Mus i hus

Her er tilstander..Fått mus i hus og det i stova og rundtom
Får inderleg håpe det kun er ei men får sterke assiasjoner til musevisa
Dukka plutseleg opp tirsdagskvelden etter at eg ganske segen etter seinvakt. hadde ramla ned i sofaen

Der spaserte ho freidig forbi og ut på kjøkkenet med eit lite sideblikk til meg
God og rund må vite, og oppførde seg som det var ho som var husfrua
No gjekk ikkje besøket heilt stille for seg..Eg vart temmeleg høglytt
Då eg litt forsiktig kikka ut på kjøkkenet sat musemor freidig på baken og vaska seg.Verdiga meg knapt eit blikk før eg igjenn vart høglytt
Då var det kjapt under kjøleskapet..
Slik dreiv vi på ei stund
Musa vann
No har eg satt opp feller…
Men musa har lært sangen
Viss ingen går i fella men passer seg for den..skal allesammen snart få feire jul igjenn
Men maten eg legg i fella klarer ho på ein mirakuløs måte få fat i…

Rolf.

 

Eg sakner Rolf.Min kjekke kompis som forsvann i vår.Var sambuaren min i 14 år og desse musene var liksom hans greie..var musefritt😁
Rolf var for oppklaring katt og det med stor K.
Litt av ein type så hadde ikkje tenkt erstatte han..Men trur nok eg må få ny katt..
Musejakt er ikkje mi greie

Ikkje så enkelt å erstatte ein venn som Rolf heller.Vi var ikkje alltid venner og han syns eg var gal..Noko han nok har rett i .Men skal eg ha katt igjenn så må han nok vere litt som han her

#humor

1 kommentar
    1. Isj..så trasig! ja de trekker inn nå disse små musene..søte som fy..jeg liker dem, men liker ikke at de ødelegger og legger fra seg små muselorter..hadde mye mus på den gamle vogna på fjellet..var umulig å få den tett..Håper du klarer å holde musa ute! Lykke til i jakten! 😉

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg