Ugras eller blomster?


Sol❤❤❤❤vind og klætørke..
Hagen min er ein blanding av blomster og ugras.
Eg må innrømme at før det kjem blomster på så aner eg ikkje kva som er kva..
Så eg let det gro villt.
Men kan navnet på hagedjevelen.Skvalderkål høyres bedre ut igrunnen.


Nydelig men bør kanskje få større potte..
Sove lite og går her i halvsvime.

Har lova naboane middag.
Tek det enkelt.
Er det eg kan..Best på å ete😁

Sånn er no livet


Burde nok sove,men her sit eg.
I pysj og inntylla i koseteppe
Mitt mellom to nattevakter.
Lager meg litt tidleg middag og håper at det gjer susen.
Fisk brukar å gjere meg trøtt.

Endelig fekk det lokale fagforbundet avvikle fysisk årsmøte.

Koselig og nydelig mat på Hotell Sognefjord
Kongebesøk har vi og hatt og det i det fælaste veret vi har hatt på månadsvis.
Skikkeleg ruskever.
Kommunen vert no satt på kartet om ikkje anna.
Er ein fin kommune for dei som likar å bu i distrikta

Men her sit eg.
Trøtt og snufsete og venter på middagen.
Deretter skal eg legge meg under dyna og bli der så lenge eg kan..

Ha ein fin torsdag

Rett og slett ufyselig

Veret altso.
Har ikkje vore utom ei dør.
Ikkje fått sove heller,men har no slappa av.

Men fått ferdig gardinkappen.No heng den til tørk.

Eletrikaren har vore her og fått på plass ekstra stikkontakter.
Sånn er det når ein har berre ei celle som sviv og ikkje tenkte sist han var her.
Men no er det fiksa.
Så visst no rørleggjaren dukker opp etter årelang venting..Då er det meste på stell.
Jada..eg har purra på..
Snart jobb og husbytte..
Ikkje utever iallefall

Skulle vore eit fjell

Støtt og solid.
Stå støtt sjølv om det gjekk ei kule varmt
Tole ein storm i ny og ned
Vere like uberørt sjølv om folk trakka på med,steig hardt,banka litt eller berre tok varleg på meg.

Sjølv eit fjell kan sprekke eller gå sundt,men skal mykje til.

Istaden er eg meir ein svamp
Som tek til meg både regn og ruskever.
Som vert overfyllt av alt og ingenting.
Som vert tung og makteslaus.
Med åra litt småsliten og burde vore kasta,men vrir av meg det tunge og kjenner meg lett att.
Klar til å vaske fjellet .Før eg fylles påny
Men i motsetning til fjellet vert svampen slitt og tufsete og må erstattas av ein ny.

Vore ein mellomting hadde nok vore det beste
Stå støtt som eit fjell men mjuk som ein svamp.
Ha evnen til å stå støtt ,og la regnet prelle av,men og la noko sleppe inn slik at ein ikkje berre overlet alt vatnet til svampen.

Tankespinn

Tankane vandrer kvilelaust rundt
Søvnen får ikkje plass i alt som foregår i hjernen
Følelsen av at no vert eg snart heilt sprø
Auger som er tunge.men som kun får kvile i minutter av gangen

Kjenner meg sliten,men får ikkje den indre roa som gjer at søvnen får overtaket
Høyrer på eit volsomt regnver gjennom natta.
Har stått opp
Klokkka er fem og kan likegodt nyte sommarnatta sine lyse sider.
Trur eg kan finne meg eit knekkebrød og ein kopp kaffi
Prøve finne roen med normale koselege tankar og få vekk natta sitt kaos

Håper eg vert like våken når morgondagen kjem og eg skal jobbe natt
Men då er det vel stor sjangse for at hjernen seier,,,
Det er natt,så du må sove:-)

Ha ein super tirsdag
Det skal eg og sjølv om eg nok vert veldig trøtt:-)

Ingenting nytt er godt nytt

Heilt vanleg dag her hos gamlemor:-)
Lata meg på føremiddagen og så seinvakt.
Litt godt av og til.
Berre få lov å la kroppen få vakne i fred og ro.
Alle ledd og lemmer får lov å vakne før eg må gjere noko som helst

Hadde meg ein liten regnverstur før jobb.
Lufta hjernecella ein smule.
Godt å kjenne regnet piske mot ansiktet og føle ein lever.
Men syns vi kan få litt opphald innimellom bygene:-)Er nok regn no

Koselig vakt på jobb.
Må berre sitte litt og fundere over livet før eg går til sengs.
Imorra er det dagvakt.
Treng litt tid å roe ned og slappe av før eg får sove.
Lys våken:-)
Kanskje eg skal hekle nokre omganger på den evigvarande gardinkappen slik at eg iallefall får lyst å legge med:-)
Eller kanskje eg berre vert sur av heile greia

Sov godt:-)

Søndag

Når ein trur ein er ferdig med gardina og oppdager..
Ein feil som gjer at eg må rekke opp ein heil mønsterrapport..15 sure centimeter.
Ingen fare for å verte arbeidsledig

Veit ikkje kva det er,men er veldig trøtt idag..
Sove til og med..
Lurer på om det var sovemiddel i grønnsakene😎 Har laga meg lys lapskaus

Har no fått satt på plass alt ute og rydda etter gårsdagen.
Var akkuratt like mykje mygg idag

Utsett turen i ettermiddag ..bles sånn i tillegg til regnet.
Har det veldig flott inne

Dagen derpå

Nei då..er ikkje i bakrus
Men ryggen kjennes av, og alt er liksom stivna til..
Timane med høgtrykkspylaren har satt sine spor.
Går over og er verdt det.
Har grytt på med voltarenkrem og smertestillande.Skal ikkje stå på hjelpa😁

Landa i sofaen med kaffikoppen og høyrer på helgemorgen på NRK.
Nyheiter..
Samtidig tek eg ei runde på plattformene på nettet..
Fått egg på kok.
Nyte søndagsfrukost tenkte eg.
Ute regner det, så kan bli her med god samvittigheit.
Ryddinga ute får vente til eg orkar.
Ha ein super søndag
Carpe diem

Fleire tusen myggstikk

Måtte gi tapt..
Trur eg har tusen myggstikk rundt augene..
Der hadde eg ikkje myggspray..
Har stikk overalt i ansiktet.Klør som fy
Burde brukt myggnetting..
Kva eg har jobba med?
Rundt halve huset.På høg tid og var skittent som fy..
Gjekk sånn nokonlunde til eg starta på trappa..Der hadde myggen fest
No sto den som ein vegg.
Var ihelsvolten.
Eg stakk avtil slutt.

Kom seg

Koseleg jobb i regnveret..
Men ikkje når knotten vert galen.
Resten får vente.

Eg går ikkje ut.
Fått dusja av meg myggen

Nok jobb for idag
No er det tid for kos