Redd dette kan ta på ein gammal skrott
Handball er ikkje for pyser.
Heller ikkje frå sofakroken😣
Vi ligg under …uffameg
Kan verte vel spennande
Men eg er med..yes❤der er det 2-2
Tviheld meg i strikketøyet
Skal ikkje stå på meg❤
Her går det meste på skeiva:-)
Fridag og hadde store planar om alt eg skulle gjere..
Og kva har eg gjordt…Null og niks!!
Om mulig er her meir rotete enn før
Men når eg søv til 11.30 så kan eg vel ikkje forvente stort anna
Var så trøtt og fortumla at eg starta med ein luftetur
Den gjorde no om ikkje anna godt
Fann ut at eg fekk bake desse nøttekakene eg hadde tenkt
No balte eg litt med dei men var gode som de ser…
Har ikkje ete ein heil boks ,men vart litt for mange
Sidan eg trykte dei i meg etter ein durabeleg middag, så seier det seg sjølv at vekta går den vegen høna sparkar
No pakkar eg inn julegaver
Kjekk syssel, men likar best å bruke golvet
Helsikens slit å komme seg oppatt
Trur kanskje eg er i litt dårleg form😊
No har eg tatt meg ein pause
Kan jo ikkje slite meg ut😊
Litt småpakkar må ein jo og ha syns eg
No skal eg sjå litt skiskyting frå golvet.
Litt kos det og til arbeidet.
Får ta julevasket og pyntinga imorra.
Trur eg bør stille vekkerklokka
#ironi#humor
Mus i hus
Her er tilstander..Fått mus i hus og det i stova og rundtom
Får inderleg håpe det kun er ei men får sterke assiasjoner til musevisa
Dukka plutseleg opp tirsdagskvelden etter at eg ganske segen etter seinvakt. hadde ramla ned i sofaen
Der spaserte ho freidig forbi og ut på kjøkkenet med eit lite sideblikk til meg
God og rund må vite, og oppførde seg som det var ho som var husfrua
No gjekk ikkje besøket heilt stille for seg..Eg vart temmeleg høglytt
Då eg litt forsiktig kikka ut på kjøkkenet sat musemor freidig på baken og vaska seg.Verdiga meg knapt eit blikk før eg igjenn vart høglytt
Då var det kjapt under kjøleskapet..
Slik dreiv vi på ei stund
Musa vann
No har eg satt opp feller…
Men musa har lært sangen
Viss ingen går i fella men passer seg for den..skal allesammen snart få feire jul igjenn
Men maten eg legg i fella klarer ho på ein mirakuløs måte få fat i…
Rolf.
Eg sakner Rolf.Min kjekke kompis som forsvann i vår.Var sambuaren min i 14 år og desse musene var liksom hans greie..var musefritt😁
Rolf var for oppklaring katt og det med stor K.
Litt av ein type så hadde ikkje tenkt erstatte han..Men trur nok eg må få ny katt..
Musejakt er ikkje mi greie
Ikkje så enkelt å erstatte ein venn som Rolf heller.Vi var ikkje alltid venner og han syns eg var gal..Noko han nok har rett i .Men skal eg ha katt igjenn så må han nok vere litt som han her
#humor
Lei men godt fornøgd
I dag har eg tatt meg sjølv i øyrene og baka litt.igrunnen so anser eg meg som ferdig…dvs må lage mandelflarn eller stenger….det siste vert aldri stenger når eg prøve
Sov lenge idag…litt for lenge igrunn…
Men gjorde nok godt…
Måtte ha meg ein rusletur ut i frisk luft før eg i det heile vakna😀
Sånn litt typisk meg
Men har då fått bakt litt.
Kromkaker riflekjeks og kakemenn😀
Men no kjenner eg at eg igrunnen er møka lei.Tok si tid
Oppryddinga gjenstår😁
Men først litt pause..
Kom på at eg må få bossdunken ned til vegen og kanskje eg burde sjekke postkassa…
Gjer sikkert godt med frisk luft
Kanskje eg skal skrive litt julekort ikveld..
Mulig det er litt umoderne men eg likar å sende og få😀
Kanskje litt meir enn god jul og så handskreve…er liksom meir personleg
Til å med huksa å kjøpe frimerke..Nesten så eg vert imponert av meg sjølv
Beina høgt
Jobbehelg🍀Travelt men kjekt
Har og vore på basar etter jobb.
Koseleg.
Til inntekt for grendalaget her
Ikkje berre berre å vere eigar av eit gammalt skulehus
No må vi ha nytt toalett og dusj.Ikkje minst treng vi varmepumpe …
I dag gjekk det an…vart ikkje ihelfrosen.
Noko er og gale med vassledningane
Så her treng vi peng
Berre å brette opp armane…ikkje det at vi er so mange
Var kos å springe rundt med gevinstar…for det gjekk unna må vite😀her er vi kjappe.
Vann gjorde eg og❤
Vannflaske
Slik hadde eg ikkje så vel fornøgd…
Ikkje så ofte eg vinn
Laga meg middag etter eg kom att
Fint folk et seint
Men eg et formykje😀
Fått god fyr i ovnen for det vart plutseleg minusgrader..og det etter 8 pluss før idag..småskummelt på våte vegar..vert veldig glatt
Men eg skal ikkje ut meir idag hadde eg tenkt.
Kveikt adventslysa og krope godt opp i sofaen med beina høgt
Snart handball😚
Gjeld å finne gleda i dei små ting
Telefonsalg…..:-)
Hadde liksom store planar om at idag…jau då skulle eg få gjordt noko før eg starta på seinvakta
Planla godt..Sette klokka på ringing 08 og 08.30.
Det tenkte eg var iallefall maks det eg trengde sove og burde sove…
men…strekte armen ut og slo av eg…Har jo seinvakt:-)
Klokka ni ringde ein seljar…Normalt så brukar eg berre la vere å ta telefonen når eg ser dette nummeret,men idag tenkte eg..
Eg tar den.:-)
Hallo,sånn passeleg surt
Blid og kjekk mann i den andre enden
Har eit fantastisk tilbud til deg eg..Likar du å hekle og strikke?
Eg…Nei!kort og kontant
Vart heilt stillt.Han har sikkert aldri trefft på ei dame i min alder som verken likar strikking eller hekling
Så kom det…Eg tenkte eg skulle glede deg eg men no kan eg desverre ikkje det.Ha ein fin dag:-)
Likte måten han tok seg inn på.
No likar eg igrunnen både strikking og hekling i små former,men har ikkje lyst på” alt om handarbeide.”og reknar med det var det han ville selje til meg:-)
Ikkje greit med halvsure gamle kjerringar som attpåtil er morgongretne og ikkje bør tilsnakkast før det minst har gått 1 time etter vekking:-)..
Kom meg no opp og inn på badet.Etter å ha fått i meg ein kaffikopp starta eg på planen
Gå tur:-)Den gjekk greit
Men der stoppa det
For vel heime åt eg meg sånn sein frukost eller lunch…og etterpå har eg ikkje letta meg av flekken
Vert ikkje gjordt så mykje skal eg fortsette å denne latskapen
Kanskje eg i det minste kan finne fram nokre gevinstar til basaren søndag.
Har jo arbeidshelg så kan ikkje slite meg ut og planer er til for å endrast:-)
Var no godt denne seljaren ringde ellers er det no godt mulig eg hadde sove til no:-)
Ikkje greit å vere B-menneske og planar er til for å forandrast
Eg er jo fleksibel:-)
#humor#ironi
Hjelpe meg…
No driv eg på med det eg ikkje kan…
Baker..
Lever etter mottoet..Det er smaken som tel..viktig og å passe på at fuglane får mat
Glutenfrie havreflarn😊
Vel skal dei vere brune rundt kanten men..
Raske å lage og litt for raske å steike
Steikte potetmjølvafler til dattera idag.
Ho likar dei best lunka…resten får andre ete litt seinare…
Tenkte bake riflekjeks men no trudde mor mi eg hadde kverna og eg trudde ho hadde fått den att…
Eg finn den ikkje så håper den dukkar opp hos ho..
Ynskjer meg ei slik gammal kvern sjølv…Det hadde vore noko
Det og krumkaker så har eg det😀😀
Mulig eg må lage mandelflarn og…
Peparkaker har dei på butikken😊
Kanskje eg skulle ha baka kakemenn etter gammalt😀😀
Vert aldri fine desse bakverka mine…Men så lenge som dei vert etande så får det gå…litt kjekt og no i adventstida😀passelig syssel i mørke kveldar
Tannlege
Venter på å komme inn
Kjenner tanken på at…nei…likar ikkje dette eg..men må
Tannlegeskrekk er ikkje noko som så lett slepp taket sjølv om tannlegen er både kjekk og grei
Dyrt er det og…Burde vore eigenandel på nødvendig tannbehandling…
Kan tappe økonomien til dei fleste..
Ikkje alle som har like sterke tenner sjølv om ein pusser seg gul og blå
Men inn med meg
Eg e klar
Snart er det handball
Og eg er klar
Veit ikkje heilt kor lang tid det tar
Men eg har benka meg ned i ein stol
Håper at eg har ein god parabol
I bøtter og spann
Det skal altså litt meir enn bøttevis av regn til for å stoppe meg når eg vil ut:-)
Følte meg litt som ein unge i barnehagen der eg stampa meg fram i regnveret i full regnmondur og refleksvest
Tok meg i å trampe litt ekstra i desse store vannpyttane som tek heile vegen
Nyttar ikkje å vase rundt der i joggesko om det er aldri så mykje gorotex
Her må det støvlar til ellers så er det våte bein
Var rett og slett forfriskande og gjorde godt for kropp og sjel
Går ikkje fort men har mi faste stripe:-)Mulig dei som køyrer forbi trur eg er skrullete og dei har rett:-)
Er liksom ekstra godt å komme innatt i hus
No har eg hatt besøk av oslofrøkena litt,:-)Stas
Fått varme i huset og resten av kvelden skal nytast frå sofakroken mens eg deler oppmerksomheita mellom tv og strikketøy:-)
No er det tid for å åpne luke i kallenderen:-)


















