Skulle vore eit fjell

Støtt og solid.
Stå støtt sjølv om det gjekk ei kule varmt
Tole ein storm i ny og ned
Vere like uberørt sjølv om folk trakka på med,steig hardt,banka litt eller berre tok varleg på meg.

Sjølv eit fjell kan sprekke eller gå sundt,men skal mykje til.

Istaden er eg meir ein svamp
Som tek til meg både regn og ruskever.
Som vert overfyllt av alt og ingenting.
Som vert tung og makteslaus.
Med åra litt småsliten og burde vore kasta,men vrir av meg det tunge og kjenner meg lett att.
Klar til å vaske fjellet .Før eg fylles påny
Men i motsetning til fjellet vert svampen slitt og tufsete og må erstattas av ein ny.

Vore ein mellomting hadde nok vore det beste
Stå støtt som eit fjell men mjuk som ein svamp.
Ha evnen til å stå støtt ,og la regnet prelle av,men og la noko sleppe inn slik at ein ikkje berre overlet alt vatnet til svampen.

4 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg