Rekreasjon

Godt med slike søndaga

Nyte freden ved sjøen mens ein venter på fisk til middag
Stekt lyr på ønskelista.
Lenge sidan sist.

Nyte ein kopp kaffi og måseskrik..
Kan det siste nytast???

Fleire som vil ha fisk..

Stekt lyr er altfor godt..
Så no ligg vi strekk ut både eg og Ingolf..
ikkje hjelp i med rusletur når eg foret meg etterpå..
Men sånn er det.
Mord og mysterier frå sofakroken..
Trur eg må vere litt meir aktiv imorra..

Bortkasta tid?

Igår så benka eg meg ned og såg melodi grand prix…
Og det tok altso tid..Lang tid
Mange fine stemmer,ikkje for det,men er igrunnen ikkje så mange av dei låtane eg har lyst å høyre fleire ganger

For meg er liksom det litt viktig
Kvifor sit eg og ser på eit musikkprogram med musikk eg syns er sånn passe?
Ein kan jo lure
Sikkert vore bedre å sett ein film eller noko
Sverige sin låt fekk eg inntrykk av at eg hadde høyrt før.
Ødela liksom låten litt for meg

Likte dei som kom lenger nede på lista eg .og syns Tyskland sin låt var fin..Den kom sist.
Må vere noko gale med musikksmaken antageleg
Er vel igrunnen ikkje så glad i slike typiske grandprixsanger,sjølv om det var mange fine stemmer:-)

Men no har eg no sett den..Kjem nok til å gjere det fleire år,sjølv om det ikkje gir noko meinng:-)

Sove lenge og nyt kaffikoppen.
Ute er det litt grått og duskregn.
Passer meg ypperlig sånn på morgonkvisten

Viktig å få ein god start på dagen:-)
Ha ein super søndag

Lykka er..

Å kose meg ute med forsøk på potetsetting og utplanting av gullrøtter..
Om dei overlever..kven veit😃
Rusle meg ein tur i nærområdet og puste djupt inn og føle på freden og roa i kropp og sjel.

Nyte litt utekvalitetstid med familien.

Ingolf sitt første møte med byfrøkena..
Rusle heimatt med bestevennen
Litt pause må til

Nokon er sprekare enn andre..
Men no er vi klar for tvkveld.
Iallefall eg.
Krølle meg inn i teppet.
Hekle litt og berre slappe av..
God lørdagskveld

Jippi:-)

Har faktisk sove så nokonlunde bra inatt..
Til og med opplett mellom dei store bygene ute..
Vel og merke har eg lege i senga vel lenge….Men kva skal eg oppe å gjere så tidleg
Burde nok ta litt husarbeid ser eg,men no er eg ikkje så glad i det at eg står opp tidleg av den grunn:-)

Ingolf har våga seg utom døra..Eg drikk kaffi..
Kjenner meg litt bedre enn i går,og det er ein god start.Venter ikkje noko under..

Kanskje eg til og med orker å gå ein tur..Kven veit..

Av og til er det godt berre å ta dagen som den kjem,uten dei store planane..
Slepp iallefall å bli stressa av det ein ikkje rekk.
Merkar at eg ikkje er 20 lenger.Ikkje 50 heller for den sags skuld.
Kroppen er stivare og verker meir og alt går seinare enn før.Ikkje er det så enkelt heller..
Men,det meste går,det berre tek litt lenger tid..

Ha ein super lørdag.

Slakk i kropp og vilje

Passer litt til fredag den 13.

Idag er dette beste stillinga.
Ingolf har vil ikkje ut i regnet dag

Har min fulle forståelse for idag har det bøtta ned.
Noas ark trur eg burde vore i beredskap

Syns verda vert meir og meir utrygg
Skummelt.
Får klump i magen ved tanken.
God helg her frå sofaen.
Eg kjem sterkare tilbake

.

Godt å lande

Godt med avslapping og fred i stova.
Berre nyte roa,sjå på sommerhytta,mens eg prøver komme framover i hekleprosjektet
Inntulla i teppe så klart..ingolf har pels så han ligg på sitt..
Kjenner det er godt det er fredag imorra.
Fredag den 13…går nok bra får vi tru..

Rett og slett sliten…
Ser på tv og tenkjer at…alt blir dyrare…
Men renta har vore lav i mange år..
Bil må eg ha…Her går ikkje kollektiv trafikk.
Spent på kva vi får i lønnsøkning..
Kanskje det er på tide at vi skrur ned forbruket,men mat må vi ha..

Kan bli spennande..
Imens hekler eg vidare..

Av og til er det greit å gjere ingenting:-)

Er ikkje heilt i form fortida,og aner ikkje kvifor.
Det meste er tungt og som Ingolfeen seier…Lunte det har eg ikkje
Har no vore snarsint heile livet,men no tek det litt av til tider.
Mulig det er alderen og det kun er filteret som er vekke…
Og det er ikkje så smart,for å sei det slik.
Av og til kan ein la vere å sei kva ein tenkjer:-)Og eg tenkjer mykje.Meir enn eg snakker,og det seier sitt…Snakker til tider på inn og utpust…

I dag har eg ikkje gjordt nokonting,og det har vore heilt topp
Berre sosa rundt

Mildt og fint og snart regn:-)

Surra rundt i joggebukse og genser.
Fundert på å gjere litt ute,men planlegginga tok litt lang tid

Så no har vi prioritert litt kvalitetstid vi to.

Kor mange år eg bruker på dette prosjektet er litt uvisst,men er for det meste for å få tankane over på noko anna …Tek på å telje så då kan eg ikkje gjere anna.
Så smått starta på medisinkurset eg må ta og oppdaga litt sviktande kunnskaper …skal ikkje vere enkelt
Tok ein pause,for hovudet var ikkje heilt på plass,og det bør det helst…
Trur alle har det bedre visst eg slapper av litt:-)

Sinnemestring

Ingolfen her..

Som de ser så er eg heilt utsleten.
Gamla er fortida som ei tikkande bombe..
Kan forsyne meg knapt vifte med halen før det utløyse eit fryktelig raseri..
Med kva rett,spør eg meg.
Normalt er det iallefall ikkje..
Er eg ute,so er det gale..
Ligg eg i sofaen eller på bordet og nyt tilverelsen,så er jo det gale..
Skjønner ingenting eg..
Trur ho bør flytte i skogen og vere der nokre veker..
Null kontroll..
Når eg bekymra vil vere med ho på langtur og glad og lykkeleg sprinter av gårde..ja kva skjer?.vi snur…
Hallo..
No er eg og irritert..
Frua treng absolutt sinnemestringskurs…

Brrrrr…


Frosne ruter og 8 mai..
Snufser og ynskjer meg varme…
Rett og slett kaldt.
Trøtt og smågretten på morningen.
Sånn går det når søvnen ikkje vil komme og ein ser dansk film til langt på natt..
Filmen vat god den.
Sola kjem,så blir nok ein fin søndag i vest..
Her må det litt meir kaffi til,kjenner eg..

God morgen😃

Gjesp og kaffi her på ein lørdagsmorning.
Går heller litt tregt med vakninga
I det minste har regnet tatt pause..
Men altso…vil gjerne ha litt varme..

Jobbehelg..men seinvakt..idag..

Har no i det minste vore til frisør denne veka.
Såg ut som eit takras.
Ikkje for det..minner fortsatt om eit,men håret vart bra..
Vore sånn veke der alt berre surrer og går.
Humøret aukar nok med litt varme.
Kanskje eg skal gjere som Ingolf.
Gå ut ein tur å sondere terrenget.

Funne meg eit nytt hekleprosjekt.
Om ikkje anna trur eg at eg har klart å telje meg fram til rett antall ruter..
Vil vise seg når mønsteret starter..
Har jobb ei stund..
Framdrifta er laber..

God lørdag