kom inn i livet hennar.. No er eg utslått
Berre å nyte. Fridag før arbeidshelg idag.. Litt tidleg,men har gjordt at eg har fått ei ekstra lang frihelg. Årsturnusen er litt slik. Så her må det nytast. Meldt flott imorra og,men då jobber eg. Idag får eg prøve å trasse dørstokkmila å gå på fjellet. Tenkte ta det som ligg bak huset.. Ei skam igrunnen men ikkje vore der på minst eit halvt år.. Har ikkje lyst å treffe orm,slit i motbakka,det er sørpe vått i marka..osb.
No er fordelen med å gå aleine at ingen må vente og eg kan bruke mi tid Liker meg på fjellet..Er berre denne oppstiginga… Men eg har ein plan..