Med livet som innsats

Ingolf her….
Må berre få ut litt frustrasjon etter ein heller slitsom dag..

Starta i ro og mak..
Gamla hadde stått opp med rett fot først.
Veret var bra og eg jobba no i hagen..
Etter ei stund så fekk gamla på seg at ho ville på fjellet..
Eg heiv meg rundt og la meg etter inn til naboen.

Der er det nemlig komme ei bykattefrøken på 6 mnd..
Trur ho eig verden..
Der tek ho feil..
Så eg ga ho ein saftig øyrefik..
Der vart det eit rabalder.
Hylte og skreik..
Kutt hadde ho fått.
Kva gjer de meg..
Eg gjekk heim..
Langt om lenge dukka ei rasande gamla opp og sa at slik oppførsel ville ho ha seg fråbedt..
Eg og..Kven trur ho ho er..

Jaja..Gamla starta plenklipparen og eg fortsette hagearbeidet..
Nemlig komme veldig mykje ugras i molda til spetakkelet..
Så eg renska..på harde livet..
Ka gir de meg..
Plutseleg kom det..Iiiiiingooolf…
Eg er ikkje døv..
Kva gjer du med gullrøttene?
Gullrøtter?veit vel korleis ei gulrot ser ut..
Visst dette er gullrøtter då veit ikkje eg..
Briller er tingen,tenkjer eg..
Jaja når ein ikkje ser forskjel på ugras og gulrøtter må ein passast på..
Mens vi gjekk der og rydda stivna eg til..Noko bevega seg inni rusket
Tok eit firsprang framfor gamla.Heiv ut poten og slengde inntrengaren opp i lufta..
Ormunge,skreik gamla og slo etter den med ein pinne..
Pass deg Ingolf..
Herrejemeni..
Har ein orm nokonsinne tatt notis av ein pinne..
Ho skaffa meg berre meir arbeid..
Så mens ho etter ho trudde ormen var vekke, fortsette med jobbinga sat eg vakt..
Og eg fekk den…Slengde den rundt ganger fleire..
Då fekk eg endelig litt skryt..
Lurer på korleis ho har klart seg før eg kom inn i livet hennar..
No er eg utslått

2 kommentarer
    1. Hjelpes meg! Høres ut som hjertet ditt har fått prøvd seg i dag. Ormer liker jeg ikke og heldigvis har jeg aldri sett en her hos oss.😯
      Ønsker deg en fin feiring i morgen.🇳🇴🎂

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg