Har faktisk sove så nokonlunde bra inatt..
Til og med opplett mellom dei store bygene ute..
Vel og merke har eg lege i senga vel lenge….Men kva skal eg oppe å gjere så tidleg
Burde nok ta litt husarbeid ser eg,men no er eg ikkje så glad i det at eg står opp tidleg av den grunn:-)
Ingolf har våga seg utom døra..Eg drikk kaffi..
Kjenner meg litt bedre enn i går,og det er ein god start.Venter ikkje noko under..
Kanskje eg til og med orker å gå ein tur..Kven veit..
Av og til er det godt berre å ta dagen som den kjem,uten dei store planane..
Slepp iallefall å bli stressa av det ein ikkje rekk.
Merkar at eg ikkje er 20 lenger.Ikkje 50 heller for den sags skuld.
Kroppen er stivare og verker meir og alt går seinare enn før.Ikkje er det så enkelt heller..
Men,det meste går,det berre tek litt lenger tid..
Ha ein super lørdag.